Dag og Tid nr. 9, 2. mars 2000

Herbjørn Sørebø:
Kokekunst i forlaga

Forlaga har lagt fram vårlistene sine, og her er mangt å velje i for ein kvar smak, mykje omsett skjønnlitteratur ute frå den store verda som vart rekna for å vere alt for krevjande for massesalet i julehandelen, litteratur for dei kresne, krim og kokebøker. Likevel saknar vi ei bok som samlar både krim og kokekunst, ei kokebok frå POT – det offisielle kodenamnet på Overvakingstenesta i politiet. I den kokeboka kunne ein vente å finne understreka noko som ofte blir gløymt i slike bøker – at det aller viktigaste er å ha råvarer som ikkje har gått ut på dato, ha tankane med seg og passe på at det ikkje kokar over eller at maten blir svidd i gryta. Det skal elles meir til enn kokebøker for å bli ein god kokk. Det er poenget i ei smilesoge på folkemunne. Ein mann hadde gjeve kona ei kokebok til jul, og ei tid etter spurde grannen om resultatet hadde vorte det han venta. – Å, eg tykkjer eg får nett den same grauten, sa han.

Sjølv om det aldri blir nok av krim og kokebøker, er det ei anna grein som blømer mest på den internasjonale bokmarknaden. Det er bøker om leiarskap, eller management, for å bruke det som er trendordet i tida også på norsk. I ei avis for det europeiske næringslivet, sitert i ei anna avis med interesse for næringslivet, blir det rekna opp eit tital bøker om leiarskap som skal komme ut med det første. Den eine boka har den fengjande tittelen Management 21C, og der skal vi få vite kva som er trendane nå. 21C er kodenamnet på det 21. hundreåret. Slike kodenamn på alt slag er ein trend i tida, men det er ein arv frå det førre hundreåret. Y2K vart det snakka om då.

Bodskapen i ei av desse nye bøkene om god leiarskap er at den viktigaste eigenskapen for ein leiar er å kunne drøyme. Det er ingen fleip. Det er ikkje slik å forstå at den gode leiaren skal gå ikring på arbeidsplassen som i ein draum. Han skal ha ein draum om kva han vil oppnå, og når den draumen er oppfylt, skal han arbeide for ein ny draum. I det førre hundreåret kalla vi dette å setje seg eit mål. Det er ikkje nokon ny bodskap i denne boka. Det er berre eit forsøk på å selje gammal visdom med eit nytt ord og tene pengar på det. Ja-ha, seier den resultat-orienterte, kva nytte er det i slikt skriveri? Kor ofte har vi ikkje sett at eit mål berre vart ein draum, sjølv om det vart gjort meir vitskapleg og kalla for målstyring. Språkleg nyskapande er det heller ikkje. Martin Luther King vart myrda for ein draum han tala om.

Fleire av dei nye bøkene om leiarskap som skal komme nå, blir framstilte som vitskap. I 21C skal leiaren kommunisere med dei tilsette på alle nivå. Han skal nå fram til hjartet, kjenslene, sjela hos dei tilsette, men det er gammal kunnskap at ein leiar som er godt likt, får folk til å arbeide betre. Ei bok lovar å lære leiarar korleis dei skal lykkast utan å tape sjela si, og svært viktig er det å setje av tid til å ta seg av ektemake og barn, ein kveld i veka i det minste, så dei kjenner seg omtykte og har det godt, for det gjer leiaren godt også. Dette med å setje av tid til slik avkopling er det mange som har lært av livet utan lærebok. Statsminister Kjell Magne Bondevik har fortalt om det på ein overtydande måte etter at han hadde møtt veggen. Det er berre ikkje så lett for ein stakkars leiar å få det til alltid. Ektefellen sit kanskje i styremøte, og ungane skal ut i pizzaselskap den kvelden det skulle vere familiekos.

Leiarar nå for tida går ofte utan slips, får vi vite. Dei skal vere uformelle og uhøgtidelege. Då blir det så triveleg kring dei, men dei som er optimistiske av natur, skal passe seg. Dei kan komme i skade for å tru på seg sjølve. Det kan vere farleg, men korleis går det med leiarar som brukar slips, og dei som ikkje trur på seg sjølve? Det blir nok kokt i hop bøker om det også. Og nye kokebøker. Kokebøker. Kokebøker.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |