Dag og Tid nr. 8, 24. februar 2000

Leiar:
Gasshol

Eg har ikkje skifta standpunkt, eg har berre skifta konklusjon, sa Olav Akselsen (Ap) til Bergens Tidende nyleg. Akselsen har teke over leiarvervet i Miljø- og energikomiteen på Stortinget etter at Jens Stoltenberg vart parlamentarisk leiar og statsministerkandidat for Arbeidarpartiet. Akselsen er for tida det fremste dømet på at politikarar godt kan vera klovnar utan at dei er klare over det sjølve. Akselsens argumentasjon for gasskraftverk er like holete som ei helsetrøye.
 
Stoltenberg veit at han seglar fram på ein gigantisk bløff om gasskraftverk. Det meste tyder på at Olav Akselsen har teke til seg bløffen utan å forstå det.

I eit intervju med Aftenposten laurdag hevda Olav Akselsen at “vi har underskudd på kraft i Norge. Vi må importere kraft fra kilder som er mer forurensende.” Påstanden er i beste fall upresis, for ser ein på statistikken for import og eksport av kraft gjennom 90-åra, hadde vi tre år med underskot på kraftbalansen. I 1999 eksporterte vi kraft igjen.

I det same intervjuet kan Olav Akselsen fortelja oss at “det beste er CO2-frie gasskraftverk. Sjansen for å komme frem til CO2-fri teknologi er bedre hvis man forsker på virkeligheten, i stedet for å drive skrivebordsteori”.

Anten har Olav Akselsen “gløymt” at Noreg allereie har meir enn hundre gasskraftverk i drift, eller så har han ikkje fått det med seg. Dei gasskraftverka han etterlyser, finst i Nordsjøen, dei er lite effektive, og dei ureinar like mykje som kolkraftverka. Her kan Akselsen få så mykje røyndom at det er til å miste pusten av.

Olav Akselsen let også vera å fortelja at gasskraftverk knapt er aktuelle i andre europeiske land – rett og slett fordi dei er for dyre, slik at krafta dei produserer, ikkje blir konkurransedyktig.

Olav Akselsen kjem likevel med glansnummeret sitt når han hevdar at gasskraftverk i Noreg fører til reduksjon i den ureinande kolkraftproduksjonen i andre land. Resonnementet er hakkande gale, fordi det føreset at Noreg er det einaste landet i Europa der energiforbruket skal få lov til å auke. I alle andre land må det reduserast – iallfall viss ein skal få ned dei totale CO2-utsleppa; noko som visstnok var meininga med Kyoto-avtalen. Det finst naturlegvis eit alternativ: Rein, fornybar energi. Men Olav Akselsen hevdar at det er umogleg å dekkje det norske energibehovet på denne måten. Og han kan vel ikkje krevja det umoglege av andre land?
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |