Dag og Tid nr. 7 , 17. februar 2000

Herbjørn Sørebø:
Ikkje noko mediemord

Spørsmålet er reist om det var resultatet av eit mediemord vi var vitne til, då Thorbjørn Jagland kjende seg tvinga til å gå av som parlamentarisk leiar og statsministerkandidat i Ap. Det var det ikkje. Han fall for eigne grep og mangel på evne til å nå fram til veljarane på ein vinnande måte, men farten i fallet auka nok fordi media spegla det som hende. Partibundne aviser som dekkjer over og bortforklarer, har vi ikkje lenger. Mange andre førande politikarar har opplevd eit minst like hardt og vedvarande mediepress. Tenk berre på Trygve Bratteli, Odvar Nordli, Reiulf Steen, Rolf Presthus, Kaci Kullmann Five - you name them.

Då Thorbjørn Jagland vart vald til partileiar, hadde han ord på seg - og sikkert med rette - for å vere den store strategen, men han mista grepet straks han overtok som statsminister og frontfigur etter Gro Harlem Brundtland. Han gjorde nokre merkelege og mislykka personval då han skipa regjeringa si, eit friskfyrprega forsøk på å vise seg fornyande. Det vekte misnøye i vide krinsar at han ikkje tok med Åse Kleveland, som hadde markert seg så sterkt som kulturminister. Etter kort tid måtte den statsråden som skulle stå for planleggingsarbeidet, gå på grunn av ei gammal økonomisak, og så arva Thorbjørn Jagland oppgjeret med dei hemmelege tenestene, der han måtte ofre ein statsråd til.

Thorbjørn Jagland kom skeivt ut i starten, og det viste seg fort at han både munnleg og skriftleg ofte kom til kort i media. Han er ein likandes kar, men var ofte litt keitete i fjernsynet, og i talar og artiklar hadde han ein hang til å bruke metaforar som folk ikkje skjøna noko av, eller som det var lett å gjere til lått og løye. Gode døme er Det norske hus og pyramidane hans.

Det største feilgrepet Thorbjørn Jagland gjorde, var å stille kabinettspørsmål til folket ved stortingsvalet. Fekk ikkje Ap minst 36,9 prosent oppslutnad ved valet, ville regjeringa gå av. Dette kravet var sikkert mobiliserande i valkampen, men det var ein bumerang då det ikkje vart oppfylt. Det var uråd å forklare kvifor regjeringa gjekk av utan å vere tvinga til det av eit fleirtal i Stortinget. Både Thorbjørn Jagland og partiet hadde høgst truleg vore i ein heilt annan situasjon nå dersom regjeringa hadde valt å la seg felle i Stortinget på vanleg parlamentarisk vis.

Med så smalt grunnlag som Bondevik-regjeringa har, vart det rimeleg nok parlamentariske vanskar med det første sjølvlaga framlegget til statsbudsjett. Landsstyret i Ap helsa det med fagning då Thorbjørn Jagland opna famnen for Høgre for å berge landet i denne situasjonen. Den soga enda med at regjeringa la seg flat for Høgre og Frp. Då fekk Thorbjørn Jagland klistra på seg at han hadde vore på desperat jakt etter å felle regjeringa for å komme tilbake til statsministerstolen. I partiet var det mildt sagt forvirring og uvisse om kva neste sjakktrekk frå leiinga skulle bli. Ei slik forvirring og uvisse smittar fort over på veljarfolket.

På grasrota skapte det ei veksande misnøye at partiet sette seg utanfor parlamentarisk påverknad gjennom ein uforsonleg kamp mot kontantstøtte-ordninga. Då Thorbjørn Jagland brått gav opp den kampen for å kunne påverke statsbudsjettet for i år i eit kompromiss med regjeringa, skapte det også misnøye, endå det var murringa på grasrota om å komme seg på banen som hadde tvinga fram kursendringa i denne saka. Så urettvist er det i politikken.

Dårlege meiningsmålingar skapte vedvarande vanskar i heile den tida Thorbjørn Jagland har vore frontfiguren i Ap, og skulda vart lagd på han. Ordførar-opprøret før kommunevalet utløyste ein leiarstrid som auka i styrke. Media kan kanskje skuldast for å ha forsterka dette, og bruken av meiningsmålingar den siste tida har hatt karakter av kampanje-journalistikk i somme aviser. Den æra skal Thorbjørn Jagland ha at han stod oppreist, og at han gjekk med stil.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |