Dag og Tid nr. 1, 6. januar 2000

Herbjørn Sørebø:
2000

årstalet har tre nullar
vi ser tvers gjennom nullane
vi ser ingenting
vi har ingenting lært

0 går kring i mørkret
0 samlar tal kring seg
0 byter seg ut
brått er det 0 att av 0
som likevel er der
inni mørkret
og sprett fram att ein dag
ein vakker dag
ein mørk dag
som ein ny 0

vi
menneska
kjem til å nulle ut
eit nytt hundreår også
dag etter dag
veke etter veke
krig etter krig
dei rike blir rikare
med sugekopp på fattige
ingen bryr seg
fotballen er rund
tv-en er flat
jorda ligg flat

litt etter litt
nullar vi ut
slik vi et av ein smoltring
til berre holet er att

slik vi har nulla ut 1999
med tre nullar
og dobla ein til to
utan ein smoltring meir
av kunnskap om 0

det seier oss 0
det gjer oss 0
at 0 har kledd seg med
bytt seg ut
med andre tal
andre stader
med 0 i skilnad

berre datamaskinane kan lese
0 rett.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |