Dag og Tid nr. 44, 4. november 1999

Herbjørn Sørebø:
Kompromisset alle venta på

Kompromisset mellom sentrumspartia og Arbeidarpartiet om statsbudsjettet for neste år ligg i den tradisjonen at landet blir styrt etter ei midtline. Slik har det vore både når Arbeidarpartiet og ikkje-sosialistiske parti har site med makta. Ser vi bort frå den korte tida Christopher Hornsrud var statsminister har det ikkje vore sterke utslag til venstre eller høgre. Det er midtlina landet følgjer ut av hundreåret.

Eit kompromiss er ei semje ein får når partane ser seg meir tente med å slå av på krava enn å bryte tingingane. Det fører i regelen til misnøye, sjølv om det både er venta og er til å leve med. Kompromisset som kom i stand mellom sentrumspartia og Arbeidarpartiet om framlegget til statsbudsjett for neste år, var venta fordi begge partar trong det. Bondevikingane i regjeringa la opp til det for å prove at sentrumspartia kan styre ved vekselvis å søkje støtte til høgre og venstre, slik mindretalsregjeringane av Arbeidarpartiet har gjort. Nå stod det om å gjere sent-rumsalternativet truverdig.

Etter hard medfart av veljarane i kommunevalet i haust var det nå like viktig for Arbeidarpartiet å vise at stortingsgruppa kan levere politiske resultat. Offeret for å komme på banen og gå til reelle tingingar var å godta kontantstøtta i resten av denne stortingsbolken. Gjennom heile kommunevalkampen hevda Arbeidarpartiet at kontantstøtta var eit tingingskort, noko det var innlysande for alle at det ikkje var, sidan det står eit urikkeleg, avtalefest ikkje-sosialistisk fleirtal bak denne ordninga. Veljarane tvinga fram kursendringa.

Det har vorte hevda at Arbeidarpartiet med budsjettforliket har gjort seg til støtteparti for sentrumsregjeringa i den økonomiske politikken for resten av stortingsbolken. Slik er det sjølvsagt ikkje. Arbeidarpartiet har ikkje bunde seg til meir enn det forliket gjeld. Sameleis er det med regjeringa og dei tre sentrumspartia. Det kan komme situasjonar der vegane skilst igjen. Det veit ingen. Eit budsjettforlik er ikkje noko sterkt politisk lim.

Kritikken frå Høgre og Framstegspartiet over det sideskiftet sentrumspartia har gjort, er forståeleg, men særleg Høgre bør nok passe seg for å ta for sterkt i. Det siste halve hundreåret har Høgre ivra for samarbeid med sentrum, og det er også den einaste vegen til regjeringsmakt. Fjernar partiet seg for langt frå sentrum, vil det vere med på å drive sentrumspartia og Arbeidarpartiet saman.

Alle partar som er med på eit kompromiss, prøver å framstille eigne offer som små i høve til det dei har vunne. Misnøye blir det i alle høve. Det er innebygd i alle kompromiss. I dette tilfellet har kompromisset større politiske perspektiv enn det som står på papiret etter tingingane. Det peikar fram mot eit stortingsval der sentrums-alternativet ikkje kan viftast bort som ein vits slik som sist, anten sentrums-regjeringa får sitje ut stortingsbolken eller ikkje. Kompromisset gjer også at tanken om ein koalisjon mellom Arbeidarpartiet og eitt eller fleire av sentrumspartia etter det neste valet ikkje er så fjern lenger. La oss for all del likevel ikkje gjere det til ein spådom.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |