Dag og Tid nr. 3 , 20. januar 2000

Klok på bok 550:

Klok på hus

Kolossalt mange svar på denne oppgåva òg, har Barabass breka høgt på veg frå postkassen kvar dag denne veka. Di fleire svar, di meir smørblid vert han. “Etter grundige studier i min gamle Landstads rev. (fra konfirmasjon) må svaret være Kingo. Hold fram med oppgaver som de to siste, da kan vi middelhavsfarere også være med”, oppfordrar Sigmund Aldra i Sandnessjøen. Me skal laga nokre lette og nokre vanskelege oppgåver, seier Barabass. Og det er eg i grunnen samd med han i.

Solveig Åsvang i Baldersheim håpar at me ikkje pønskar ut for vanskelege oppgåver dette året, og skriv slik: “Denne fyrste var no lett, det er Thomas Kingo sitt verk. Han var dansk biskop og salmediktar”. Premien denne veka vert rett og slett sendt til Balestrand. Barabass og eg gratulerer!

Anne Cecilie Værland i Stavanger er òg blant dei kloke. “Endeleg var det noe eg òg kunne svare på”, skriv ho og svarar slik ho skulle.

“Sjølv om eg ikkje er nokon salme-ekspert, vart miljøskadd på folkeskolen i si tid - pugging av salmevers har eg aldri skjønt vitsen med, så var dette lett. Ikkje er det Petter Dass, så dermed må det vere den danske salmediktaren Thomas Kingo, i all sin barokke 'velde'”, skriv Torill Strøm på Myre.

Ein annan som legg vekt på det barokke, er Tore Aschim i Askim. “Verda står vel til påske no når vi har berga oss gjennom det såkalla tusenårsskiftet. Den fyrste oppgåva i det nye året er den praktfulle påskesalma til Thomas Kingo (1634-1703). Her er det barokkdikting på sitt mest storfelte.”

Og så har Klok-kameratane i Bergen vore i det kunstneriske hjørnet denne veka:

“Godt nytt aar, herrerne dale-oscar og barabass!
nuvel, vaar kienning thomas kingo
er icke av de mest besuærlige at kiende igjend...
hva andet kan vi sige,
end at anti-teserne er der,
epiteterne ligesaa.
men alt ere bragt under eksemplarisk controld!
..og nu seer vi frem mot paasken, vi med...
eders troloese,sindre og lars helge”

Kaare Stegavik på Trolla har òg tenkt sitt. “Da æ såg sittate' tænkt æ me ein gång på'n Jon P. Enlid frå Budal'n som skreiv om
 
UTVIKLING

Oldefar hadde
sin hest
Og sin Kingo,
eg har
min bil
og min Bingo.”

“På internett finnes Claus Pavels dagbøker lagt ut. Pavels (1769-1822) var bl.a. biskop i Bergen og skriver den 23de April (1821) 'Atter var jeg i Domkirken, mindre for at høre Brun, end for at synge den deilige Psalme:
'Som den gyldne Sol frembryder'. Det er en Paaskepsalme! Dikteren, der skrev den, troede vist baade paa Jesu Opstandelse og sin egen.'

Jeg slutter meg til salige bisp Claus i denne saken”,
skriv Morten Haugen i Brekstad.

Sherrysøstrene i Odda helsar med “sol i hjerte og sol i sinnet”, og Ingeborg Svendsen i Leikanger har sjekka salmeboka: “'Soltemaet' minner meg om en annen av salmene hans. 'Nu rinner solen opp av østerlide, forgyller bergets topp og fjellets side.' (fritt etter hukommelsen). Noen har fortalt meg at han var gift med en (prestedatter?) fra Sunndalen - og disse linjene er ihvertfall en god beskrivelse av sol på fjelltoppene der mens resten av dalen enda ligger i vintermørket”, skriv Svendsen.

Skulle me få plass til alle svara denne veka, måtte me ha gjeve ut eit eige Klok på bok-bilag. Eg tykkjer i alle fall me skal nemna ein del namn, seier Barabass. Marta Bjerkeng i Øverbygd har nærast skrive ein heil artikkel om Kingo. Sanneleg er det mange kloke der ute, seier Barabass. Andreas Solem i Orkanger, Sigrun Gavelstad i Oslo, Terje Aas i Bergen, Gunnvor Hatlestad i Volda, Anne Berit Skeie i Sand, Johannes Langeland i Sykkylven...

Klok 550

Det snedde fremdeles. Utenfor vinduet kunne jeg se en rekke falleferdige hus. Langs veiene dannet det seg snefonner. På fortauet trampet man i klebrig søle. Da jeg kom ned, satte han borte ved ovnen. Ansiktet hans vart rødt og oppsvulmet, med poser under øynene.

Dette er byrjinga på ein roman. Forfattaren er fødd i ein hovudstad i eit tidlegare austblokkland og sat i ein periode i konsentrasjonsleir. Romanen kom på norsk på 90-talet. Kven har skrive romanen? Veit du svaret sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til bladstova@dagogtid.no. Svar innan 26. januar. Lukke til!
Dale-Oskar og Barabass

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |