Dag og Tid nr. 1, 6. januar 2000

Klok på bok 448:
Klok på Sool

Godt nytt år til alle dykk som les og/eller svarar på Klok på bok-oppgåvene. Barabass og eg har hatt det strålande i jula. Julaftan med Paula på Posta på besøk var ein suksess. Meir seier me ikkje om den saka. Nyårsaftan hadde me det retteleg fint her på garden. Barabass meinte me skulle invitera naboane til fest, og slik vart det. Me var fem i talet som feira inngangen til det nye tusenåret  og så alle sauene då. Å invitera folk har mest vorte ein vane etter denne jula, meiner Barabass. Me har ikkje vore så flittige med det tidegare.

Skiftet til år 2000 har gått heilt fint her på garden. Me har ikkje merka nokon vanskar med overgangen korkje i floren eller andre stader. Sauene brekar og et som før, bustadhuset treng framleis måling, og Barabass og eg ser akkurat ut slik me gjorde i førre tusenåret. Det er me sjølvsagt svært glade for.

Teksten de skulle finna ut av denne veka, tykte me hadde ein aktuell tittel.

“Ja, nettopp 'Godt nyttår' heiter den vesle Prøysen-forteljinga som eg, med eit stort bibliotek til rådvelde i heile arbeidsveker til ende (det heiter visst konkurransefortrinn), fann på side 23 i boka 'Folket i Plassgrenda'.” Det skriv Torill på Tittelsnes. Dama med konkurransefordelar kan dessutan fortelja følgjande: “Elles har eg skeiser, brukar dei sjelden (er eigentleg skeising noko for damer som nærmar seg lårhalsbrotalderen?) og er bibliotekar. Held dette til eit støttemedlemskap i ei for meg ny og for alle truleg eksklusiv foreining?”, skriv Torill. Det er skøytebibliotekarane ho tenkjer på. Dei er ein liten (berre to medlemmer etter som Barabass og eg har forstått) og eksklusiv gjeng som svarar på Klok på bok.

“Klok 446  forfattaren er det ingen tvil om, språket er klårt og tydeleg Alf Prøysens. Novella heiter 'Godt nyttår', og det skulle vere ein aktuell tittel no i alt millenniumsstyret...” Skriv Elen Maria Todal.

“Tidlegare i denne uka snakket jeg med en norsklektor om hvilken suveren klasse det er over Alf Prøysen i de korte stubbene. Der er han på sitt beste, og der er han kjempegod, var vi skjønt enige om!” Det meiner Morten Haugen på Ørland folkebibliotek.

Det ville nok Kaare Stegavik på Trolla vera samd i. Han skriv slik: “De e'n Alf på sett bæste, itjnå my rosa romantikk der i går'n, de e beisk å knaillhard realisme må'n vel sei!”

“Eg takkar for den lett løynde bodskapen med ønske om eit godt nytt år til alle som les Kpb-spalta. Alt Prøysen var ikkje til å ta feil av. Denne mininovella har tittelen 'Godt nyttår'. Vi får vone at dei fleste familievitjingane i jula og på nyåret er meir velkomne enn i denne teksten.”
skriv Tore Aschim i Askim.

Arnt Karsrud bur på Raufoss og skriv slik: “Å vælja ut et slikt stykkje ær vældig lurt; dæ seier mæssom noe om dækk som væl ut. Dekk må ha lesi mye. Je trur itte det ær for dæ at de syns dæ passer med årstida, dæ ær væl like mye for å ta fram alt som ligg bakom.” skriv han. Noko som sjølvsagt gjorde Barabass ikkje så lite stolt. Brevet er hengt opp i floren.

“Je læs Prøysen og lurer på håffer je skal høre juleveangeliet og synge julesanger om Betlehem når jeg ser stjærna over huset hennes Jordmor-matja,” legg Karsrud til.

Ingrid Lomhot på Nesoddtangen har gjort stor innsats for å finna fram til korrekt svar. Olav Molven i Bergen, Inge Staldvik i Skorovatn, Birgitte Berge i Bergen, Ranveig Lundquist i Orkanger. Alle har dei svara korrekt på oppgåva. Vinnaren denne veka er Birgitte Berge i Bergen. Gratulerer!

Så kjem den fyrste Klok på bok-oppgåva i det nye året i det nye hundreåret i det nye tusenåret. Barabass og eg håpar at Klok-hjernane kringom fungerer like godt etter tusenårsskiftet som dei gjorde før.

Klok 448
Som dend Gyldne Sool frembryder
Giennem dend kulsorte Sky,
Og sin straale-Glands udskyder,
Saa at Mørk og Molm maa fly,
Saa min JEsus aff sin Grav,
Og det dybe Dødsens Hav,
Opstood ærefult aff Døde,
Imod Paaske Morgen-røde.

Barabass meinte det var litt tidleg å byrja med påskesalmar allereie no. Pytt, sa eg. Slik byrjar ein salme dikta av ein vevarson. Salmediktaren vart både biskop og adla. Forfattaren har ikkje berre skrive salmar, men òg mellom anna minnedikt, hyllingsdikt og naturskildringar.

Kva heiter diktaren? Veit du det, sender du svaret til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til bladstova@dagogtid.no. Svar innan 12. januar. Lukke til!
Dale-Oskar og Barabass

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |