Dag og Tid nr. 7 , 17. februar 2000

Leiar:
Pudlar og statsministrar

Så skjer det nok, det ein kunne frykte da Thorbjørn Jagland trekte seg til fordel for Jens Stoltenberg som statsministerkandidat for Arbeidarpartiet. Sjølve skiftet var ikkje overraskande. Det har avisene i Akersgata skrive om, venta på, ønskt og meldt lenge. Frykta for at den opplagstunge pressa skal vende tilbake til syndene frå dagane med soldronninga Gro Harlem Brundtland, har vakse seg sterkare og sterkare etter kvart som dei politiske redaksjonane sette større fart i kampanjen for å få Jens Stoltenberg opp og fram.

Tysdag vart frykta stadfesta. Dagbladet presenterer den nye statsministerkandidaten og det han skal gjera med Noreg og verda på denne måten: “I går inntok Jens Stoltenberg cockpiten i SAS-maskinen, på vei til partimøte i Stjørdal. Dagbladet ba ham presentere sine politiske mål når han overtar styringa etter Bondevik.”

Når
han tek over styringa etter Bondevik...

Ikkje overraskande vart det debatt etter at Thorbjørn Jagland trekte seg som statsministerkandidat - debatten har dreidd seg om den rolla media har spelt for å presse han ut av leiarskapen i Arbeidarpartiet. Det er sjølvsagt ikkje meir overraskande at dei politiske redaksjonane i den opplagstunge delen av media slett ikkje kan forstå noko av kritikken som blir retta mot dei. Dei har da berre gjort jobben sin; og jobben deira har handla om å vise kor hjelpelaus, stakkarsleg og forvirrande Jagland har tedd seg som partileiar og statsministerkandidat.

Rett nok har Jagland gjeve journalistar - og politiske motstandarar - meir enn nok å hengje seg opp i når han har presentert den politiske bodskapen sin i bilete av same kvalitet som ei halvgjort barneteikning, men ingen kan hevde at han har vore mindre prega av politisk klårleik enn forgjengaren Gro Harlem Brundtland. Ho hadde ei utruleg evne til å snakke uforståeleg og likevel bli forstått av journalistar.

Mykje tyder på at mange vil tilbake til dei lykkelege dagane med Gro Harlem Brundtland. Dagbladet har allereie utropt Stoltenberg til statsminister, og i den same utgåva av avisa får han presentere dei politiske måla sine utan kritiske innvendingar. Dei politiske måla er rundt formulert velmeineri som kvar ein norsk politikar kunne ha skrive under på. Heretter kjem politisk journalistikk i Noreg til å dreie seg om når Jens Stoltenberg skal felle Kjell Magne Bondevik.

Frykta handlar med andre ord om at Jens Stoltenberg får vera i fred for det kritiske journalistblikket som gjennombora Thorbjørn Jagland. Og frykta er velgrunna, for mange av oss hugsar framleis korleis nokre av dei politiske redaktørane og journalistane sat som logrande pudlar med store auge ved Gro Harlem Brundtlands føter og let som om dei forstod det uskjønelege.

På denne måten har media skuld.
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |