Dag og Tid nr. 3 , 20. januar 2000
Leiar:
Høyringar som sjukdomsteikn
To høyringar tok til på Stortinget denne veka, ei om Gardermoutbygginga, ei om fusjonen mellom Telia og Telenor. I saka om hovudflyplassen på Gardermoen er det i lang, lang tid mumla om riksrett mot Kjell Opseth; i samband med det som i våre auge vart eit vellukka forsøk på fusjon mellom Telia og Telenor, har pressa skrike seg hås om regjeringskrise.
Men Kjell Opseths ansvar i den årelange striden om hovudflyplass er da langt frå stort nok til å rettferdiggjera riksrettssak; og den rolla Dag Jostein Fjærvoll spelte i fusjonsforsøka, var da heller ikkje stor nok til å kaste ei heil regjering.
Det kan nok vera mange gode grunnar til at Dag Jostein Fjærvoll bør finne seg noko anna å gjera enn å vera statsråd. Diverre tyder mykje på at Fjærvoll sjølv ikkje er i stand til å sjå dei gode grunnane, men fusjonsforsøket mellom Telia og Telenor er iallfall ikkje ein slik grunn.
Det er underleg å sjå korleis politikarar som var pådrivarar for fusjonen mellom Telia og Telenor, som heilhjarta støtta den vanvittige ideen, og som sjølve også burde ha ansvar for å skaffe seg informasjon og innsikt i saka, i ettertid går til stormåtak på den statsråden som gjennomførte fleirtalsønsket.
I denne samanhengen skil ikkje Gardermosaka seg særleg ut, sett bort frå at politikarane heldt ho gåande i mange år, og at Stortinget nesten ikkje var i stand til å gjera eit vedtak om hovudflyplass. Ei open høyring åtte år etter at vedtaket om hovudflyplass vart gjort, fritek ikkje stortingsrepresentantane frå det ansvaret dei sjølve har når dei er med på å gjera vedtaket.
Truleg har dei for lite å drive på med på Stortinget. Dei viktige sakene har politikarane for lengst skufla ut av huset og overlate til andre, mektige samfunnsaktørar, mens representantane sjølve bruker all energi til å kaste fellesansvar over på nokre statsrådar som tilfeldigvis har vore innom Samferdselsdepartementet da viktige saker var til behandling i Stortinget.
Det eit sjukdomsteikn når aggressive politikarar med baklommene fullstappa av ansvar gjer stortingshøyringane til eit politisk markeringssirkus som ikkje kjem til å få konsekvensar for noko anna enn tilliten til politikarane. Skal vi først ha sirkus, finst det uansett folk her til lands som kan faget betre.
Audun Skjervøy
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|