Dag og Tid nr. 7 , 17. februar 2000

Tidsskrift:
Kulturar, Skirbekk og dialog
Forfattaren Walid al-Kubaisi er ein flittig maur i kulturdialogens teneste. Men han kjem skeivt ut når han i tidsskriftet
Materialisten omtalar reaksjonane på Sigurd Skirbekks omstridde bok.

Materialisten 4/99:
Assununu - Kulturdialog

Den norske debatten om innvandringa og det fleirkulturelle samfunnet går i bølgjer. Bølgjene blir brotne mot to frontar. På ei side står den antirasistiske rørsla, slik ho mellom anna kjem til uttrykk gjennom Antirasistisk Senter. På den andre står “krinsen” rundt kjende meiningsberarar i debatten, som Unni Wikan, Inger-Lise Lien og Hege Storhaug. Innan begge hovudfløyar har folk med innvandrarbakgrunn status som “alibi” for kva som er det rette standpunktet. Gjensidige skuldingar om eigentleg å gå ærend for det som skulle vere den felles fienden, rasismen, er legio. Inger-Lise Lien, som i 1997 gav ut boka Ordet som stempler djevlene, var til dømes ganske hissig i å skulde “den institusjonelle antirasismen” - in casu Antirasistisk Senter - for å gje næring til meir rasisme. Kulturrelativisme har vore eit vanleg stempel på dei som vil forklare t.d. kvinneundertrykking blant innvandrarar med at dei har ein anna “kultur”, osb.

Sjølvkritikk som sel

I fjor kom det eit friskt fråspark frå ein med innvandrarbakgrunn. Kadafi Zaman, fødd av innvandrarforeldre i Drammen og kommunestyremedlem i Lier, gav ut boka Norge i svart, hvitt og brunt. Han kalla til dømes Hege Storhaugs bok Hellig tvang “et moderne korstog, som etter mitt skjønn har bare ett mål, å knuse vår identitet og selvrespekt”. Ein anna stad: “Er det noe annet som er typisk norsk? En ting tror jeg de fleste kan nikke seg enig i, at avvikere eller andre som tar avstand fra sin egen kulturelle egenart faller i smak. Om det er kvinner eller menn spiller ingen rolle, bare de hater sine egne. Jeg er ikke i tvil om at hadde jeg gått rundt og sagt at islam og den pakistanske kulturen er sinnssvak, ville jeg bli mottatt med halleluja-rop. De elsker mennesker som passer med deres forestillinger, som gjør opprør mot sin medfødte kulturarv. To slike populære skikkelser er Nasim Karim og Walid Al Kubaisi. Begge har skrevet bøker, rystet nordmenn med skildringer av en umenneskelig kultur og religion. Slikt selger godt.”

Kulturdialog

Den eine av dei to, Walid al-Kubaisi, er forfattaren bak bøker som Min tro, din myte og Halvmånens hemmeligheter. Då den siste vart lansert, laga forlaget eit hysterisk opplegg som om ein ny fatwa truga forfattarens liv. Forfattaren sjølv tok oppstyret med betydeleg større ro enn ein del av hoffet rundt han. Det er den same forfattaren som står sentralt i siste nummer av tidsskriftet Materialisten, der emnet er “Assununu - Kulturdialog”. Det viser at verda går framover, vonleg gjeld det også debatten om det fleirkulturelle samfunnet. Eg kan ha mine meiningar om Walid al-Kubaisis ståstad i ein del debattar, men det eg oppfattar som ei kjerne, er at han insisterer på at det er like viktig og rett for han å kritisere sin eigen (muslimske) kultur som det er for radikale nordmenn å kritisere den kristne kulturarven. Utan at ein dermed treng å kaste vrak på heile kulturen, eller fornekte sitt opphav. At slik kritikk kan bli utnytta av denne eller hin, er ein kostnad vi må ta, om ikkje debatten skal forstumme.

Walid al-Kubaisi er også ein handlingas mann, ein som arbeider for å utvide forståinga mellom kulturar i praksis. Dette har han mellom anna gjort gjennom prosjektet Assununu, namnet på ein norsk-arabisk kulturdialog som han og forfattaren Erling Kittelsen er mellom initiativtakarane til. Assununu er det arabiske ordet for svale, fuglen som reiser sørover om vinteren og kjem attende om sommaren. Kva land høyrer svala til då, spør forfattaren, som i artikkelen Kulturdialogens opprinnelse skriv om utviklinga av prosjektet. Materialisten har omsett innlegg frå deltakande arabiske forfattarar på Assununu-arrangement, mellom dei Izzat Ghazzawi, den palestinske forfattaren som stod sentralt i eit møte mellom palestinske og israelske forfattarar i Norge, før Oslo-avtalen. Vi får presentert den kontroversielle kvinnelege forfattaren Ahmad Abu Matar, og Walid al-Kubaisi har omsett dikt frå fleire arabiske forfattarar.

I den første artikkelen sin skriv Kubaisi at etter 12 år i Norge ventar han framleis på at det fleirkulturelle samfunnet skal bli ein realitet. “Fra mitt ståsted føler jeg at vi har skapt en myte om at det fins et flerkulturelt samfunn fordi vi, avisene, politikerne, bøkene snakket om det. Men det er ikke en realitet.” Annick Prieur legg i artikkelen Arvens motsigelser “et generasjonsperspektiv på innvandrerforskningen” for betre å kunne analysere ungdom med innvandrarbakgrunn i moderne europeiske samfunn. Ein innvandrar er også ein utvandrar, eit perspektiv som oftast blir gløymt i innvandrarforskinga, skriv ho.

Epilog til Skirbekk

Siste ord i bladet får så Walid al-Kubaisi med artikkelen “Klodens dommedag og det flerkulturelle ragnarokk”, som er ein refleksjon over den mottakinga Sigurd Skirbekk fekk for boka Ideologi, myte og tro ved slutten av et århundre. Ettersom Dag og Tid brukte stor plass både på omtale av boka og ein påfølgjande debatt med forfattaren som deltakar (Dag og Tid nr.8-12/99), er det rart at det ikkje blir nemnt med eit ord. Det same gjeld omtalen og ordskiftet etterpå i Ny Tid. Walid al-Kubaisi nemner Thomas Hylland Eriksen, som kritiserte boka skarpt i eit innlegg i Aftenposten, men ikkje den som melde boka i avisa, Ulf Andenæs, som også var kritisk. Han refererer frå eit intervju med Skirbekk i Morgenbladet.

Dette er dei avisene som hadde mest omtale av boka. Walid al-Kubaisi oppsummerer mottakinga boka fekk slik: “Han (Skirbekk) sier sin mening. Ingen feil i dette. Det som er feil er innstillingen til debattantene. Det er fordi meningsrammene ikke er så frie og åpne som vi tror. Meningsrammene er styrt av ideologi og preget av selvimmunisering og realitetsfordreining. Forsvarerne av ideologien utsetter meningsmotstandere for en heksejakt som om de var kjettere. Derfor velger de taushet.”

Dette er ikkje berre ein grovt usakleg karakteristikk. Det er ord om anna Skirbekks eigen måte å diskreditere meiningsmotstandarar på, gjennom å skulde dei for å vere ideologiske krossfarar med “selvimmunisering” og “realitetsfordreining” som skjold, mens det han driv med, er forskingsbasert “vitskap”. Eg brukte sjølv her i avisa mykje plass på å vise at Skirbekk like mykje er ein meiningsberar som kler ideologien sin i vitskapsfrakk, med hundrevis av notetilvisingar som “gir inntrykk av at forfatteren har en beundringsverdig og imponerende kunnskap om temaene han tar opp”, som Walid al-Kubaisi så imponert formulerer det. Han refererer ukritisk eit Per Lønning-sitat forlaget har brukt som reklame på omslaget til boka. Elles konsentrerer Walid al-Kubaisi seg om Skirbekks kapittel om norsk innvandringsdebatt, ettersom han sjølv er innvandrar. Men det går ikkje an å sjå dette kapittelet isolert frå det reisverket Skirbekk brukar mesteparten av boka til, for å byggje opp under det eg titulerte omtalen med: “Den fleirkulturelle skrekkvisjonen”. Slik Skirbekk formulerer seg om det dysfunksjonelle samfunn infisert av framande kulturar, er det nummeret før ein diger rasehygienisk pamflett.

Det fleirkulturelle samfunn Walid al-Kubaisi sjølv etterlyser, er for Sigurd Skirbekk sjølve sivilisasjonens undergang. “På samme måte som de fleste mutasjoner er skadelige, må vi også forutsette at de fleste former for kulturell fornyelse vil være det. Et sunt samfunn kan derfor forventes å ha ordninger for streng sortering av nye kulturformer for utstøtelse av det som virker dysfunksjonelt.” Slik lyder eit typisk Skirbekk-sitat, og i ordskiftet etterpå demonstrerte forfattaren etter mitt syn den same evne til sjølvimmunisering som han skulda kritikarane for.

Denne boka har kome på eit fagbokforlag, med støtte frå Norsk Faglitterær Forfatterforening, til bruk for studentar i samfunnsfag. Det burde interessere eit tidsskrift for forsking og fagkritikk, som Materialisten er, til meir kritisk fordjuping enn dette, ved eit anna høve. Som Walid al-Kubaisi ser eg på meiningsskilnadene i debatten om innvandring og det fleirkulturelle samfunn som fruktbare. Men ei kanonisering av Sigurd Skirbekks grumsete “vitskap” blir eg ikkje med på.
Roald Helgheim  

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |