Dag og Tid nr. 9, 2. mars 2000

Leiar:
Radar i kneståande

For to år sia heldt Forsvaret og norske styresmakter eit folkemøte i Vardø der dei skulle orientere om den nye radaren som skulle reisast på staden. Vardøværingane slo seg til ro med forklaringane, og utan større protestar vart radaren Globus II reist så å seia midt i byen. Da var han flytta frå Vandenberg flybase i California.

Radaren skal berre overvake satellittar og romskrot, sa daverande forsvarsminister Dag Jostein Fjærvoll. Han sa det til vardøværingane. Og han sa det til Stortinget 6. mai 1998, da han også forsikra om at radaren ikkje på noko vis var ein del av eit eventuelt amerikansk rakettforsvar. Derimot, sa forsvarsminister Fjærvoll, kjem radaren til å styrkje “Etterretningstjenestens evne til å overvåke vårt interesseområde.”

I ettertid har det vist seg at det var mykje Fjærvoll let vera å seia, og det kan også vise seg at mykje av det han sa, rett og slett var feilinformasjon.

Det som er heilt sikkert, er at USA har planar om eit nytt rakettforsvarssystem. Det går under namnet “National Missile Defense”. Dei amerikanske styresmaktene har ikkje gjort endeleg vedtak om å byggje ut systemet, men skal ein tru ein artikkelserie som har stått i den danske avisa Information, tyder mykje på at det kjem til å skje.

Sikkert er det også at Globus II er bygd opp og testa ut i USA under namnet Have Stare. Den amerikanske forsvarsorganisasjonen BMDO gjekk også inn for Have Stare-radaren som eit viktig element i det planlagde rakettforsvaret, fortalde professor Ted Postol ved Massachusetts Institute of Technology til Bergens Tidende. Han hevdar også at radaren i Vardø kan samle inn førsteklasses data “om russiske atomstridshoder som har svært stor verdi og vil være avgjørende for en vellykket bruk av USAs nasjonale rakettforsvar”.

Det som også er sikkert, skal vi tru den amerikanske forsvarseksperten Allen Thomson, er at Vardø ligg så langt nord at det å plassere ein radar der for å overvake romskrot, er heilt meiningslaust. Dette er nok også heilt sikkert, for forsvarsminister Eldbjørg Løwer har gått vekk frå alle forklaringar om romskrot, og landa på forklaringa om satellittmålingar.

Men det ho ikkje svarer på, er spørsmål om kvifor USA har vore med på å finansiere radaren i Vardø, og ho let naturlegvis vera å kommentere den danske debatten om ein radar på Thule på Grønland som ledd i USAs rakettforsvar.

Med andre ord: Det som til sjuande og sist er sikkert, er at ingenting har endra seg etter femti år med kald krig. Anten statsrådane kjem frå Arbeidarpartiet, Høgre eller sentrumspartia, stiller dei seg gjerne på kne for USA, og det kostar dei lite å bløffe både storting og befolkning for å komma seg ned i kneståande.
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |