Dag og Tid nr. 7 , 17. februar 2000

Klok på bok:
Klok på fleire systrer

“Merkelig kjent, disse ordene fra en skolegutt som ser opp mot et kveldsvindu. Det minner meg om noe gammelt, og ikke så rart er det, når det viser seg å være fra Dublin der jeg bodde i seks studieår på 60-tallet. Selv uten hjelp hadde jeg nok gjenkjent åpningsordene i den første novellen i samlingen 'Dubliners' av James Joyce, utgitt i 1914. Egentlig ble jo 'The Sisters' trykket for første gang 13. august 1904 i George Russels litteraturtidsskrift 'The Irish Home-stead'(...). 'Søstrene' på norsk er nok i Olav Angells oversettelse, fra en Lanterne-utgave på Gyldendal i 1974. Avslutningsnovellen i samlingen er 'The Dead', kanskje en av de ypperste noveller som noengang er skrevet”,
skriv Wilhelm Lund på Hamar.

Barabass og eg kan ikkje anna enn å senda premien til han. Gratulerer!

Olav Molven i Bergen, Merete Hoel i Loddefjord og Ranveig Lundquist i Orkanger er òg blant dei kloke. Fiskerjentene i Kristiansand svarar òg denne veka, til og med på eit kort med motiv frå Irland. Det har gledd oss stort, og kortet er hengt opp på kjøkenet. Så no kikkar me på irsk mann med hest og kjerre kvar gong me er innom for å laga litt mat. “Tipsa eg fekk leidde meg til James Joyce, fødd i Dublin i 1882”, skriv Ingrid Lomholt på Nesoddtangen, den siste av dei kloke denne veka.

Paula kom innom her ein dag med boka under armen. Novellesamlinga Dublinere høyrer til høgdepunkta i verdas novellekunst, siterte ho frå baksida av boka. Ein realistisk og nådelaus skildrar av livet og menneska i fødebyen Dublin, byen som vart eit kraftsentrum i diktinga hans, held Paula fram. Og ho Paula har kikka i leksikon òg, ho, og funne ut at mannen ikkje heitte berre James, men James Augustine Aloysius. Og no meiner ho at Barabass treng eit ekstra namn. Kva med Barabass Aloysius, seier Paula. Barabass berre snøftar og seier at no har litteraturen gått til hovudet på ho Paula. Eg heiter Barabass, ferdig med det, er Barabass sin knappe kommentar til framlegg om namneendring.

Paula har lese enda meir om James i det siste. Her ein dag sat ho på kjøkenet og doserte om det katolske og nasjonalistiske miljøet mannen kom frå, og om James si religiøse krise og opposisjonen til kyrkja. Dessutan kunne han lesa Henrik Ibsen på norsk og budde både i Trieste, Zürich og Paris, men i alt han skreiv, konsentrerte han seg om Dublin og menneska der slik han hugsa det heile frå ungdommen. Paula kunne òg fortelja at Joyce leid av ein plagsam augesjukdom som nærast gjorde han blind. Og at han døydde i Sveits.

Skal seia ho Paula hadde sett seg inn i sakene denne veka, sa Barabass då ho forsvann ut døra med boka under armen. Ho er flink, ho Paula, sa eg og tenkte på framlegget hennar. Paula meiner leseforeininga vår, Barabass, Johannes, Paula og eg, bør reisa på litteratur-tur til Irland. Paula seier det ikkje treng verta så dyrt, og at me vil ha stort utbytte av å koma oss litt vekk frå garden. Me får tenkja på det.

Klok 454

“Vem är du?” frågar min syster.
Hon är känsligare än de andra, det är bara hon som någonsin anar min närvaro. Nu ser hon ut som en fågel där hon står med halsen sträckt och spanar ut mot trädgården. Hon har bara en grå morgonrock över det vita nattlinnet och hon tycks inte märka att nattens frost dröjer kvar. Morgonrocken är öppen och skärpet hänger löst i en enda ögla.

Boka vekte stor oppsikt då ho kom ut seint på 90-talet, men er ikkje omsett til norsk. Tips: Nifelheim og 50-tal. Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til bladstova@dagogtid.no. Svar innan 1. mars. Lukke til!
Dale-Oskar og Barabass

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |