Dag og Tid nr. 1, 6. januar 2000

Leiar:
Alt som før

Mykje blir ved det gamle. Det hevdar iallfall den namnlause volva (“volven”, som det heiter på anemisk bokmål i hovudstadsavisene), på Island. Kven denne volva er, er det diverre ingen som er i stand til å fortelja oss, og det meste av det ho spår, er også uinteressant, sett bort frå den generelle påstanden om at mykje blir ved det gamle, da. Det er i det minste ein treffsikker spådom. Truleg er det lærdom.

Kvar tid finn sine trugsmål. På slutten av 1800-talet vart undergangsfrykta hausa opp med tidsrette endetidsprofetiar før hundreårsskiftet.

Den siste halvdelen av 1990-åra vart effektivt nytta til endetidsprofetiar for vår tid: Datasamanbrot. Det var ikkje grenser for kva som kunne gå gale: Videospelarar og kjøleskap skulle slutte å verke; moderne bilar med elektronisk tenning kom ikkje til å starte; datasystema i bankane kom til å gå i spinn; vassforsyninga skulle bryte saman; det same kom til å skje med straumforsyninga; vi kunne ikkje ringje til kvarandre; atomkraftverk  særleg dei i Russland  kom til å bryte saman og spreie død og elende over verda; vi vart rådde til å satse på fyrstikker i staden for lighterar; og statsminister Kjell Magne Bondevik spelte inn tidenes mest keisame reklamevideo  med Thorbjørn Jagland i kulissane  for å roe urolege, norske sjeler.

Ingen har oversyn over kor mange titals milliardar IT-bransjen berre i Noreg har tent på frykta. Men det har vore vel brukte pengar, meiner både Helen Bøsterud, direktør i Direktoratet for sivilt beredskap, og næringsminister Lars Sponheim.

Derfor blir det litt av ein nedtur å lesa rapportane frå Direktoratet hennar Bøsterud, for dei er ikkje i stand til å melde frå om eitt einaste problem  ikkje eit lite ein gong. Og desse rapportane dekkjer heile verda. Rett nok greidde NRK-Dagsnytt å finne ut at datasystemet på børsen i Pakistan ikkje greidde å datere aksjehandlar til år 2000, men sette i staden år 1900 på transaksjonane. Men det fremjar neppe undergangen.

Sponheim og Bøsterud vil truleg hevde at fråværet av problem stadfestar at milliardane var naudsynte. Men alle som har hatt litt å gjera med folk innanfor databransjen, veit at den datakonsulenten som greier å tette alle hol, enno ikkje er skapt. Så anten er nokon lurt, eller så har det skjedd eit mirakel.

Med andre ord: Det meste er ved det gamle. Og slik blir det òg. Godt år!
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |