Dag og Tid nr. 3 , 20. januar 2000

Musikk:

Hysj hysj, hush hush!
Norsk bestillingsverk lever vidare i engelskversjon.

Lars Martin Myhre:
Hush/Hysj
Via Music/Tylden & Co


Bestillingsverket Hysj vart skrive av komponisten og musikaren Lars Martin Myhre til Vestfold-festspela i 1997, med tekst av lyrikaren Gro Dahle. Bjørn Floberg og Kjersti Holmen resiterte teksten, vokalgruppa Kvitretten og eit ni mann stort band sytte for det instrumentale underlaget, med den danske trompetisten Palle Mikkelborg som solist attåt.

I 1998 kom verket på cd med strålande resultat, i ein sjanger der cd-utgåver av slike scenespel med tekst og musikk ikkje alltid er like vellukka. Spelet stiller også krav til opplesarane sin rytmiske sans, og stemmene til Floberg og Holmen glei naturleg inn.

Dristig

Å gje dette verket ut i engelsk gjendikting og engelsk tale er dristig, når det musikalske underlaget med nokre vokale justeringar og ny miks elles er det same. Men med Gro Dahles eiga gjendikting og skodespelarane Joanna Foster og Jonathan Guy Lewis som opplesarar er den naturlege rytmen framleis intakt. Foster er sjølv musikar i tillegg til skodespelar, og paret Lewis/Foster er på hogget slik dei skal vere i dette stykket.

Pust med

At dei musikalske arrangementa er patente, veit vi frå før. Opninga og slutten er eit tema vi kjennar att frå ein av songane med Odd Børretzen, og sporet som er inspirert av ein song frå Kapp Verde, er framleis ein höjdare.

Etterpå byrjar Kvitretten med spesialiteten pusteøvingar til knirkande perkusjon, før Joanna Foster byrjar å snakke om “The Gateway To Breathing”, og vi pustar med, medan Palle Mikkelborg omset pusten sin til trompetlyd med bass og trommekomp.

Hush er ein musikalsk leik med elementet luft, det første i ein planlagd syklus om grunnelementa luft, jord, vatn og eld. Pust med, du også.
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |