Dag og Tid nr. 44, 4. november 1999

Roald Helgheim:
Kåre Willochs tankar

Kåre Willoch har blitt ein slags politisk onkel i Norge, det næraste ein høgrepolitikar har vore ei slik rolle sidan Carl Joachim Hambro ein gong kjempa med Einar Gerhardsen om det politiske åndshegemoniet. Til å bli landsfader var den arrogante vestkantpolitikaren Hambro likevel sjanselaus, like sjanselaus som Kåre Willoch då han med ein like arrogant stil kunne vinne verbalt i duellane med Gro Harlem Brundtland, men med noko kjølig fråstøytande ved seg. Han oppnådde å bli ein av to politikarar Gro tok hemn over i memoarane sine (den andre var Reiulf Steen), noko som gjorde han verkeleg såra og vonbroten for ope kamera.

Sjølv hadde eg den gleda å spørje han på ein pressekonferanse om han aldri hadde gjort feil. Det var etter den siste politiske memoarboka om tida som statsminister, og spørsmålet gjorde slikt inntrykk både på Willoch og det sjokkerte pressekorpset (som var vane med å ete av handa til den politiske dosenten) at det vart ein augneblinks oppstyr i tak-baren på Grand. Det var i den boka han med filologisk ekspertise i ryggen endeleg fekk slått fast at “Good day” var ei heilt korrekt opning på ein fjernsynstale til det amerikanske folket, slik han alltid insisterte på å få det siste ordet i alle replikk-ordskifta på Stortinget.

Som eldre har han lagt av seg arrogansen, men ikkje det politiske intellektet og den verbale presisjonen i framføringa av argumentasjonen, noko som gjer det til ein fest å høyre han valse opp med oljekåte energiministrar, einøygde Israel-vener og grådige pengefolk. Den politiske frifant-rolla dyrka han mens han enno var fylkesmann og liksom skulle heve seg over politikken, eit embetsmann-pålegg han trassa berre slik ein Willoch kan, og som pensjonist har han berre bekrefta rolla som ein fri politisk tenkjar av den typen som enno gjer Jagland-Norge, Petersen-Norge, Solheim-Norge og TV 2-Norge til eit land å leve i.

Ein del av denne politiske fritenkjaren kan vi no lese i reprise i boka Tanker i tiden (Cappelen). Reprise vil seie at det er ei samling artiklar han har publisert eller halde som foredrag før. Det spenner frå bestefarrolla til Palestina, frå Ivar Aasen til oljepolitikk. Det handlar om det aukande skiljet mellom fattig og rik og den blinde trua på kapitalismens lyse framtid. Som norsk Israel-refsar er han i offentleg særklasse, ein av dei få i det sjiktet som kallar fordrivinga av det palestinske folket med sitt rette namn, etnisk reinsing, og som i artikkelen “Norsk uklarhet om Midt-Østen” har ein stadig like aktuell kommentar til det som har prega det politiske Oslo-showet denne veka. Han er kvass i kritikken av det som var den offisielle norske varsemda mot Netanyahus opne overgrep mot den første Oslo-avtalen, og han seier rett ut at norsk utanrikspolitikk i dette spørsmålet har hengt for mykje i den amerikanske skjørtekanten. På få sider er han lysande klar når det gjeld opphavet til striden, avvisande til å sidestille palestinsk “terror” og israelsk okkupasjon.

Ein del av Willochs næringspolitiske kjepphestar om norsk statsdrift (Hydro og Statoil) kan likne gamalkjende høgretonar, men eit høgdepunkt i boka er “Ledelse, samfunn og etikk”, bygd på foredrag han vonlegvis har halde i dei rette fora. Her får den grådige moderne næringslivskulturen så det syng. Då ei gruppe næringslivsfolk fekk spørsmålet om kvifor etikk er viktig, var svaret: “Fordi etikk bidrar til lønnsomhet”. Det er eit svar han finn snevert og deprimerande. “Det burde da være grobunn for en mindre fokusering på rent materielle forhold, endog i slike kretser”, skriv forfattaren som meiner det gode samfunn er meir enn det rike samfunn. Han refsar ideologien bak dei enorme leiarlønene og er bitande mot bedriftsstyre som legg til grunn at ein leiar “vil la sine handlinger bli påvirket i merkbar grad av om det han gjør er lønnsomt ikke bare for bedriften, men for ham selv”. Dette gjeld personar som har fått særlege posisjonar i samfunnet, men “bedriftsstyrene mener altså at de likevel lar sine handlinger i stillings medfør påvirke i betydelig grad av hvor meget de personlig får igjen for dem. De har vel rett i det”, konkluderer Willoch, som meiner ein ikkje må bli overraska om mange drar den slutninga at “store deler av samfunnets toppsjikt er råttent, og at folk flest derfor må kunne innta et omtrentlig forhold til rett og galt”.

“Utviklingen viser at Vesten får en overklasse der mange nærmer seg føydaltidens herrer i sin grådighet efter å tilvenne seg stadig mer av samfunnets velstand”, skriv Willoch, som uttrykkjer seg med det eg opplever som djup forakt for all slags skatteflukt, særleg av den statslause Røkke-typen som han er ein for danna person til å nemne namnet på.

Det er frå den gammalkonservative høgresida det svingar mest for tida. Kvar hadde samfunnsdebatten vore utan Kåre Willoch og Francis Sejersted?

Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |