Dag og Tid nr. 48, 2. desember 1999

Roald Helgheim:
Norge og jødane

At norske styresmakter avviste jødiske flyktningar i fleng heilt oppunder utbrotet til Andre verdskrigen, er inga ny oppdaging. Det er likevel ei viktig påminning i boka Tyskland-Norge: Den lange krigen (Tano/Aschehoug), som vart lansert i Oslo og Berlin denne veka. Det er ei bok om det historiske tilhøvet mellom Norge og Tyskland på fleire felt. Opplysningane om norsk handsaming av jødiske flyktningar frå Tyskland står i ein artikkel Einhart Lorentz har skrive, “Tyske flyktninger i Norge etter 1933 og deres betydning for Tyskland etter 1945”. Her skriv han at så seint som etter Krystallnatta i 1938 hadde Centralpasskontoret ikkje problem med å returnere jødar som i Tyskland ville hamne i det dei norske papira omtalar som ein “omskoleringsleir”.

Lorentz skriv ikkje berre om jødiske flyktningar, men også om andre som skulle prege sitt nye heimland, mellom dei Willy Brandt. Men blant dei framståande jødane Lorentz nemner som kom til Norge, finn vi også Leo Eitinger. Han var etterpå mellom dei over sju hundre norske jødane tyske styresmakter i samarbeid med det norske politiet deporterte til dei tyske utryddingsleirane i 1942. Eitinger overlevde saman med ein handfull andre. Det er eit perspektiv som godt kunne ha vore med i artikkelen til Lorenz.

Ein som har skrive grundig om heile det svarte historiekapitlet om Norge og jødane under den nazistiske frammarsjen, er Per Olav Johansen i boka Oss selv nærmest (1984). Johansen har flust av døme på dei kjelkane Justisdepartementet både under Trygve Lie og andre la i vegen for jødisk immigrasjon. Ein klassikar er då Nansenhjelpen i 1939 søkte om innreiseløyve for 100 jødiske born frå Tsjekkoslovakia. Saka gjekk til Justisdepartementet, der ekspedisjonssjefen kommenterer henne slik:

“I likhet med alle som i sin stillings medfør har hatt med dette spørsmålet å gjøre stiller jeg meg kjølig overfor oppholdstillatelse overfor jødiske barn... Avgjørende for meg til å stille meg slik til barneplanene er selvsagt, at chansen for å brenne inne med barna er overveldende stor. Selvom vi betinget oss barnehjem-systemet ville vel disse barna efterhvert knytte slike forbindelser i Norge, at vi ikke blir kvitt dem, medmindre deres foreldre kommer seg ut til oversjøiske land og får dem eftersendt.”

Den norske haldninga til jødiske flyktningar var ikkje eineståande. På ein konferanse i Evian i Frankrike i juli 1938, på initiativ frå president Roosevelt, var det ikkje eit einaste land som sa seg viljug til å opne grensene for jødiske flyktningar. Dei fekk aldri status som politiske flyktningar.

Motviljen mot å sleppe inn for mange ungar har gått att i innvandringspolitikken opp til vår tid. I 1989 vekte den herostratisk berømte ekspedisjonssjefen i Justisdepartementet Hans Olav Østgård oppsikt med eit utspel i VG der han påstod at foreldre spekulerte i å sende mindreårige flyktningar til nordiske og andre land “i bevisste forsøk på å omgå de rike lands innvandringsstopp”. FNs høgkommissær var djupt bekymra og hadde sett i gong ei omfattande gransking, kunne han fortelje.

Den norske flyktningpolitikken før krigen blir ikkje mindre interessant om vi ser han i samanheng med kva som hende etter 1945. Hilde Henriksen Waage har i boka Da staten Israel ble til skildra dette stridsspørsmålet i norsk politikk i perioden 1945-48, då Norge og Ap først gjekk inn for assimilering av jødane i Europa, dinest for kolonisering av oversjøiske område i Afrika eller Latin-Amerika, før dei enda med å støtte skipinga av staten Israel. Men kva med europeiske jødar som ville til Norge?

Etter anmodning frå Det Jødiske Verdensforbund gjekk Norge i 1946 med på sleppe inn mellom 200 og 300 “under forutsetning av at de personer som gis innreisetillatelse er fagfolk på forskjellige områder hvor vi har mangel på arbeidskraft og under forutsetning av at de selv kan løse boligspørsmålet i forståelse med de jøder som allerede er bosatt i Norge”. Seinare kom ein appell om å ta imot 300 jødar frå Polen.

I september 1946 vedtok regjeringa å gje innreiseløyve til i alt 600 jødar, inkludert dei ovanfor, under føresetnad av at dei var godtekne “etter en politisk og politimessig prøving, samt at vedkommende vil og kan arbeide”. Det var færre enn dei vel sju hundre jødane som vart deporterte til gasskammera under krigen (ein aksjon ingen norske politiembetsmenn måtte stå til ansvar for etterpå). Som krigsherja land var Norge ikkje spesielt ille ute i europeisk samanheng.

Over femti år etter krigen kjem det stadig materiale om det jødefiendtlege Norge, seinast i Tormod Valakers bok om den Hitler-venlege norske pressa på trettitalet. Det er typisk at denne krigssoga blir skriven sist, etter at det heltemodige Norge for lengst har fått sine bindsterke verk.
Roald Helgheim


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |