Dag og Tid nr. 7 , 17. februar 2000

Bøker:
Fantasifulle kvardagar

Kubanaren er ei uvanleg forteljing om heilt vanlege hendingar.

Dag Helleve
Kubanaren.
Samlaget


Den nyaste boka til Dag Helleve handlar om å vere skuletrøytt, å slite med matematikken, kameratar som mobbar og om å bruke opp lommepengane på speleautomatar. Men det handlar også om eit alligator-liknande vesen som har ein særskilt appetitt på tal. Kubanaren, som er Dag Helleve sin debut som barnebokforfattar, er ei spennande og fantasifull forteljing som så absolutt er rotfesta i røyndommen.

Eit fantasistyrt datadyr

Hovudpersonen, med det rare namnet Mingus, skulle eigentleg ha vore på den staden han går på kvar dag, men som han får vondt i magen av å nemne namnet på. Han skulle ha snakka med han som liksom skal prøve å lære dei noko. Han veit kva dei skal snakke om. Dei skal snakke om kvifor han er slik som han er, ikkje gjer det han skal, og kvifor han ikkje tek seg saman. Men han ender, som så mange gonger tidlegare, opp hjå kubanaren, han med speleautomat i hjørnet, som sel sigarar, is, snop, aviser og tobakk over disken og slike blad som broren hans les under disken. Men denne gongen har kubanaren noko heilt spesielt til Mingus. Han vil ha Mingus til å ta seg av eit datadyr. Ikkje ein vanleg tamagotchi med knappar slik som jentene i klassen har. Dette dyret er det berre fantasien som kan styre, men han må sjølv finne ut korleis.

Kubanaren
har ein sår undertone og tek for seg fleire aktuelle problemstillingar. Kjensla av å vere utafor og den aversjonen hovudpersonen har mot skulen, er alvorlege tema det er lett for ein lesar å kjenne seg igjen i. Me får også innblikk i problema som foreldra til Mingus slit med: “Far min spelte til meg. Han lo mykje meir då. No ler han ikkje mykje, berre når kameratane hans kjem (...) Mor mi ler ikkje når dei er der. Ho seier ho er lei av å ordne etter dei.” Likevel er ikkje dette ein mørk roman. Med ein underfundig humor klarer Dag Helleve å styre klar av den dystre sosialrealistiske problemfokuseringa. Han har skapt ein underhaldande og spennande hyllest til fantasien.

Fantasien som problemløysar

Det rare fantasistyrte dyret hjelper Mingus gjennom ei utvikling der han etter kvart klarer å meistre dei problema han slit med. På kva måte det skjer, gir ikkje boka eit klart svar på, og det er nettopp noko av det som fascinerer med denne forteljinga. Lesarane vert vitne til at Mingus ved hjelp av fantasien forandrar seg, og me aner at det har noko med dyret å gjere. Men det vesentlege er ikkje korleis han klarer det, men at han, med fantasien til hjelp, faktisk gjer det. Mingus finn sin måte å takle problema på, andre må finne eigne løysingar på sine problem.

Kubanaren
er vel fortent innstilt som ein av finalistane i den nordiske barnebok-konkurransen. Dag Helleve er tidlegare kjend for ei rekkje bøker for vaksne. Med Kubanaren har Helleve gitt oss ei spennande nyskaping og eit etterlengta bidrag til barne-boklitteraturen.
Toril Berle Hanssen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |