Dag og Tid nr. 46, 18. november 1999

Bøker:
Løyndomsfullt og alvorleg for ungdom
Erna Osland har også denne gongen skrive ei god bok, sjølv om ho kunne ha venta til seinare bøker med noe av stoffet sitt, skriv Steinar Lillehaug.

Erna Osland:
Salamanderryttaren
Ungdomsroman
Samlaget


Det er mange løyndommar i bøkene til Erna Osland. Ho har skrive detektivromanar for ungdom, og krim utan løyndommar er det ikkje muleg å tenkje seg. Men også i dei andre bøkene hennar er det flust med løyndommar.

Som oftast er det knytt mysterium til ein eller fleire av bipersonane, og så må hovudpersonen finna ut av desse mysteria for at forteljinga skal komma i hamn. Dette var tilfelle i boka frå i fjor, Katte-spranget, og slik er det også med den som nyleg kom ut. Og før eg set i gang med å uttale meg kritisk om denne, vil eg minne om Svimmel frå 1997, fordi denne boka er ei sjeldan perle i ny norsk ungdomslitteratur. Her har løyndommen med mormora til forteljaren å gjøra. Etter at ho døydde, kom det for ein dag at ho hadde hatt ein elskar. Dei vaksne i familien blir opprørte når dei får greie på dette, og hovudpersonen må leve med desse reaksjonane samtidig som ho skal takle sin eigen sorg og saknet av mormora. Ut av dette har Erna Osland skapt ei ungdomsbok ingen vil angre på å ha lese, om dei er aldri så vaksne.

Løyndommar i kø

Men i år er det Salamanderryttaren. Den som vil, kan tenkje gjennom dyresymbolikken til Osland òg  i år er det ein kjempesalamander som det til og med går an å ri omkring på. Og løyndommane står i kø.

Først og fremst har vi storesystera til hovudpersonen. Ho er ein fjorten år gammal villstyring som ikkje liknar på det spede namnet sitt  Erle. Han kallar ho vanlegvis Bror Min, med store forbokstavar, slik at ein skal unngå forvekslingar med bror min hos Kjell Aukrust. Åtferda hennar er svært spesiell  ho stel luksusprega varer i forretningane og gøymer under senga si. Broren Søren, som forteljinga er lagt i munnen på, er kjent med dette. Han er ein samvitsfull tolvåring med boklege interesser, og han er sjølvsagt svært uroa. Men han vil også vera lojal mot systera, og i staden for å fortelja det til foreldra, som elles er både kloke og forståande, prøver han med ulike metodar å hindre ho i å stela. Han er også ein einsam gut. Bestevennen hans har flytta, og den viktigaste jamaldringen hans er Idun. Ho sit på pulten framfor han, har løyndommar heime og ei syster i politiet, og Søren er svært forelska i ho. Men uansett har han ikkje råd til å komma på kant med syster si, eller miste ho til barnevern og fengselsvesen.

Stel frå dei rike

Den viktigaste problemstillinga i boka kan formulerast slik: Kan ein tillate lovbrot når formålet er godt? For det viser seg at Erle stel for å levere varene til ein organisasjon som arbeider med støtte til indianarane i Sør-Amerika. Ho har adoptert det gamle anarkistslagordet “Eigedom er tjuveri”, og mottakarane lever i den trua at det ho gir dei, er vareprøver som mor hennar har tatt med seg frå jobben. Søren blir dregen inn i verksemda etter at han skolda armen hennar for å stoppe ho, og dilemmaet blir berre enda tyngre for han å bera.

Erle er akkurat så kompromisslaus som fjortenårige jenter kan vera, og ho stiller like store krav til Søren som til seg sjølv. Han har på si side meir tradisjonelle oppfatningar av rett og gale, så for han er tjuveri først og fremst tjuveri. Lettare blir det ikkje av at han fattar sympati for saka til indianarane, og han blir fanga av den legenda som har gitt namn til romanen. Til alt overmål startar han ein diskusjon med farmora si om steling, berre for å finna ut at heller ikkje ho tek avstand frå alt tjuveri.

Stort alvor

Det er eit stort alvor i denne romanen, og forfattaren viser stor tillit til både den intellektuelle og den moralske kapasiteten hos barn og unge. Dette er ikkje noe nytt hos Erna Osland, det er ein av dei viktigaste fordelane hennar som ungdomsbokforfattar. Personteikninga er framifrå; ikkje minst gjør det godt å møte ungdommar som opplever personlege konfliktar sjølv om dei lever under trygge og gode familieforhold. Men komposisjonen sviktar litt denne gongen. Den første tredelen av romanen er svært god; her er intensitet og nerve i massevis, og Osland provar ennå ein gong at ho er ein av våre beste ungdomsbokforfattarar. Etter at Søren har fått greie på kvifor Erle stel, synest eg at forteljinga taper seg. Det er for lite framdrift i diskusjonane mellom syskena, og den symbolske salamanderryttaren blir meir eit forstyrrande element enn eit funksjonelt verkemiddel. Eg trur også det ville vore bra for temperaturen i forteljinga, om klassevenninna Idun hadde fått forbli målet for lengten til Søren, utan ei eiga dramatisk historie.

Erna Osland er ein produktiv forfattar med mye på hjartet, og ho har også denne gongen skrive ei god bok, sjølv om ho kunne ha venta til seinare bøker med noe av stoffet sitt.
Steinar Lillehaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |