Dag og Tid nr. 4 , 27. januar 2000

Film:
Ei poetisk mølje
Blandar du daud thriller med vakker poesi, får du mølje med bismak.

Når mørket er forbi
Regi: Knut Erik Jensen
Med: Stig Henrik Hoff, Gørild Mauseth, Snorre Tindberg,Gunnel Lindblom, Nicholas Hope m.fl.

Det har Knut Erik Jensen gjort i Når mørket er forbi. Filmen kan sjåast som den siste i trilogien som byrja med Stella Polaris (93) og heldt fram med Brent av frost (97). Med den siste oppnådde Knut Erik Jensen både kritikarros og ein viss internasjonal suksess. I Når mørket er forbi byggjer han i stor grad vidare på det som var gjennomgangstonen frå den førre filmen, han brukar det same miljøet og dei same skodespelarane; Finnmarkskysten, russiske innslag, Stein Henrik Hoff og Gørild Mauseth.

Også denne gongen er filmen klipt saman med spesiell omtanke for rebusløysarar. Både forteljeteknikken og klippinga krev sin mann heile vegen, men den som likar å lura, kan undervegs smørja seg med Olga Petrovas smeikjande musikk og Tromsø symfoniorkester. Og ikkje minst med Svein Krøvels fantastiske fotografering. Innimellom målar han blåst og frost og nedfrosen hurtigrute så vakkert at du knapt har sett på maken. Og til slutt fell brikkene på plass, i alle fall fleire av dei.

Manglar framdrift

Knut Erik Jensen har snakka mykje og varmt om Finnmark og Kyst-Noreg, ikkje minst etter at han byrja med førebuingane til Når mørket er forbi. Utandørsopptaka er stort sett gjorde i Finnmark, og undervegs har den nordnorske regissøren likt å framstilla Når mørket er forbi som eit viktig innlegg om Finnmark og kystkulturen. Sett i ein slik samanheng fungerer filmen diverre som eit slag i lause lufta.

Når mørket er forbi handlar om gutungen, Josef Omgang, som ein vinterdag vert sendt heimanfrå, og som får utdanning og vert advokat i hovudstaden. Når forholdet til kvinna han lever med, går over styr, vel Josef (Stig Henrik Hoff) å reisa tilbake til heimstaden på Finnmarkskysten. Der står hjørnesteinsbedrifta til faren på vaklande føter, og den heimkomne sonen møter fortida både på vondt og godt, deriblant fagforeiningskvinna Doris (Gørild Mauseth). Han hamnar midt oppi ein strid om oppkjøp av fiskekvotar i Barentshavet, med både russiske og tyske kjeltringar i kulissene. Dermed vert nordnorsk nattlys, bølgjer, himmel og hav piska saman til ein lettblodig, skummande thriller, men diverre manglar forteljinga både spenning og framdrift.

Når mørket er forbi byggjer på Alf R. Jacobsens roman Tango bacalao. I journalistikken er finnmarkingen ein av tungvektarane, men som thrillerforfattar har han vore blant lettvektarane. Manuset har Jensen skrive saman med Jacobsen, og det kan ikkje ha vore nokon styrke for filmen. Her finst det trasige skyteepisodar og eit komisk mord, og Gørild Mauseth og Stein Henrik Hoffs mykje omtalte hopp i eit iskaldt hav, tener til ingenting anna enn førehands-PR.

Dristig

Med Når mørket er forbi slår Knut Erik Jensen fast at han er ein av dei dristigaste av dei norske filmskaparane, men han kjem ikkje til å nå det breie publikummet. Det er synd. Trass i veikskapane er Når mørket er forbi ein av dei norske filmane som kan tilrådast. Her er det trass alt mykje å gle seg over. Når mørket er forbi er ein svært poetisk film, og då får ein heller tilgje at Gunvor Hofmos dikt og stor filmatisk poesi hamnar mellom plumpe thrillersekvensar.
Ottar Fyllingsnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |