Dag og Tid nr. 2, 13. januar 2000

Bøker:
Glatt
Romanen Lucca er velskriven og elegant komponert. Men eg blir ikkje gripen av forteljinga eller av menneskelagnadene, skriv Steinar Lillehaug.

Jens Christian Grøndahl
Lucca
Omsett av Annie Riis
Pax

Lucca heiter andre romanen den danske forfattaren Jens Christian Grøndahl har fått omsett til norsk. Det er den kvinnelege hovudpersonen som har gitt tittel til boka - ho er dansk, men har italiensk far, og mor hennar kalla ho opp etter heimbyen hans, der Lucca blei unnfanga. Ho er skodespelar, og når forteljinga tar til, har ho nettopp vore utsett for ei bilulykke. Før ulykka har ho fått veta at mannen hennar har ei anna kvinne og vil gå frå ho, og ho dreg av garde i fylla for å oppsøkje ein tidlegare kjærast ho slumpa til å treffe att noen dagar i forvegen.

På sjukehuset blir ho tatt hand om av den mannlege hovudpersonen, Robert. Han har heller ikkje vore heldig med kjærleiken; etter å ha overraska kona i seng med ein kollega, skilde han seg, flytta, og fekk jobb som lege på sjukehuset der han altså fekk Lucca som pasient. Det viser seg at ho blei blind etter ulykka, og den lovande karrieren hennar er truleg over. Robert blir inntatt i ho og bestemmer seg for å ta seg ekstra av ho.

Utover i romanen blir vi kjent med fortida til Lucca og Robert, kvar for seg. Da mor til Lucca trefte mannen som blei far hennar, sende ho heim han ho hadde reist på ferie saman med, som inntil da hadde vore ektemannen hennar. Den nybakte faren blir med til Danmark, og dei lever saman som ein lykkeleg familie på tre til han reiser attende til Italia. Som ung vaksen blir ho kjærast med ein nokså keisam komponist som ho går frå når ho fell for skodespelaren Otto. Den framståande, men aldrande instruktøren Harry Wiener får auge på ho og tilbyr ho rolla som Bertha i “Faderen” av Strindberg. Ho blir glad i han, og dei blir eit par. Gjennom Wiener blir ho kjent med ein dramatikar på hennar eigen alder, og denne mannen giftar ho seg og får barn med. Noen andre menn er også innom livet hennar, og før ho treffer Robert, er far hennar den einaste mannen forfattaren lar ho bli kjent med utan at dei har sex med einannan.

Robert er ein oppkomling. Far hans var herrefrisør på Jylland, og dei møttest aldri. Mora er den einaste kroppsarbeidaren som spelar ei rolle i romanen, men ho har kulturelle interesser på den måten at ho les 1800-talsromanar i eininga. Robert er også storforbrukar av kultur, men det er klassisk musikk, først og fremst svulmande symfoniar, som ligg hjartet hans nærast. Akkurat som Lucca har han ein tendens til å hamne i høyet med alle av det motsette kjønnet som kjem i hans veg, og når han endeleg blir utsett for noe som liknar kjærleik, viser det seg at den han er glad i, heller ikkje er spesielt kysk. Samleiet er ikkje det vakraste som skjer mellom to menneske i denne romanen. Tvert imot er kjønnsleg omgang opphav til konfliktar, sorg og oppbrot. Den einaste sikre kjærleiken hos Grøndahl er kjærleiken mellom foreldre og barn, sett frå foreldra sin synsstad. Både Lucca og Robert har eit nokså kjølig forhold til sine eigne foreldre, men dei elskar sine eigne ungar djupt og inderleg. Korleis det ser ut, eller kan komma til å sjå ut den motsette vegen, kan ein berre gisse.

Det er ikkje medvitet som styrer hovudpersonane, men drifter og angst. Dei ser det ikkje sjølv, men når dei er vitne til framferd som liknar si eiga, synest dei at det er motbydeleg. Dette gjeld først og fremst Robert, som har ein yngre kvinnejeger til kollega og ven. Lucca ser korleis mor hennar endrar seg etter at ho giftar seg med ein forretningsmann som stiller krav til representativitet, og ho liker det dårleg, utan at ho sikkert kan seia at ho er meir sjølvstendig sjølv.

Lucca er ein velskriven roman og svært elegant komponert. Personane er godt skildra og detaljrikdommen er stor. Trass i dette blir eg ikkje gripen av forteljinga eller av menneskelagnadene. Rastløysa til det moderne mennesket, framandgjeringa, leitinga etter kjærleik, forholdet mellom kjærleik, sex og makt - dette møter ein på omtrent same måten i såpeseriar på fjernsynsskjermen. Det verkar litt meir elevert når drama av Shakespeare, Ibsen og Strindberg og symfoniar av Mahler, Brahms og Bruckner inngår i kulissene, men refleksjonsnivået er ikkje mye høgare i dette verket enn i seriane som går dag ut og dag inn til underhaldning eller irritasjon.

For meg blir Lucca rett og slett for glatt. Det er den ypparlege stilisten Annie Riis som har gitt boka norsk språkdrakt, og dei yttarst få danskaktige vendingane som har fått passere, verkar som menneskelege innslag i ein heilskap som elles ville vore for perfekt.
Steinar Lillehaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |