Dag og Tid nr. 51-52, 23. desember 1999

Berge Furre:
Ein raud klut

Berge Furre tenkjer lenge før han svarar:
- Dei store optimistiske, kollektive framtidsvisjonane manglar i det norske samfunnet ved tusenårsskiftet. Det finst forventingar til framtida, men dei ligg meir på det individuelle planet. No gjeld det å verta ein vinnar, og difor satsar dei unge på å skaffa seg den beste utdanninga i den rette bransjen. I stor grad pregar individualiseringa og frykta for å verta tapar framtidsbiletet og forventingane, meiner professoren.

OTTAR FYLLINGSNES

På eit lite, overfylt kontor i Blindernveien sit Berge Furre ein førjulsmorgon. Dei mange bøkene og tidsskriftkartongane vitnar om ein professor med eit interessefelt som er så vidt at vanlege dødelege kan verta sveitte av mindre.

På pulten ligg Framtiden - Eirik Newths ungdomsbok. Ei anna bok fortel korleis folk budde i Tysvær i tidlegare tider, ei tredje om kyrkja og det sosiale spørsmålet, ei fjerde om “unquite souls”. Hyllene med tidsskriftkartongar minner om at det framleis pumpar raudt blod i den gamle SV-politikaren.

Det er dagen for juleavslutning med prestespirane, og professoren har pynta seg både med slips og heimestrikka genser. Han har sett av ein time til Dag og Tid, men det vert nesten to. Professoren står på førjulsterskelen mellom undervisning og forsking. Han snakkar med varme i røysta om undervisningsfrie dagar - i arkiv og bibliotek.

Men først skal journalistane ha sitt. Eg har ikkje før sett meg, før ein av dei er på tråden. Og når dei to timane er over, er det to til på telefonsvararen.

Det var i 1991 at historieprofessoren konverterte og vart professor i teologi ved universitetet i Oslo.

Frå Berge Furre byrja på teologistudiet i 1956, skulle det ta 42 år før han vart ordinert til prest. Det skjedde på Hamar i fjor vår, og sidan den tid har han fungert som prestevikar i Hamar bispedømme, med om lag ei gudsteneste i månaden.

Tidleg på 90-talet fekk Berge Furre mykje ros for ei ny historiebok om det siste hundreåret. No har han gjeve ut ein ny versjon, 1914-2000. Frå krig til uvisse. Der har han fylt på med det siste tiåret, men det var ikkje heilt lett.

- Det tok to til tre gonger så mykje tid å skriva om 90-talet som om 80-talet. Årsaka kan vera at mange av bere-bjelkane i verdsbiletet i etterkrigstida er borte; som den kalde krigen og kløyvinga av Europa. Det verkar dessutan som mykje av det som var rekna som stabilt og fast i Noreg, ikkje er det lenger. Det ser ut til at endringane skjer i eit stadig større tempo.

I den førre historieboka var ikkje Berge Furre med som historisk person, men i den nye utgåva er han det, med Lundkommisjonen, “Furre-saka” og statsråden som måtte gå.

Det er kanskje ikkje så rart at professoren helst ikkje vil seia for mykje om framtida. Han viser til at det nesten alltid går gale når historikarar skal spå, og at det siste tiåret vart heilt annleis enn han hadde trudd.

Men historikaren gjer eit poeng av den store skilnaden på dette hundreåret og det førre. - Det førre hundreåret var prega av dei store kollektive framtidsprosjekta og dei store forteljingane om framtida; om demokrati, om framsteg, industrialder og sosialisme, men det fanst undergangsstemning den gongen også. No ser det ut til at framtidstankane til folk dreier seg mest om samfunnet greier omstillinga frå 99 til 00. Det er få eller ingen som snakkar om kollektive framtidsprosjekt.

I den nye historieboka skriv Berge Furre om industrisamfunnet som går frå vokstervisse til framtidstvil.

- Eg vil ikkje seia at tonen ved hundreårsskiftet er pessimistisk, men eg trur at tvilen og uvissa om framtida er eit hovuddrag. Kanskje kan ein seia at tvilen er farga av resignasjon.

- Du sluttar boka med å visa til at “generasjonen ved tusenårsskiftet vande seg til at katastrofane hang som syklonskyer i synsranda”.

- Det er nok mykje resignasjon i tida, og truleg heng det saman med det som har skjedd i politikken dei siste åra. Dei politiske organa har gjeve frå seg det meste av dei økonomiske og politiske styringsreiskapane, og trua på politisk styring av samfunnet har vorte avgjerande svekt. Det som ein kallar globalisering, handlar først og fremst om at kaptialmarknadene har vorte internasjonaliserte. Stengslene og kontrollen av pengestraumane ved landegrensene er rivne ned. Før hadde ein ei planleggingseining, og det var til ein viss grad mogeleg med økonomisk planlegging av samfunnet. Det var eit slags gjerde langs grensa, og ein kunne disponera ressursane innanfor landegrensene. No har ein rive ned gjerdet, utan at ein har fått noko internasjonalt styringssystem i staden. Dei transnasjonale selskapa har vorte mektige aktørar som handlar på tvers av alle landegrenser, og stadig tvingar dei næring etter næring inn i den transnasjonale alderen. Historia om Telia og Telenor er ein del av dette.

Berge Furre meiner at globalisering er eit omgrep som først og fremst er eigna til å laga rot i tankegangen. - Når folk seier at globalisering er bra, snakkar dei om den internasjonaliseringa som har gått føre seg sidan dei store oppdagingane på 1400-talet. Eg budde eit halvt år i Brasil sist vinter, og der var globalisering noko heilt anna. Der var globaliseringa det som eg har kalla internasjonaliseringa av kapitalmarknaden, det vil seia at Brasils økonomi vart overteken av dei transnasjonale selskapa og Det internasjonale pengefondet, som stilte krav til drastiske nedskjeringar på Brasils vesle sosialbudsjett. Dette skjedde i eit land der halvparten av folket lever under fattigdomsgrensa. For brasilianarane vart globaliseringa for det meste opplevd som maktesløyse. Dei opplevde det som om dei var i amerikanarane og Det internasjonale pengefondet sine hender, og at dei fekk mindre og mindre å seia. Brasil hadde tidlegare ein sterk offentleg sektor, men no har dei transnasjonale selskapa teke over det meste. Det inneber at store delar av eigedomsretten går ut av landet. I Brasil var det jamvel slik at dei gode vegane var selde til utlandet. Store selskap kjøpte dei, pussa dei opp og innførte høge bompengar.

Berge Furre viser til den økonomiske krisa som pengeflyttarane skapte i Asia i fjor.

- Då kapplaupet i Asia etter uproduktiv profitt var slutt, vart spekulasjonane sette inn mot Brasil. Der var eg i januar. Eg hadde nokre kroner med, og der opplevde eg brått å verta dobbelt så rik frå eine dagen til den andre. Resultatet vart at Brasil måtte gå med tiggarstaven til Det internasjonale pengefondet for å berga økonomien frå totalt samanbrot. Og kva gjorde ikkje Brasils regjering i ein slik situasjon? Frå USA kalla dei inn ein person som styrte det amerikanske kontoret til Soros, den største internasjonale spekulanten, og gjorde han til nasjonalbankdirektør.

- Er det mogeleg å kontrollera dei transnasjonale selskapa?

- Det går føre seg ein internasjonal diskusjon om å få til eit internasjonalt system som kan vinna noko kontroll med valutaspekulasjonen, og det er tenkjeleg at ein kan få til det. Også på nasjonalt plan er det mogeleg å gjera noko for å styra pengeøkonomien. Så lenge Noreg står utanfor EU, kan me i stor mon styra vår eigen valuta, men dette vert ofte oversett.

Ein som har drive lenge med historie, vert ikkje skuffa, svarar Berge Furre når han vert spurd om han er skuffa over det som har skjedd etter folkerøystinga i 1994.

- Stortinget er dominert av eit fleirtal som eigentleg ikkje har kjent anna enn ein formell lojalitet overfor nei-fleirtalet. Politikarane respekterte nei-et ved at det ikkje har vorte noko medlemskap, men kvart forsøk frå nei-regjeringa på å føra ein sjølvstendig politikk har vorte møtt med motstand frå eit fleirtal i Stortinget. Difor har politikken vorte ein tilpassingspolitikk til EU.

- Trudde du på annleislandet i 1994?

- Ein kunne no vona på det, ein kunne vona at det EU-glade fleirtalet på Stortinget i nokon større mon ville kjenna lojalitet i høve til nei-fleirtalet, og at dei difor gjekk inn for ein meir sjølvstendig politikk overfor EU. Det er nok berre spørsmål om tid før det kjem ein ny debatt om norsk EU-medlemskap, og den debatten kjem nok til å vera sterkt avhengig av kva som skjer med EU. Som organisasjon kjem EU til å gå inn i si alvorlegaste krise når dei skal tilpassa det institusjonelle apparatet til den store utvidinga. Endringar i EU har alltid skjedd gjennom kriser. Ein har kjørt samarbeidet heilt til randa av stupet, før ein har funne ei løysing. No har medlemslanda plikta seg til ei omfattande utviding av EU, utan å vita korleis det institusjonelle apparatet, som vart laga for seks nasjonar, skal byggjast ut for 20-30. Ingen anar korleis dette spørsmålet skal løysast.

På 70-talet var Berge Furre formann i landbrukskomiteen på Stortinget, og dermed også ein pådrivar for opptrappingsvedtaket som lyfta mange bønder opp på industriarbeidarløn.

- Innebar opptrappinga ei utsetjing av fråflyttinga frå bygdene - frå 70-åra til 90-åra?

- Eg har fleire gonger sagt at opptrappingsvedtaket var eit gode for jordbruket, og at det gjorde det mogeleg for jordbruket å overleva Gunhild Øyangen. Eg trur at pessimismen kringom på gardane var større tidleg i 70-åra enn han er i dag, men det er all grunn til å vera uroleg for framtida til norsk landbruk, seier Berge Furre. Han er skeptisk til forslaget frå regjeringa om å innføra meir marknadspris på gardane og å auka konsesjonsgrensa frå 5 til 15 dekar.

- Det har vore eit godt trekk med det norske samfunnet at jord ikkje har vore handelsvare på same vis som forbruksvarer. Faren er at ein no kanskje får eit kapplaup for å redusera storleiken på småbruka, slik at dei kan seljast til feriebustader.

- Trur du at sentraliseringa kjem til å halda fram, med færre bønder og større byar?

- Det går i den leia no, men eg vil ikkje overlata meg sjølv til pessimismen. Det finst motkrefter, og eg trur at ein har investert så mykje økonomisk og mentalt i distrikta at dei har berekraft. Men det trengst nytenking, og på det feltet skjer det ein god del, ikkje minst i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Ein del av dei berande verdiane i det norske samfunnet står under press i dag, men me har trass alt ein likeverd- og jamstellingstradisjon som går langt tilbake i tida. Tanken om at det korkje skal vera stor rikdom eller stor fattigdom har prega det norske samfunnet lenge. Likeverdsideen har stått sterkare i vårt samfunn i dei fleste andre. Hans Nielsen Hauge syntest ikkje det var gale å tena pengar, men ein skulle tena pengane for Gud, det vil seia at ein skulle skapa arbeid og velferd for menneska. Levekåra skulle vera jamne. Og det ligg bak heile distriktspolitikken og utjamninga mellom landsdelane. Dette er tankar som står under press på grunn av internasjonaliseringa og globaliseringa av økonomien. Likevel trur eg at dei tradisjonelle verdiane stikk svært djupt i den norske folkesjela. Dei er ikkje til å spøkja med. Det gamle idealet eksisterer framleis; det som seier at me verken ser ned eller opp på kvarandre; i staden har me kvarandre i augehøgd. Det er det tradisjonelle norske menneskesynet.

Berge Furre dreg fram også ein annan norsk tradisjon; at det nasjonale ikkje har vore knytt til det etniske. - Vilkåret for borgarskap i 1814 var ikkje språk eller slekt, men at du hadde budd her i landet ei stund. Til ein viss grad fekk den norske nasjonalismen eit sterkare innslag av etnisitet seinare, men me har tradisjon for at den som bur her i landet, er norsk. Det er sunt, og det skal me hugsa på.

Berge Furre dreg fram religionsdialogen i kyrkja som ei interessant utvikling i dagens samfunn. Han snakkar om møte mellom religionar, og kor viktig det er å snakka med folk frå andre religionar ut frå eit likeverdspremiss.

- Dette var farlege og fjerne idear i misjonslandet Noreg for 20 år sidan. Sidan har det skjedd ei grunnleggjande endring, og kanskje var kyrkjeasylet sterkt medverkande til det. Brått fekk kyrkja gjester i naud på besøk. Dei vart tekne imot, men så oppdaga ein at dei var muslimar. No har den norske kyrkja gått inn i eit felles råd med andre religionssamfunn for å drøfta felles interesser. Det var bortimot utenkjeleg for kort tid sidan.

I den samanhengen dreg Berge Furre fram ei triveleg oppleving han hadde i den albanske moskeen i Oslo nyleg. Der var han innom saman med ein journalist og ein familie som hadde vore i kyrkjeasyl.

- Etterpå bad tolken meg om å vera med ned på det albanske kulturhuset for å drikka te og prata med folk, og det takka eg ja til. Det var fredag ettermiddag, og etter ei stund kom imamen og sa at det skulle vera fredagsbøn i etasjen over. Han spurde om eg ville vera med, og det ville eg. Eg fekk til og med ein stol å sitja på medan dei andre sat på matter. Imamen heldt ei preike som ein tolk sette om for meg. Innhaldet var slik at eg kunne ha brukt det meste i mi eiga preike. Han snakka om at ein ikkje kan forandra Gud med bøn, men at me kan endra oss sjølve, og det syntest eg var rimeleg sagt. Då han var ferdig, vart eg spurd om eg ville snakka. Og det ville eg gjerne. Eg la ut om islam, jødedom, og kristendommen som har mykje felles. Eg minna om kor verdfullt det var at me har desse religionane i samfunnet vårt, og at me har ting å fortelja kvarandre som kan gje oss større innsikt i vår eigen religion.

Berge Furre framhevar kor viktig det er å utveksla tankar med folk frå andre religionar.
- Dette er viktig både for at menneske skal respektera kvarandre, men også av di me skal leva saman i framtida. Me er inne i ein fleirkulturell situasjon, og det er ingen veg tilbake. I Brasil opplevde eg at religionsmøte kan gje impulsar til ei djupare forståing av den religionen som ein sjølv står for.

- Opplever kristne frykt for at islam skal ekspandera?

- Det var kanskje ikkje anna å venta. Me har ein svært sterk tradisjon i retning av religionsmonopol her i landet. Me er ikkje vane med folk med ei anna tru. På Eidsvoll i 1814 vart prinsippet om religionsfridom lagt til sides. Historikarane er usamde om årsaka, men eg meiner at sidan Noreg stod i opprør mot heile Europa, rekna ein med at religiøs splitting var for farleg. Først på 1840-talet vart det mogeleg å skipa dissentarsamfunn, men dissentarane vart verande andrerangsborgarar i det meste av det førre hundreåret. Religionsfridomen har hatt tronge kår i dette landet. Dermed måtte ein rekna med fryktreaksjonar, men dei har ikkje kome i det omfanget ein kanskje kunne ha venta.

Frå å vera professor i historie ved det nye, radikale universitetet i Tromsø på 70-talet, har Berge Furre funne seg godt til rette som professor i teologi ved Universitetet i Oslo.

- Det er meir spennande å vera her, seier han.
Og viser til at ulike fag får bryta seg mot einannan kvar einaste dag ved Det teologiske fakultetet.

- Her finn du somme som driv med gammal jødisk religion frå ein heilt annan kultur enn vår. Her finn du folk som driv med bibelstudiar i det nye testamentet, og innanfor frigjeringsteologien gjer den tredje verda seg svært sterkt gjeldande. Her er folk som driv med dogmatikk; som arbeider med svar på dei yttarste spørsmål i livet, og det er me som steller med kyrkjehistorie. På fakultetet møter ein svært ulike impulsar frå heile verda, og faga er svært internasjonaliserte.
 
- Kunne du ha undervist på Menighetsfakultetet?

- Nei, det er nok temmeleg utenkjeleg at dei ville hatt meg der, seier Berge Furre.

Han er raskt med å understreka at det finst mange høgt kvalifiserte forskarar på Menighetsfakultetet, men i den skjerpa situasjonen kring homofili-spørsmålet, står dei to institusjonane på kvar si side.

Striden set framleis spor etter seg, og det er ikkje mange dagane sidan Agder-biskop Olav Skjevesland nekta Berge Furre å halda gudsteneste i Landvik kyrkje i Grimstad. Årsaka var Berge Furres synspunkt i homofilistriden, der han hevdar at dei som lever i homofilt partnarskap, også skal kunne vera prestar. Teologiprofessoren støttar Rosemarie Køhns synspunkt fullt og heilt i den saka.

- Kor lenge går det før kyrkja aksepterer at prestar kan leva i homofilt partnarskap?

- Det er vanskeleg å seia, men eg trur ikkje at det treng ta så veldig lang tid.

- Er det forkynning som er den viktigaste oppgåva for ein prest i år 2000?

- Eg vil heller seia at det viktigaste er å ha tid til vera medmenneske - ha tid for folk.

- Presten spelte ei viktigare rolle i samfunnet før. Kan han få ei renessanse?

- Presten i det gamle samfunnet hadde svært mykje makt. Slapp du ikkje fram til konfirmasjonen, fekk du ikkje gifta deg, og du fekk vanskar med å koma inn på arbeidsmarknaden. No har presten mista makta si, og det har på mange måtar vore ei frigjering. No kan presten møta folk på like fot. Dei kvinnelege prestane har vore viktige og gjort presterolla mindre autoritær og maktorientert for mannen. Dei har gjort det lettare for den mannlege presten å vera medmenneske, seier Berge Furre.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |