Dag og Tid nr. 3 , 20. januar 2000

Herbjørn Sørebø:

Lang skugge av ein krig
Når skal vi bli ferdige med den andre verdskrigen, spør somme når dei les, høyrer om eller ser bøker om dette emnet. Svaret er at vi aldri blir ferdige med det som hende i desse åra, og det bør vi ikkje bli heller. Her er ein bodskap å ta med til alle tider. Framleis grev forskarane fram mykje nytt og ukjent frå kjelder som har vore stengde, eller tek fram slikt som har vore lite påakta eller fortrengt. Somt er verdshistorie, andre tilhøve berre av nasjonal eller lokal interesse.

Verdshistorie er det når dokument frå krigstida som nå er frigjevne viser at Winston Churchill og Franklin D. Roosevelt ville bryte med Charles de Gaulle i 1943. I dei næraste grannelanda våre, Danmark og Sverige, er det kjenslefylte ordskifte om korleis styremaktene og folk flest stilte seg til nazismen. I Sverige er det nynazistiske valdshandlingar som har utløyst ordskifte om kor nøytral den lovprisa svenske nøytraliteten var då verdskrigen rasa, og det ligg føre ei bok om svenskar som gjorde krigsteneste i Waffen SS, utan at det etter krigen vart noko rettsleg oppgjer med dei overlevande. I Danmark har forskarar med bøker om danske soldatar i Waffen SS, og om motstand og samarbeid med den nazityske krigsmakta under okkupasjonen, gjeve grunn til kritisk etterprøving av offisiell historie. Her er det sår som ikkje er grodde.

Kor djupt inntrykk frå krigstida sit i folkesjela fekk vi eit  litt kuriøst - døme på hos oss nå ved årsskiftet: Etter ei røysting blant lesarane kåra Bergens Tidende Leif Larsen  Shetlands-Larsen - til “Århundrets vestlending”. Mannen som gjorde dei farefulle turane over Nordsjøen under krigen var suveren vinnar. Han fekk større oppslutnad enn både Chr. Michelsen og Jakob Sande.

Det har vore kjent i eit halvt hundre år at tilhøvet mellom Winston Churchill og Charles de Gaulle var prega av ein djup skepsis i krigsåra, men det har ikkje vorte skildra som så konfliktfylt som frigjevne dokument viser nå. Churchill meinte at leiaren av “dei frie franske styrkane” i eksil var “ein bitter fiende” av Storbritannia, at han hadde “fascistiske tendensar” og kunne kaste Frankrike ut i borgarkrig. Under eit møte med Franklin D. Roosevelt kalla han Charles de Gaulle for “ein forfengeleg, ja, beint fram vondskapsfull mann”. Mykje tyder på at dette synet på generalen vart styrkt av vertskapet i Washington, så “Britman” telegraferte heim at han var budd på å forsvare i parlamentet at dei nøytraliserte den brysame franskmannen. Det ville ikkje visestatsminister Clement Attlee og utanriksminister Anthony Eden vere med på, og dette er ein av dei få gongene Winston Churchill fekk krigskabinettet mot seg. I det konfliktfylte tilhøvet mellom Winston Churchill og Charles de Gaulle kan ein sjå ein spire til det fransk-tyske samarbeidet i 50-åra som ende med skipinga av EU.

Det har vorte stilt mange kritiske spørsmål om dansk politikk i krigsåra. I ei bok blir søkelyset nå sett på vervinga av danske menn til krigsteneste på tysk side. Denne vervinga vart offisielt tillaten av den danske samarbeidsregjeringa. Tanken var at tyskarane ikkje skulle krevje ein regulær dansk arme, men nøye seg med å rekruttere dei som melde seg. Kor sant var det, og kor klokt var det? Det melde seg i alt 12.000, og av dei vart 6.000 tekne inn i Waffen SS. Det var ein minoritet i denne krigsmaskinen, men dei gjorde seg skuld i krigsbrotsverk der dei var med, og somme av dei kjempa til og med etter at tyskarane hadde gjeve opp. “Kriegesverlängerer” vart dei kalla av tyskarane i sluttstriden om Berlin.

Det er det kollektive minnet ordskiftet i grannelanda våre gjeld. Stikkord er nazigull og politisk samspel med fienden. Korleis har det kollektive minnet vorte skapt, og kva for løgner har det bore vidare? Vi har nok også sjølvkritiske spørsmål å stille. Les ei bok av Ragnar Ulstein, “Lagunen og stormen” (Forum. Aschehoug), om ei bygd i Europa. Krigsheltane som hadde brukt ungdommen sin i kamp for landet fekk ikkje fri utdanning då dei kom heim, slik amerikanske soldatar gjorde. “Men misunninga var det verste”, seier ein av dei i boka. Dei hadde då hatt det så godt, fekk dei høyre.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |