Dag og Tid nr. 44, 4. november 1999

Klok på bok 440:
Klok på Paula

Eg skulle akkurat til å setje over kjelen då telefonen ringde. Først høyrde eg berre sus på lina, så braut den velkjende harkinga til Dale-Oskar gjennom:

- Du, sa han andpusten, du må ta deg av Klok på bok denne veka.

- Å? Er det den tonen no? Du som har kalla meg sladrekjerring i ei riksavis!

- Gløym det no, Paula. Eg fekk brått eit ærend utanbygds og kjem meg ikkje heim att i tide til å kåre ein vinnar.

- Så du er ute og kårar lam, kanskje?

- Slutt opp! Eg lovar deg ei fin bygåve om du berre hjelper meg med spalta denne eine veka. Eg må leggje på, eg ringjer riks, sa han, gjerrigknarken.

- Bygåve, spurde eg, tenkte mitt, sa ja og la på.

Så no gjester eg spalta att, og det verste er at eg synest det er forferdeleg kjekt. Ikkje berre det - då eg bladde i bunken med berre rette svar, såg eg at eg ikkje er gløymd:

“Til Paula på posta. Når eg no skriv til deg vonar eg at du skal få ein tryggare arbeidsplass. Men eg skriv òg til deg fordi eg veit du les posten fyrst, og difor kan du rette på skrivefeila mine før Dale-Oskar og Barabass får sjå brevet mitt. Eg veit at dei ikkje likar at vaksne folk ikkje kan skrive”, skriv Ingelil og er klok på Tor Jonsson.

“Denne e-posten reddar vel ikkje Paula, men kanskje sjølvkjensla dykkar? Hadde eg visst at de tok det så urimeleg tungt å verta sitjande utan svar, skulle eg verkeleg lagt meg meir i selen! For damene på biblioteket i Haugesund (mannen på biblioteket var på ferie) foreslo faktisk Unni Lindell som svar på oppgåve 346, men det vart aldri til at eg sjekka ut forslaget”, skriv Torill på Tittelsnes, som svarar rett berre ein time etter at ho opna Dag og Tid.

“For å lette mistanken mot Paula på posta skundar eg meg å svare på Kpb 348. Diktet “Eg lånte plog” er skrive av Tor Jonsson”, skriv Jorunn Vandvik Johnsen i Oslo, som heretter kan kalle seg Klok på bok-vinnar. Ho har ein teori om kvifor Tor Jonsson skreiv slik:

“Heilt konkret bruker han sine røynsler frå heimbygda der han prøvde seg som gardsarbeidar og blei stempla av bygda som ein drøymar og dagdrivar - i minsto i sitt eige kjenslevare sinn. Dette brukar han som eit bilete på sitt liv som diktar - at diktarevna var eit lån han ikkje hadde innfridd. Han hadde ikkje vore open nok fordi det var ting som var for tunge til å skrive om. Slik trur eg han tenkte i sin depresjon - heilt gale sjølvsagt. Berre 34 år vart han, men dikta lever og han i dei!

Han Gunder Runde meiner at det er påfallande mange dikt som byrjar med pronomenet “Eg” i Dikt i samling. Er det grunnlag for ei doktoravhandling, spør ulsteinvikingen.

Han Kaare Stegavik skriv at han fort tenkte på Tor Jonsson, men at han ikkje har lese så mykje av han etter å ha blitt tvangsfora med Olav Aukrust på gymnaset. “Bli de einnda fleir dekt her framåver” spør Stegavik til slutt. Ja, det blir det, denne veka òg.
“Eg er ikkje sikker på om det er så klokt tenkt dette; det liknar heller ikkje Tor Jonsson, men når eg likevel foreslår han, er det av følgjande grunnar: han skriv nynorsk, han er lat og deprimert, han er mistruisk og ser det verste i andre, i dette tilfelle naboen. Då vil kanskje Fyllingsnes seie at slik ER dei på bygda, det er ikkje mi erfaring”, skriv Randi Sortland i Florø.
Kanskje vil han seie det, han Ottar, men det kan han ikkje svare på no. Så vidt eg veit har han floge både frå bladstova og naboane for ei stund. Om det er for å kome seg til meir urbane strok, veit eg ikkje. Ornitologane må vite.

Jaja, Dale-Oskar, du er meg ein luring. Og kvifor kunne ikkje Barabass vikariere? Her blir eg skulda for å lure unna andre sine brev, og så må eg skrive andre sine spaltar!

Sidan dette kom brått på, tek eg eit dikt frå ei av dei mange samlediktsamlingane som kom i haust og som eg har liggjande på posten til lesing i ledige stunder. Forfattaren er ein gammal travar, som har skrive dikt som er så kjende at om eg siterte dei her, ville alle Dag og Tid-abonnentane svare rett. Difor har eg valt eit dikt som eg trur er mindre kjent, men tittelen får de ikkje vite!

Klok på bok 440

Du suste forbi meg istad i din bil.
Men jeg fikk da et glimt av ditt smil.
- Jeg kjente det ikke igjen!
Før sprang det ut som en blomst fra din sjel,
nu holdt du deg klar til å smile ihjel
en eller annen venn.

Og håret ditt - krøllen, som før hang og slang
over pannen og kinnet, så festlig og lang -
nu var det blitt dannet og glatt.
Og hendene dine, som før sydde sko
med tempo: akkord! hos E. Schumann & Co.,
nu hvilte de trygt på et ratt.

Diktet har fire strofer til. Kven skreiv slik, og kvifor var han ikkje glad for kvinna sin overgang frå arbeidar til danna borgar? Skriv til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faks 22 41 42 10 eller e-post bladstova@dagogtid.no innan onsdag 10. november.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |