Dag og Tid nr. 43, 28. oktober 1999

Bøker:
Fascisme utan oppgjør
At konservativ norsk presse med Aftenposten og Nationen i spissen var sympatiske til Mussolini og Hitler i trettiåra, er ikkje nytt. Men Tormod Valaker har samla endå meir dokumentasjon om denne åndskampen i ny bok.

Tormod Valaker:
“Litt fascisme, hr. statsminister!”
Forum Aschehoug

Boktittelen “Litt fascisme, hr. statsminister!” stod som tittel på ein berykta leiarartikkel i Norges Handels og Sjøfartstidende 27. september 1933, der redaktøren kritiserte den vaklevorne parlamentarismen for ikkje å vere effektiv nok. “Bort med lefleriet”, kravde avisa.

Valaker har gått gjennom Aftenposten, Dagbladet, Morgenbladet, Nationen, Norges Handels og Sjøfartstidende (NHST) og Tidens Tegn i perioden 1930-40. Han har også sett på dei same avisene under Mussolini og den italienske fascismens frammarsj på tjuetalet. Det er nyanseskilnader både mellom avisene og innanfor nokre av redaksjonane, men utanom Dagbladet er dei i det lengste konsekvente i forsvaret for Mussolini, Hitler og Franco, for freden i München, i åtaka på Ossietzky-fredsprisen, i støtta til det tyske Anschluss mot Austerrike. Ein like innbiten motstandar er Dagbladet med utanriksredaktør Ragnar Vold og redaktør Einar Skavlan i spissen. Nokre hovudpersonar i borgarpressa er redaktør Johs. Nesse og utanriksredaktør Niels J. Mürer i Aftenposten, redaktør Thorvald Aadahl i Nationen, Rolf Thommesen i Tidens Tegn, utanriksredaktør Sigurd Konstad i Morgenbladet (seinare utanrikskronikør i Aftenposten).

Søyla Hambro

På den andre sida var høgrepolitikaren og den mangeårige litteraturkritikaren i Morgenbladet, Carl Joachim Hambro, ein bramfri og kompromisslaus motstandar av “det nye Tyskland”, så kvass og uredd at Høgre-leiaren etter ei breiside mot München-avtalen i 1938 fekk to leiarartiklar mot seg i si eiga partiavis Aftenposten i 1938. At Aftenposten til 75-årsdagen i 1935 fekk ei helsing frå Goebbels som dei trykte i avisa på tysk, er kjent frå før. Ein som får oppreisning i boka, er Fredrik Ramm. Som nyhetsredaktør i Morgenbladet vart han berykta for ein artikkel om bokhausten i 1931 under tittelen “En skitten strøm flyter ut over landet”. I Tidens Tegn hadde han frå 1933 den faste spalta “Mannen i tønnen” der han frå første stund var kritisk til dei fascistiske makthavarane i Europa og ideologien deira. Ramm sat i konsentrasjonsleir under krigen.

Då jubileumsboka Aftenposten i hundre år kom i 1960, var avisas rolle på trettitalet sterkt neddempa. Ossietzkys namn er ikkje nemnt, endå avisa dreiv ein vedvarande kampanje mot fredsprisen. Og medan den danske avisa Politiken i 1995 - femti år etter krigen - tok eit oppgjør med sine eigne haldningar til nazismen i perioden 1933-45, peikar Valaker på at “slike oppgjør er det ikke spor av i norsk presse”.

Det er eit detaljrikt materiale Valaker legg fram. Han viser at Mussolini og den italienske fascismen ikkje berre hadde sitt varmaste talerøyr i Nationen, men også vekte forståing inn i radikale krinsar. Sjølv forfattaren Kristian Elster, som skreiv både i Nationen og Aftenposten, var imponert over det moderne Italia under Mussolini. Olaf Bull var i Roma for Tidens Tegn i 1923. Etter å ha fått eit intervju med Mussolini konkluderte han med at “al skæpsis svinder, hjertet kan ikke la være at svulme”. Finn Halvorsen var ein sentral skribent som litteraturmeldar i Aftenposten, i tillegg til å melde teater i Morgenbladet. Under krigen vart han sjef for Teaterdirektoratet og fekk tolv års fengsel for forsøk på å nazifisere norsk kulturliv.

Journalistar på leirtur

Per Ole Johansen var i boka Oss selv nærmest i 1984 den første som systematisk gjekk gjennom det norske samfunnet si haldning til jødane frå 1914 til 1943, då den siste skipslasta med norske jødar vart sendt til dødsleirane. Antisemittismen i Norge fekk næring frå mange kjelder, men at den konservative pressa nørde opp, kan det ikkje herske tvil om, sjølv om det var Nationen og NHST som heilt eintydig var på line med antisemittisme og reint rasehat. I oktober 1933 drog sju norske pressefolk til Tyskland invitert av Automobilclub von Deutschland, mellom dei redaksjonssekretæren i Aftenposten og utanriksredaktøren i Morgenbladet. Dei fann lite å kritisere under opphaldet, og kalla påstanden om jødeforfølging ein rykteflaum. Etter eit besøk i konsentrasjonsleiren Lichtenburg i Sachsen slo dei fast at fangane levde eit enkelt og sunt liv. Aftenposten var seinare i Dachau fleire gonger etter at meldingane om dei første konsentrasjonsleirane hadde vekt internasjonal avsky. I 1934 fann Niels R. Mürer ein velstelt leir med ein koseleg duft av pipetobakk, med brune kroppar som boltra seg i bassenget, og på plenen tok “d'herrer kommunister et søvnig solbad”. Dette året var det fleire samtidige augnevitneskildringar med eit heilt anna innhald frå konsentrasjonsleirane.

Då det nye Hitler-regimet sette i verk boikottaksjon mot jødane i 1933, vart han støtta av Nationen. I Tidens Tegn skreiv den tyskvennlege majoren og flygarhelten Tryggve Gran frå Tyskland at marxismen, som var eit vaskeekte jødisk produkt, hadde mykje skuld for elendet i det nye Tyskland. Først etter Krystallnatta med brenning av synagogene i november 1938 byrja den nazivennlege pressa å tvile, Aftenposten dekka overgrepa, men redaktør Nesse var snøgt ute med å vise til Sovjet, ein metode avisa nytta systematisk for å forsvare Tyskland. I “Sjøfarten” var tonen ein annan etter Krystallnatta. Aksjonen var ikkje bra, men publikum hadde blitt vane med “bordpanel over tidligere prangende butikkvinduer”. No kunne jødane “vegetere videre i Tyskland på rasens fellesmidler”.

Det Hitler ville

I 1932 trykte Aftenposten programmet til Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarparti frå 1920 under tittelen “Hvad Hitler vil”. Kva Hitler verkeleg ville, skreiv han om i Mein Kampf i 1924 og 1925, og han følgde programmet sitt til punkt og prikke. Men frå Berlin skreiv Aftenpostens Niels J. Mürer at Hitler ikkje kunne vurderast ut frå lausrivne sitat, for boka var skriven under sterke psykiske lidingar og i eit flammande raseri. I røynda vart ho skriven medan Hitler var luksusfange på eit slott og dikterte verket til Rudolf Hess, og han reviderte ikkje eit komma når tilstanden var over. Hitlers dolkestøyt-framstilling av Versailles-freden kjøpte dei konservative avisene så ukritisk at Aftenposten i 1938 var positiv til Anschluss.

Rein rasisme

Der synspunkta kunne sprike skribentane imellom i både Tidens Tegn og Morgenbladet, var Nationen og NHST eitt med både den fascistiske og den rasistiske ideologien. I 1938 fordømde Nationen eit regjeringsframlegg om å løyve pengar til ei rad organisasjonar som ville hjelpe statslause flyktningar.

- Vi treng ikkje vere i tvil om kva slags utlendingar dei ønskjer å hjelpe, skreiv avisa. Her er det verd å skyte inn noko som Valaker ikkje gjer - at antisemittismen stakk djupt i det norske statsbyråkratiet som handsama flyktningsaker, og den sosialdemokratiske regjeringa sleppte berre eit fåtal jødiske flyktningar inn i Norge før krigen.

Sjokket Etiopia

Valakers bok føyer ny dokumentasjon til både avis- og åndskampen på trettitalet, og om skiljelinene mellom dei intellektuelle slik det kom til uttrykk i avisene. Det konservative raseriet med Knut Hamsun i spissen mot fredsprisutdelinga til Carl von Ossietzky er kjent. Det var ei prisutdeling kong Haakon “mot sedvane” heldt seg borte frå. Kvifor skriv Valaker ikkje noko om, men historikaren Elisabeth Thue hevdar i ein tidsskriftartikkel (Forsvarsstudier 5/1994) at kongen uttrykte at prisutdelinga ville skade dei norsk-tyske interessene. Det mest uttrykte kremmarstandpunktet kom i Norges Handels og Sjøfartstidende, som støtta Franco fordi det var best for norsk shipping. Francos fremste politiske talerøyr i Norge var likevel Aftenposten, skriv Valaker, som på pressekonferansen denne veka fortalde at det nye som hadde overraska han mest i arbeidet, var haldninga i avisene til Italias krig mot Etiopia, ei haldning hundre prosent gjennomsyra av den kvite manns rett til kolonisasjon. “Så nøie henger kultur og krig i virkeligheten sammen”, skreiv Tidens Tegns utsende, forfattaren Waldemar Brøgger.

Mengda av materiale gjer boka innimellom litt springande - med assosiasjonar fram og attende i tid som ikkje alltid er like lette å følgje. Dessutan brukar Valaker ein sitat- og referatteknikk som stundom skapar forvirring om kven som snakkar. Det rokkar ikkje ved bokas status som nok eit lærestykke om det hundreåret vi enno ikkje er ute av.
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |