Dag og Tid nr. 44, 4. november 1999

Rasisme:
Valden frå ytre høgre
Det er stor skilnad på norske og svenske høgre-ekstremistar, meiner Henrik Lunde ved Antirasistisk senter. Han trur den store oppslutninga til Frp kan ha vore med på å halde talet på norske høgre-ekstremistar nede.

Per Anders Todal

Den siste halve året har Sverige opplevd ein serie valdshandlingar frå høgreekstremistar. To politifolk og ein fagforeiningsmann er drepne. Ein journalist som har drive avsløringar av dei høgreekstreme, overlevde så vidt eit attentat, og ei bombe har sprunge utanfor huset til songaren Mikael Wiehe. I Noreg har det derimot vore stille, bortsett frå at rasistar sette fyr på to kebabkioskar i Oslo i september. Folk som kjenner miljøa, trur ikkje noka høgreekstrem valdsbølgje er sannsynleg her til lands.

- Det har lenge vore svært stor skilnad på dei norske og svenske høgreekstremistane. I Sverige er dei både langt fleire og farlegare enn dei norske, sjølv om det er kontakt mellom miljøa, seier Henrik Lunde, forskar ved Antirasistisk Senter i Oslo.

Han har følgt med på aktiviteten i dei høgreekstreme miljøa i Noreg i over ti år, og mellom anna gjeve ut boka Aller ytterst om dette emnet.

Potensial for vald

- Medan Arne Myrdal rava halvfull på talarstolar rundt i Noreg, rana svenske grupper politistasjonar for å få tak i maskingevær. Slik sett er det ikkje så overraskande med det som har skjedd i Sverige i det siste. Kva som utløyser valden nett no, er meir eit psykologisk spørsmål. Men potensialet for vald har vore der lenge, og det har slått ut før. Svenske høgreekstreme har stått bak mange drap også tidlegare, seier Henrik Lunde.

- Er det stor skilnad på rekrutteringa til dei norske og dei svenske miljøa?

- Eg trur den største skilnaden er at dei i Sverige har klart å byggje opp ein ganske sterk musikkindustri kring miljøa sine. Musikken er viktig for å trekkje folk inn og halde på dei. Det har vore halde over tusen konsertar med naziband i Sverige, dei har proffe plateselskap og musikktidsskrift, og det har kome fleire hundre cd-plater. I tillegg kjem t-skjorter og plakatar. Det er bygd ein ungdomskultur kring det på heilt anna vis enn her. I Noreg har det til samanlikning berre vore nokre få nazikonsertar.

Krigen neppe årsak

- Kva rolle speler dei ulike erfaringane i Noreg og Sverige under 2. verdskrigen for skilnaden i oppslutning?

- Dei speler nok inn, men eg trur ikkje det er ei hovudårsak. Når ein ser på tendensane rundt i Europa, er det vanskeleg å finne nokon einskildfaktor som forklarer oppslutninga til dei høgreekstreme. Verken krigserfaringar, arbeidsløyse eller storleiken på minoritetsbefolkningane gjev noko eintydig bilete. Det einaste eg er heilt sikker på når det gjeld Sverige, er at musikken har vore viktig for oppslutninga.

Skilnadene på dei norske og svenske nazimiljøa kan gje litt komiske utslag, fortel Lunde.

- Da det skulle vere ein minnemarsj for Rudolf Hess ein stad i Nord-Sverige, skulle det kome ein buss med norske nazistar. Men bussen nådde ikkje fram i tide, fordi passasjerane hadde drukke så mykje på vegen at dei stadig vekk måtte pisse. Slikt får ein ikkje nett ei høg stjerne av i miljøet.

Absorbert av Frp?

Somme har prøvd å forklare den sviktande oppslutninga kring norske rasistmiljø med den sentrale posisjonen Framstegspartiet har fått i norsk politikk. Lunde ser ikkje bort frå at det kan ha noko for seg.

- Tilsvarande parti har ikkje fått det til i Sverige, medan Frp her har blitt ein så sterk kanal inn i det politiske systemet at det kan ha “teke unna” litt av desse haldningane. Når ein har eit så stort parti ute på høgresida, som er så fokusert på innvandring, blir kanskje behovet for meir ekstreme grupper mindre. Ein leiarartikkel i nazibladet Fritt Forum erklærte faktisk at dei måtte uttrykke seg enda tydelegare om innvandring, fordi det ikkje var nokon vits i å vere ein blåkopi av Frp-avisa Fremskritt.

- Går det an å identifisere ein ideologisk kjerne i dei skandinaviske nazimiljøa?

- Det er eit enormt spenn i desse gruppene, frå dei som knapt veit kva dei er med på, til dei meir ideologisk skolerte. Ofte vert det nok klistra eit slags ideologisk stempel på handlingane deira i ettertid. Men det som kjem fram, handlar mykje om antisemittisme og konspirasjonsteoriar om at jødane eigentleg styrer landet. Innvandrarar er så noko jødane brukar for å svekkje nasjonen, dei kjem og tek damene og jobbane frå mennene.

Blücher, blod og ære

Den norske nazisten Erik Blücher har dei siste åra arbeidd seg opp til å bli ein sentral person i dei høgreekstreme miljøa i Skandinavia. Han er busett i Sverige, gjev ut nazistisk musikk, og er knytt til det lause, internasjonale nazi-nettverket “Blood and honour”.

- Blücher er ein sentral person i dette nettverket, men ingen førarfigur. Det er interessant at han etter å ha skydd merksemd og jobba i det stille så lenge, har teke til med å halde talar under nazi-konsertane. Talane er aggressive og manar til handling, men at han som folketalar skal kunne vere i stand til å få med seg svært mange, tvilar eg litt på, seier Lunde.

God oversikt

Etter dei siste nazi-attentata i Sverige har politiet der blitt skulda for å ikkje ta trugsmålet dei representerer alvorleg.

Henrik Lunde har ikkje inntrykk av at det er tilfelle i Noreg.

- Eg har inntrykk av at politiet har god oversikt over desse gruppene, sjølv om dei er svært laust organiserte. Overvakingspolitiet har dessutan fleire gonger uttala at det er frå den politiske høgresida at det finst ein potensiell terrorfare i Noreg, seier Lunde.

Han er derimot meir betenkt over stilla frå politikarane om det trugsmålet rasismen representerer.

- Kongefamilien har faktisk uttala seg klårare enn mange politikarar. Eg må jo seie at det er interessant når kronprinsen får slik merksemd for å ha sagt at alle menneske er like mykje verde uansett hudfarge. Dette vart framstilt som både modig og litt kontroversielt i media. Det burde vere opplagt, men eg trur likevel det hadde ein positiv effekt. Det er ikkje så lett å skulle vere nasjonalist og samstundes hate kongehuset.

Vettløyse i media

Medieomtalen av dei rasistiske og nazistiske gruppene kan ofte vere med på å styrke dei, meiner Lunde. Ved å overdrive storleiken deira og gje aksjonane mykje merksemd, kan media kome til å bidra til rekrutteringa.

- Det har vore mange uvettige oppslag. Ein gong hadde Dagbladet ei sak om at det var 25.000 medlemmer i nazistiske organisasjonar i Noreg. Det hadde avisa kome fram til ved å ringe rundt og spørje lokale leiarfigurar, som sjølvsagt overdreiv hemningslaust. Før media laga store saker om at Arne Myrdal påstod at han hadde store “kampgrupper”, hadde han knapt nokon med seg. Men etter dette ringde masse folk til Myrdal og melde seg frivillig.

Sjølv om dei norske nazistane er få og dårleg organiserte, bør dei likevel ikkje bagatelliserast, meiner Lunde.
- Det dei driv med, får jo konsekvensar. Også i Noreg finst det folk som er truande til å krysse nokre tersklar og faktisk skade folk, og propagandaen deira bidreg til eit fiendebilete av innvandrarane.

Dei høgreekstreme gruppene er likevel ikkje det som skaper problem for innvandrarane her i landet, det er derimot den meir kvardagslege rasismen, meiner Lunde.

- Men desse gruppene kjem ikkje ut av ingenting, og dei er med på å flytte grensene for kva som blir akseptert av folk. Mange nedsetjande uttrykk som Arne Myrdal nytta om innvandrarar for ti år sidan, er no daglegdags kost frå Frp-folk.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |