Dag og Tid nr. 7 , 17. februar 2000

På tomannshand:
Hata i Havanna, mistrudd i Miami
24. februar 1996, klokka 15.21 gjorde Fidel Castro sams sak med arvefiendane i Miami. Seks minutt seinare var to USA-registrerte småfly av typen Cessna 337, fire pilotar og heile tilnærmingspolitikken mellom USA og Cuba styrta i havet. CIA-direktør John Deutch sytte personleg for at arkitekten bak politikken, Richard A. Nuccio, aldri får ein ny sjanse.
- Og Clinton tok ein baklengs salto med skru. Tenk, han signerte det vanvittige framlegget frå Helms og Burton. I fullt alvor vurderte presidenten gå til krig mot Cuba, seier Nuccio.
 
JOHAN BROX

Både veksten og fallet til Richard A. Nuccio som politisk rådgjevar for maktmennene i amerikansk politikk starta fleire år før episoden med dei to nedskotne småflya til “Redningsbrørne” i Miami vinteren 1996.

Nuccio gjorde seg kjend - og miskjend frå Havanna til Miami - som mannen som førte Torricelli-lova av 1992 i pennen - som cubanarane kjenner som ei boikottlov. Cubanarar flest skil ikkje mellom Torricelli- og den endå verre Helms/Burton-lova - som er meir enn ei boikottlov. Dei meiner, og med god grunn, at begge er skrivne på djevelskap.

- Senator Robert Torricelli ville laga livet surt for cubanarane, og det var hans lovframlegg. Jobben min, som medlem av staben til senatoren, var å forma djevelskapen til eit lovframlegg. Men “Spor II”-delen av teksten er min ide. Eg overtydde senatoren om at lovframlegget burde ha element som appellerte til dei som trur meir på gulrota enn på pisken. “Spor II” i Torricelli-lova opna for samarbeid mellom USA og den cubanske grasrota på ymse vis, og for å normalisera kommunikasjonane og reiselivet. I tillegg til straffetiltaka som Torricelli insisterte på.

- Sidan, som rådgjevar for president Clinton, stod eg langt friare til å bygga ut tilnærmingslina frå “Spor II”, og tona ned blokade-lina i politikken. Eg la opp til kontakt mellom kultur- og vitskapsfolk og samarbeid mellom organisasjonar i begge land.

- For det strevet har eg oppnådd å bli om lag like mykje hata og utskjelt av dei høgreekstreme i Miami som eg har blitt i Havanna. Utan at den eine parten har gjeve meg kreditt for kritikken frå andre. Eg har falle mellom alle stolane, sukkar Richard A. Nuccio.

For Nuccio har spørsmålet aldri vore om USA bør leggja seg bort i cubansk styre og stell, men korleis det bør gjerast. Vener av den cubanske revolusjonen kallar sjefen “Fidel” - den trufaste.
Nuccio seier “Castro”.
Og “Clinton”.
Byrjinga på slutten av den maktpolitiske karrieren til Robert A. Nuccio skjedde rett framfor nasen på meg, i Guatemala i 1990, fem år før han sjølv visste noko om det.
Eit vansira lik frå eller til får normalt ikkje stor merksemd i eit land der hæren fører krig mot sitt eige folk. Det spesielle med drapet på Michael DeVine, var at han ikkje var ein fattig guatemalanar. Han var statsborgar av USA. DeVine dreiv eit lite herberge i Petén, ein aude stad på allfarvegen for ryggsekkturistar på vitjing til den historiske mayabyen Tikal. Lite tydde på at Michael DeVine var offer for eit rovmord, og han hadde ingen uvenner som nokon visste om. Men liket var maltraktert, DeVine hadde blitt torturert før han døydde. Kvifor veit framleis ingen.

Når det derimot gjeld lagnaden til guatemalanaren Efraim Bamaca, er saka grei, sjølv om liket aldri kom til rette. Bamaca, eller “Commandante Everardo” som kameratane i Orpa-geriljaen kalla han, var gift med ei viss Jennifer Harbury, Harward-utdanna advokat frå USA. Den ansvarlege mordaren og torturisten er òg kjend. Han heiter i begge tilfelle Julio Alpirez, løytnant i den guatemalanske hæren.
Og betalt av Central Intelligence Agency (CIA) heilt fram til 1995. Då Richard A. Nuccio tok affære.
Såleis blei Nuccio eit tredje offer for CIA-støtta dødsskvadronar i Guatemala. Han miste det politiske livet. Til gjengjeld fekk han eit meir menneskeleg ansikt.

- Kva var det eigentleg som skjedde?
- Eg var med på fredsmeklinga mellom regjeringa i Guatemala og geriljaen, her i Oslo, faktisk, i juni 1994. USA, representert med ambassadøren her i Noreg, var eitt av æresvitna då partane underteikna fredsavtalen - og lova kvarandre å respektera grunnleggjande menneskerettar. Ved å vera vitne, forplikta også USA seg til å gjera kva det kunne for å hindra overgrep i Guatemala.
- Noko seinare, ved årsskiftet 1994-95, fekk eg nyss om at CIA gav blaffen i lovnaden USA hadde gjeve, og heldt fram med å betala medlemer av hæren i Guatemala, offiserar som tok aktiv del i drap, tortur og bortføring av eigne innbyggjarar. I eitt tilfelle hadde òg CIA teke del i å skjula drapet på ein borgar av USA. Eg seier ikkje at han er meir verd enn ein guatemalanar, berre at lova i USA slår uttrykkeleg fast at CIA ikkje kan ta del i drap på eigne borgarar. Det er ikkje i strid med lova i USA at CIA drep utlendingar. Då eg fekk dette dokumentert, blei eg sjølvsagt opprørt...

- Men ikkje overraska?
- Nei, jo - eg blei overraska av at ingen brydde seg. Eg var ikkje overraska over at CIA dreiv med slikt, men himmelfallen då eg forstod at ingen ville lyfta ein finger for at barbariet skulle halda opp. Til sist gjekk eg til ein kongressmedlem (Torricelli), og han gjekk rett til New York Times. Då skjedde det noko...
- To leiande tenestemenn i CIA blei sparka, og mange fleire fekk reprimandar. At CIA ville slå attende, var eg budd på, men som medlem av staben til sjølvaste presidenten, kjende eg meg likevel trygg.
Difor kom det som eit sjokk på Nuccio at presidenten vende ryggen til. Clinton protesterte ikkje då CIA drog attende tryggleiksklareringa rådgjevaren var avhengig av.
- Clinton aksepterte at CIA straffa meg for at eg talte om det som CIA hadde bløffa om i fem år. Då sa eg opp.
- Clinton er ein feig faen?
- Eg vil vera varsam med å bruka eit ord som “feig” på presidenten i USA. Han følgde råd frå folk han stolte på. Dei sa at dette var ei intern CIA-sak og ikkje vedkom andre.
- Men rådgjevarane sa ingenting til presidenten om menneskerettssituasjonen i Guatemala, ingenting om at CIA saboterte presidentens eigen utanrikspolitikk. Eg veit ikkje om presidenten ville handla annleis om han visste betre.

- Kva er det med John Deutch?
- John Deutch er tidlegare leiar av CIA. Det var han personleg som gjekk i brodden å ta frå meg tryggingsklareringa, i form av eit brev dagsett 5. desember 1996. I brevet skreiv han at eg hadde vist “alvorleg brest i dømmekrafta. “Det du gjorde, er til skade for kjelder, metodar og aktivitetar for etterretninga i USA”.
- Veit du at John Deutch, nett no, sjølv er under gransking? Han er mistenkt for bryta tryggingsrutinane til CIA. På heimedatamaskinen fann ein høgt gradert informasjon - etter at han hadde slutta som leiar for organisasjonen.

- Kvifor?
- Ikkje av prinsipielle grunnar, eller av moralske - av di han var uroleg over at CIA dreiv med menneskerettsbrot, slik eg gjorde. Nei, John Deutch skulle bruka informasjonen han hadde stole frå CIA, til å fremja sitt kandidatur som forsvarsminister! Ved til dømes å skriva private notat til presidenten, bak ryggen på CIA. Om han blir straffa, står att å sjå.

- Og hemnen er søt?
- Eg ser det ikkje slik. For meg viser dette fyrst og fremst at me har eit system som straffar folk i hytt og ver når det høver CIA - utan omsyn til kva som tener interessene til nasjonen. Me har ein president som let CIA avgjera kva som skal seiast i kongressen om kva CIA har halde skjult! Ingen skal kjenna løyndomane til CIA, utan CIA. CIA står over grunnlova og bortanfor straffelova. Det er ein “unamerican institution”.
Ein uamerikansk institusjon, til liks med Cuba. Den blinde vil leia den halte.
At Clinton tilsette Nuccio som Cuba-rådgjevar, viser at presidenten dei første åra ønskte å lokka og ikkje skremma eller svelta cubanarane attende i falden. Dei skulle gå godvillig. Strategien til Nuccio var å retta innsatsen direkte mot ikkjestatlege, ikkjevaldelege organisasjonar av alle slag som måtte finnast og oppfinnast på Cuba, og smeikja den generasjonen som skal ta over etter Fidel. Han kan dei lite gjera med.

Dermed truga regjeringa i USA med å venda seg bort frå “det heroiske, men stort sett impotente eksilmiljøet i Miami” (David Rieff: Cuba Refrozen, 1996). Eksilcubanarane forstod at noko måtte gjerast, elles var dei ute av dansen. At Fidel Castro kom til same konklusjon, kan ikkje dokumenterast. Men det er truleg.
I alle fall: Det cubanske flyvåpenet skyt ned dei to småflya frå USA, og fire militante eksilcubanarar døyr.
- “Då tok Kongressen og endra politikken min”, hermer Nuccio etter Clinton.
- “Det var pussig”, sa eg. “Eg kunne sverja på at det var du, herr president, som skreiv under på lovframlegget den 12. mars, saman med Jessie Helms. Det såg ut som deg...”

- Eg burde kanskje ikkje seia slikt om den fyrste presidenten i USA som vitja Noreg. Men eg kjenner Bill Clinton for godt til å omtala han med respekt. Han vil ha æra for alt som går godt, men gjev alle andre skulda for det som går trått.
- Clinton ante ikkje kva som stod i Helms/Burton-framlegget, men det var valår, og presidenten meinte det ville ta seg bra ut å skriva under. “Me får venta til november med å ordna opp i dette, Richard”, kviskra stabssjefen hans til meg. Men då var det for seint.
Før eit møte i Havanna i fjor mellom 17 spansktalande statsleiarar blei Clinton spurd av Associated Press om kva han meinte om ei slik legitimering av Castro-regimet. Richard A. Nuccio ber alltid med seg utskrift av dette intervjuet, av di det gjer han så eitrande sint:

“Dei fleste land er usamde i Cuba-politikken vår”, seier Clinton. “Dei meiner me råkar det cubanske folket, at me skader businessen i USA, og at politikken me fører, vender verda mot og ikkje frå Castro. Me gjer det lett å tru på Castro når han seier me har skulda for alt som går gale på Cuba”, sa Clinton.
- Dette er ei fabelaktig oppsummering, heilt presis, mannen veit kva alle seier, og nett kva som går føre seg. Så legg han til:
“Slike argument høyrer me stadig oftare, òg frå eksilcubanarar, unge som gamle. Så dette ein debatt me må ta tak i.”
- Klårare kan det ikkje seiast at Clinton ser kva som er gale med Cuba-politikken hans, at han vil endra kurs når eksilcubanarane ber om det - og at han ikkje tek ansvar for sin eigen politikk. Og aldri har gjort det.
- Clinton vurderte - i fullt alvor - å gå til militært åtak på Cuba i februar 1996, men valde å lytta til åtvaringa frå Pentagon om kva ein slik invasjon ville kosta. Til dømes livet til mange av pilotane våre. Cuba har eit sterkt luftforsvar. Å “ta ut” luftforsvaret med rakettar, ville kosta ei mengd sivile liv. Dei viktige måla er i Havanna by.
- Hadde Clinton blitt overtydd om at å bomba Cuba ville vera like enkelt som å bomba Irak, ville han ha gjort det. Og eg vil er redd for at ein slik situasjon kan oppstå på nytt, seier Nuccio.
Vald er den einaste logiske verknaden av Cuba-politikken til Clinton. Det er det han legg opp til.
- Helms/Burton-lova gjer alle kompromiss illegale og avskjer kvar ein konstruktiv dialog. Helms/Burton legg eit lokk over Cuba, som ein trykkokar, og skrur opp varmen opp under heksegryta. Om taktikken verkar, og lokket ein dag flyr av, skal liksom vona vera at det me må skrapa av taket, er så mykje betre enn det Cuba som finst i dag...

Nuccio seier ikkje at politikarar i USA er sprø og urasjonelle. Han seier at dei har eit anna slag rasjonalitet:
- Gjer eit tankeeksperiment: Kom med meg på kontoret til ein politikar i USA, og ver politisk rådgjevar for han - slik eg var. “Herr senator, kongressmann eller president: Dersom du endrar Cuba-politikken slik eg seier, kan eg lova deg at om tre-fem år vil Cuba likna meir på det samfunnet du seier at du ønskjer”. Politikaren vil svara: “Forstår eg deg rett? Rår du meg til å støtta ein politikk som kanskje kan gje resultat etter at eg har forlate dette kontoret? Ein politikk som på kort sikt ser ut som eit knefall for Castro og kritikk av alt som er gjort til no? Skal eg ofra mitt namn og rykte for at ein annan, i framtida, skal få applaus? Er du idiot?”
- Eg veit ikkje om nordmenn forstår korleis Kongressen verkar. Men eg har jobba der, og eg forsikrar om at mykje av det som Kongressen gjer framlegg om, er ikkje meint å skulle vedtakast! Det handlar om å markera revir. Korkje Helms, Burton eller nokon i staben drøymde om at det famøse lovframlegget skulle vedtakast. Men før nokon fekk stogga galskapen, hadde Clinton skrive under!

- Kan me venta oss meir av ein ny president?
- Ikkje av ein demokrat. Al Gore tør like lite som Clinton å trakka eksilcubanarane i Florida og New Jersey på tærne i eit valår. Men eg er slett ikkje sikker på at demokratane kjem til å vinne presidentvalet i november. Republikanarane kan derimot endra Cuba-politikken. Elián-saka viser om dei vil. Det er det oppstyret kring den vesle båtflyktningen handlar om - kontrollen over Cuba-politikken. Folk projiserer frustrasjon, politiske krav, ønske og trugsmål over på den stakkars seksåringen, seier Richard A. Nuccio.
Som hevdar at engasjementet for ei fredeleg endring av det politiske systemet på Cuba, for rettferd i Guatemala, og striden mot CIA heng står i ein logisk samanheng. Alt botnar i ein kjærleik til Latin-Amerika og ei tru på demokrati og menneskerettar. Men vegen til helvete brulagd med gode forsett. Og utakk er verdas løn.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |