Dag og Tid nr. 50, torsdag 16. desember 1999

Bokmelding:
Nye nabodikt frå Arne Ruste

Det har vorte ei vakker bok å sjå til, ei god lita bok å halde i, og eit ekstra auga inn i den verda som gjer det verdt å halda ut, skriv Helge Torvund om Indre krets av Arne Ruste.

Arne Ruste:
Indre krets
Tiden

Arne Ruste markerte seg i 70-åra seg om ein lett tilgjengeleg, varm poet med ein eigen snert i språket. Les til dømes Høysang frå den storarta samlinga Dronningen kommer! (1978).

I si fjerde diktsamling Midt i verden (1976) skreiv poeten Arne Ruste eit dikt om skjora som han kalla “Nabodikt”. Han studerte ei skjor som bygde reir i lønna åtte meter frå vindauga hans. At han nå i år har kome attende med ei diktsamling om ein dyrekrins, er ei gledeleg overrasking. Overraskande fordi det er 18 år sidan siste det kom ei heil, ny samling dikt frå hans hand. Gledeleg fordi denne boka med dikt om dyr er eit nytt døme på poeten si presise observasjons- og formuleringsevne. Men tematikken overraskar ikkje den som har lest Ruste før. Nabodikt om våre næraste venner dyra, vrimlar det av i forfattarskapen.

Går me til Steinvekt, utvalde dikt, frå 1983, er faktisk det første diktet som møter oss der, diktet “Dyr” frå Askeladd (1973): “Dypt, dypt i/deg har et rundt/lite, loddent dyr gjemt/seg sammenrullet med hodet/ mellom potene.”

Elles i forfattarskapen kan me finna mange fine dyredikt om ugle og bever, grevling og rev, katt og krabbe, kråke og sidensvans.

Dyrekrins

Nå har ikkje Ruste vore borte frå bokmarknaden fordi om han ikkje har gjeve ut eigne dikt. Han har mellom anna omsett den engelske poeten Ted Hughes. Og den eine av dei bøkene heiter sjølvsagt Kråke. Hughes er òg ein framifrå dyrediktar, og har skrive sterkt om både moskus og kval. Men nå er altså Ruste her med sin eigen dyrekrins som inneheld følgjande teikn; meitemark, firfisle, nebbdyr, aure, raudstrupe, skjor, pinnsvin, skarv, bever, ulv og eit trettande teikn; mumie. Dette er dikt i ei line av den beste norske bokmålsmodernismen med

Kolbein Falkeid (De andre), Hans Børli og Rolf Jacobsen som andre aktørar.

Kvart dyreteikn vert presentert med eit lengre dikt og eit kort, oppsummerande etterpå. Alle dei lange dikta er gjennomarbeidde, inspirerte dikt som med Ruste sitt språklege talent fangar opp karakteristika ved dyra:

En solcelle

På steinen, på mur,
En lavt pulserende reaktor av angst
Direktekoblet
Til lemmene, på mikorvarsel
Skutt ut og forduftet, går
I hulrom på en brøkdel
Av sin egen størrelse, går i ett
Med lyng og lav ...

heiter det om firfisla. Og at pinnsvinet er “mistroisk av skinn”, kjenner me er rett, men det er likevel “lett å overtale/med et lite måltid/ medhårs kjærtegn  piggene/mykner lik kvinnesinn i mink”  og ein kan lyfta pinnsvinet varleg opp og “innhalere lukten av mørket”.

Raudstrupen

Nokre av kortversjon-dikta har preg av å vera buljongversjon av det føregåande, og tilfører ikkje alltid noko nytt. Det er malen si forbanning at ein ofte pressar teksten for å få eit mønster til å verta gjennomgåande.

Men her er først og sist svært mykje å gleda seg over. Han nærmar seg det mystiske i naturen og tilværet med svært så konkrete råd:

“Gå med greip til livets kilde,/ til bunnen av dyngen, den lune komposten/og løft fram den hodestore kloden, hold/ med begge hender om metastasen,/den kjøttfargede klasen meitemark/som bukter seg, pulserer og utvikler/impulser av energi,”

Her er og eit vakkert dikt om raudstrupen. Om korleis fuglen flytter seg så stilt frå kvist til spadeskaft med sitt sherryfarga bryst. Ruste fangar den gode opplevinga det er å brått sjå denne stille fuglen og “Vite, plutselig,/at det var dette, bare/dette vi ventet på”. Men vårens raudstrupesong, ein av dei finaste fuglesongane, den fekk ikkje poeten med denne gongen.

Det har vorte ei vakker bok å sjå til, ei god lita bok å halde i, og eit ekstra auga inn i den verda som gjer det verdt å halda ut. Men i det lange diktet om Oteren (Lutra ludens), kjem den menneskeskapte katastrofe inn som blåsvart snerk. Bare slik at me ikkje gløymer kva verd desse skapningane har å boltra seg i. Og slik at desse livfulle karakterskildringane får sin heilt reelle kontrast å røra seg mot.
Helge Torvund

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |