Dag og Tid nr. 44, 4. november 1999

Bøker:
Hitler-vitne utan like
“For meg er sionistene, som ønsker å gå tilbake til den jødiske stat anno 70 e.Kr., likeså avskyelige som nazistene”, skreiv den tyske jøden Victor Klemperer (1881-1960) i 1934. Dette standpunktet held han fast på gjennom dei unike dagbøkene frå Hitler-Tyskland som kjem ut på norsk i dag.

Victor Klemperer:
Jeg skal vitne til siste stund
Dagbøker fra Hitler-Tyskland 1933-1945
Omsett og med etterord av Per Paulsen
Gyldendal

Den drygt 800 sider tjukke mursteinen med tittelen Jeg vil vitne til siste slutt er mindre enn halvparten av den tyske utgåva som kom i 1995 og på kort tid vart selt i 140.000 eksemplar, og som det vart laga ein fjernsynsserie i tretten delar av. Den britiske forfattaren Philip Kerr kalla i Sunday Times den unike augnevitne-skildringa frå ein tysk jøde i Det tredje rike “ein fargefilm om nazi-Tyskland etter år med svart og kvitt”. I det les han kanskje også ei vurdering av den jamne tyskaren si haldning til jødane som blir hevda å stride mot Daniel Goldhagens omstridde verk Hitler's Willing Executioners.

Og sant nok: i små glimt opplever vi vanlege tyskarar oppføre seg venleg og sympatisk andsynes jødar som vart brennemerka med den gule stjerna. Men det stod nok av millionar bak Hitler til det Holocaust som var organisert ned til minste detalj, og som var avhengig av alle dei små skruane og hjula til å gjennomføre det, slik Claude Lanzmann dokumenterte i det eineståande verket Shoah. Men dagbøkene til Klemperer er med sine detaljerte skildringar av ein intellektuell tysk jødes detaljerte “kvardagsproblem”, saman med den stadige grublinga over åndstilstanden i riket, ein unik dokumentasjon som gir oss eit innsyn kald historikk åleine aldri kan formidle. Men kven var Victor Klemperer?

Jøde og soldat

Victor Klemperer vart fødd i 1881 i Landsberg, der faren var rabbinar i synagoga. Han var den yngste i syskenflokken i ein jødefamilie der medvitet om å bli assimilert i den tyske kulturen var sterk. Såleis melde Victor seg også friviljug som soldat i den tyske hæren og kjempa ved Vestfronten under den første verdskrigen, noko som fekk ein del å seie for lagnaden seinare. Før det hadde han vore både journalist og filmkritikar i Berlin.

I 1919 vart han professor i romanske språk i München, frå 1920 professor ved den tyske høgskulen i Dresden, ein jobb nazi-styresmaktene tok frå han i 1935. Avgjerande for den vidare lagnaden var at han i 1906 hadde gifta seg med pianisten Hedwig Elisabeth Eva Schlemmer frå ein ikkje-jødisk familie. Raselovene var ei tid mildare mot jødar i blanda ekteskap.

Som universitetslærar i Dresden publiserte han verk om franske forfattarar, og heldt på å fullføre eit litteraturhistorisk verk om Frankrike i det 18. hundreåret då ariske universitetslover stengde for det i 1938. Arbeidet med Voltaire og Rousseau kjem han stadig attende til i dagbøkene i denne perioden, på same måten som han seinare refererer til initialane LTI (Lingua tertii imperii), eit verk han etter krigen fullførde i 1947. Det fekk blant spesialistar ord på seg for å vere ein glimrande analyse av utviklinga av måten det tyske språket vart forvandla og vulgarisert på av nazi-regimet, for å forandre heile tenkjemåten og mentaliteten til det tyske folket.

I dagbøkene viser han stendig også til arbeidet med Curriculum vitae, som er hans eigen biografi om tida frå 1181 til 1918. Desse har kome for ein dag etter at dagboknotatane han hadde ført systematisk frå 1919 vart funne.

Bortgøymde dagbøker

Då naziregimet tok over 30. januar 1933, representerte dagbøkene i seg sjølv ein dagleg fare for livet hans, og etter kvart vart dei smugla unna og gøymde hos vener av ektefellen Eva. Lenge var dei ikkje å finne att etter krigen, men ein elev av Klemperer greidde til slutt å spore dei opp.

Åtte hundre sider med dagboknotatar er ikkje noko du les over natta. Eg blar meg systematisk gjennom boka, les grundigare somme stader enn andre og følgjer dei kronologiske fotnotane bak som gjer greie for personar, sitat, uttrykk og krigshendingar Klemperer nemner med stikk-ord i notata, og eg sit att med eit overveldande inntrykk frå ein dagbokførar som frå første stund var seg både medviten og tvilande til kva han gjorde. Tidleg spår han korleis den nazistiske staten uvegerleg må gå mot stupet, men til den blodige prisen at jødane på ein aller annan måte vil gå med i dragsuget.

Vitnet

Tittelen på boka er henta frå 11. juni i 1942 då han etter ein dag med djupe depresjonar skriv at livet må gå vidare og dagboka skrivast: “Jeg skal vitne til siste stund”. Nokre dagar før skriv han: “Det er min heroisme. Jeg vil avlegge vitnesbyrd, eksakte vitnesbyrd”. Og litt etterpå: “Jeg må leve, jeg vil absolutt og ubetinget leve og arbeide til det siste, som om jeg var garantert å overleve. Je n'en ai qu'un très faible espoir (jeg har bare et lite håp)”, legg han til på fransk.
Og det eksakte vitnemålet, det er ei nitid skildring av det daglege strevet for matauk til å leve av, for hus til å bu i etter at han måtte flytte frå sin eigen bustad til eit eige “jødehus” i Dresden, for bøker å lese i når han ikkje skriv. Heile kampen for å overleve når nazistyret systematisk byrjar å evakuere jødar, og kjende rundt han gjer sjølvmord ein etter ein for å sleppe unna det dei fryktar, er ein verre lagnad. Når vi er i 1942 røper Klemperer ingen kjennskap til Wannsee-konferansen som i januar det året hadde fastlagt planane for “den endelege løysinga” av jødespørsmålet, men dei første rapportane han høyrer om deportasjonar til leirar i Polen skriv han om i oktober 1941, parallelt med detaljar som at det ikkje er tobakk å få for jødar. Det er eitt av dei fleire titals forboda han ramsar opp av detaljerte jødeforbod i denne perioden, inkludert forbod for jødar mot å stå i kø (alt i 1935 skriv han ein stad at til og med det tyske kattebladet har blitt nazifisert).

At konsentrasjonsleirane på sikt er dødsleirar skjønar han nok, men først sommaren 1944 skriv han om meldingar han har høyrt om gasskammer. Samstundes som han følgjer krigsutviklinga og svingar mellom optimisme og svart desperasjon.

Heilt tysk

Det er meir enn ukueleg livsvilje som held Victor Klemperer og den trufaste Eva oppe, trass hjarteplager han uroar seg for alt på trettitalet. Når han ikkje skriv dagbok eller er ute i råkald arbeidsteneste, nyttar han all tid til å lese og studere, frå han i 1934 fordjupar seg i Thomas Manns Josef og hans brødre til han langt inn i krigen får tak i bøker av Franz Werfel, Theodore Dreiser, Sinclais Lews, Hans Fallada med fleire. Han studerer jødiske og antijødiske teoretikarar frå Martin Buber til Houston Stewart Chamberlain, og han er ein svoren fiende av ideane til den sionistiske ideologen Theodor Herzl. “Jeg tenker tysk, jeg er tysk”, skriv han i 1942 etter å ha studert soga om jødane i Tyskland. “Jeg studerer nå Herzls sionistiske skrifter... Jeg ble overveldet av deres dype slektskap med hitlerismen ... Hvordan Herzl smyger seg rundt raseteorien! Hvordan han forutsetter fremtiden... og likevel har han urett når det gjelder millionvis av mennesker. Jeg er helt og holdent tysk.”

Det høyrer med til soga at Klemperer 4. august 1944 lakonisk avfeier Knut Hamsun, som feirar 85-årsdagen i Tyskland og vonar at Tyskland vil fri Europa for bolsjevisme og jødedom. Klemperer har ikkje lese Hamsun, berre litt om han, “men finner intet holdepunkt for hvorfor denne naturalisten og psykologen overhodet sluttet seg til nasjonalsosialismen, hvorfor han holder fast ved den  når hans eget land er underkuet av den, og nasjonalistenes forbrytelser er åpenbare for all verden”.

Etter Dresden

Dei knapt hundre siste sidene etter den allierte terrorbombinga av Dresden i februar 1945, Victor og Evas dramatiske oppbrot etter at dei finn kvarandre att ved elva etter rømminga gjennom ruinane, der dei riv jødestjerna og papira sine i filler og legg ut på ein lang marsj mot område dei trur dei allierte vil frigjere, ein marsj som etter kapitulasjonen og vekers vandring gjennom krigsherja landskap endar attende i Dresden først i juni den sommaren  det er nesten åleine nok til å ta pusten frå den lesaren som har følgt med så langt.

Kva som så hende fortel etterordet i dagboka ikkje om, men soga veit at han slo seg ned i det aust-tyske Dresden, vart aktivt medlem av kommunistpartiet i DDR og medlem av nasjonalforsamlinga. Han fekk attende professoratet i romanske språk og var medlem av vitskapsakademiet. Men det kom ingen nye bøker frå han innan han døydde i 1960, og forskingsarbeidet om nazispråket (LTI), var gløymt av alle.

Før vi får dette eineståande dagbokverket, som vil ruve blant dei aller viktigaste verka i vår tid om kva det var som førde til Det tredje rikets vekst og botnlause fall.

Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |