Dag og Tid nr. 42, 21. oktober 1999

Lena Lander:
Pirkar i finske verkebyllar
Leena Lander pirkar i skamfulle bitar av finsk historie - ein konsentrasjonsleir og einsame ungar. Den finske forfattaren har ei familiehistorie full av kriminalitet. Det nyttar ho seg av.

Cecilie N. Seiness

Tusenvis av finske ungar vart sende til Sverige under Andre verdskrigen. Då freden kom, vart dei returnerte, same om nokon venta på dei der heime eller ikkje. Mange enda på barneheim. Leena Lander har skrive romanen En lykkelig hjemkomst om denne mørke historia; ein roman om einsemd, heimløyse, foreldreløyse og lengt etter kjærleik. I tillegg til dette såre kapitlet i finsk historie, inneheld den norske utgåva ein annan verkebyll: Ein finsk konsentrasjonsleir som husa russarar i Karelen. Leena Lander la til eit kapittel i den norske utgåva, eit kapittel ho ikkje hadde mot til å skriva for finnane.

- Eg var feig, redd for å sjokkera dei finske lesarane og kritikarane. Eg visste at mange ville gå til angrep på meg, seier Lander.

Ho hadde høyrt om konsentrasjonsleiren når onklane var fulle etter innhaustinga. Når dei hadde drukke, snakka dei om krig “slik menn alltid gjer”, og konsentrasjonsleiren vart somme tider nemnt. Nokre av onklane hadde sett leiren sjølve som soldatar. Dei hadde kjempa mot russarane under krigen, og var ikkje så begeistra for russarar, men tykte likevel det var gale å la kvinner og barn vera slike stader.

Å få informasjon om staden var ikkje enkelt. Spurde Lander historielærarar på skulen, spurde dei tilbake: Kva konsentrasjonsleir? Professorar i historie fortalde henne at finnane hadde stader der dei verna folk under krigen - ikkje konsentrasjonsleirar, men Lander var viss på at leiren i Karelen ved den russiske grensa hadde eit rasistisk grunnlag. Ein finsk journalist grov i emnet. Lander fekk informasjon av han, men det som løyste vanskane med å skildra ein slik leir, var møtet med ei estisk kvinne. På ein tur i Estland møtte Lander ei kvinne som hadde vore to år i konsentrasjonsleir. Der miste ho mor si og to systrer.

- Eg kunne ikkje ha skildra ein tysk konsentrasjonsleir og plassera han i den karelske skogen. Den finske konsentrasjonsleiren var annleis enn dei tyske. Menneske vart ikkje drepne som dyr eller gassa i hel, dei døydde fordi det var for hardt å vera der.

Dei mangla medisinar, mat, klede, arbeidde hardt og leid i den karelske vinteren.

Lander meiner det er på tide at finnane innser at det fanst stader som bygde på teoriar om at ein rase er ein anna overlegen i Finland òg, utan at det tek æra frå dei finske soldatane som redda sjølvstendet.

- Me ser dei same tendensane i Europa i dag. Eg kjenner finnar som gladeleg ville setja flyktningar i leirar fordi dei meiner dei er av ein lågare rase. Det er farlege tankar. Tidlegare studerte ein russiske skallar og sa ein at ein kunne sjå på skallen eller rasen om eit menneske var kriminelt. I dag studerer ein gena, og mange meiner ein på det viset kan finna ut om eit menneske vert kriminelt. Diskrimineringa får nye namn, åtvarar Lander.

Kriminell oppvekst

Den nye romanen har mange trekk av kriminalroman. Leena Lander klarer aldri å fri seg frå kriminaliteten. Ho voks opp med kriminelle gutar, har ein familie med kriminell fortid i generasjonar - det same har mannen hennar, og trilogien handlar om kriminalitet på ulike vis: kriminaliteten til ein nasjon og institusjonar, kriminelle handlingar i krig og einskildpersonar som gjer noko kriminelt. Mykje av stoffet har ho teke frå eiga slekt og mannen si slekt - og det er nok å ta av.

- Til dømes vart svogeren min drepen for to år sidan. Det var midtsommar, ferien var byrja, folk søv lite og drikk mykje. Eg likar denne tida, dei lyse nettene, men samstundes er det ei farleg tid. Folk vert galne. Ei kvinne i ein park spurde svogeren min om fyr. Han tok fram fyrstikkene sine. Det var det siste han gjorde. Den sjalu kjærasten kvelte svogeren min, fortel Lander.

Ho undersøkte kven denne mannen var og fann ut at han hadde vakse opp på ein heim for kriminelle gutar. Sjølv er Lander ingen kriminell, men meiner avstanden mellom å verta forfattar eller kriminell er liten. Etter hennar meining må ein fylla eit vilkår for å verta ein god forfattar: Ein må ha hatt ein spesiell barndom. Ein treng ikkje nødvendigvis ha vore ulukkeleg, men det hjelper godt. Har ein hatt ein ekstremt ulukkeleg barndom, vert ein kriminell, meiner Lander.

Ho voks opp på ein heim for kriminelle gutar frå sju til 18 år utafor Åbo sørvest i Finland. Familien hennar budde i same huset som gutane. Faren vakta dei. Om natta høyrde ho dei ropa på mor eller om hjelp - som små barn. Ho høyrde skrika når dei vart torturerte av andre gutar.

- Om dagen var dei ann-leis. Dei var snille mot meg og syskena mine. Eg og syster mi var dei einaste jentene, små prinsesser for dei, og fleire av gutane laga små klumsete ting til oss. Ein av gutane redda livet til syster mi. Ho fall i eit badebasseng. Desse gutane var heltar for meg då eg var lita, og eg var forelska i mange av dei.

Død og elende

Oppveksten med dei kriminelle gutane førte til at Leena kjende seg som ein outsider same kvar ho var. Ho var ikkje ein av gutane. Ho skulle helst ikkje leika med dei. Sidan plassen låg isolert, hadde ho heller ikkje mange andre venner.

- Eg prøvde å forstå, slik barn gjer. Eg byrja å fortelja historier.

Ein barnepassar tok ofte Leena, systera og bror hennar med til ein gravplass i Åbo. Barnevakta las namnet på steinane, og ungane laga skumle, tragiske historier som alle sjølvsagt enda med død og elende - som rimeleg var. Dei handla om elskarar, sjømenn i storm, døyande mødrer og barn. Då Leena var åtte, fekk ho skrivemaskin. Ho kunne ikkje stoppa, men då ho var 15 vart det bråstopp. Faren hadde bytta arbeid. No var han vaktmeister på ein privat skule for velståande elevar. Leena fekk gå der gratis, men ho var ingen mønsterelev.

- Eg var dårleg på skulen, og far min var svært skamfull over meg. Difor bestemte eg meg for å kasta alt eg hadde skrive - alle notatar, alle dagbøker. Eg kasta til og med bibliotekkortet. Eg ville ikkje lesa fiksjon meir, men verta ein god student, slik far min ynskte, fortel Lander.

Då ho slutta på skulen, fekk ho berre dei beste karakterane.

Lander gifta seg. Mannen hennar hadde planar om å verta forfattar. Han snakka stadig om forteljingane han skulle skriva, og om ein skrivekonkurranse han ville delta i.

- Eg sa til han at han burde skriva meir og snakka mindre. Er det så lett, kan du prøva sjølv, var reaksjonen eg fekk, fortel Lander.

Og det var akkurat det ho gjorde. Ho brukte fire månader på å skriva ein roman. Ho vann ikkje konkurransen, men boka vart seinare gjeven ut.

Skriv nonsens

Dei barnslege og ungdommelege skriveria Lander kasta for å verta ein hardt arbeidande skuleelev, fekk ho tilbake etter 20 år. Mor hennar hadde teke vare på alt saman. Minne frå barndommen dukka opp - ei skinnjakke, ein song, ein frisyre. Det fekk Lander til å byrja å skriva om eigne opplevingar og eiga slekt. Men faren er framleis ikkje nøgd.

- Han kallar framleis det eg skriv nonsens, fortel Lander.

En lykkelig hjemkomst er Leena Lander si tiande bok, og den tredje som er omsett til norsk. Svarte sommerfugler og Bli storm heiter dei to fyrste bøkene i trilogien. Lander fortel at mange ikkje forstå kvifor ho har kalla dei tre bøkene ein trilogi. Ho vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for Svarte sommerfugler.

Leena Lander er ferdig med sju år i helvete. Sju år med fire generasjonar si kriminelle historie, tre bøker som har gjort henne til ein av dei mest populære finske forfattarane, og bøker som gjer at mange har samanlikna henne med danske Peter Høeg - fordi ho alltid stiller seg på barnet si side.
 
No er ho blant dei “seriøse”, men ho byrja forfattarkarrieren med å skriva triviallitteratur - historiske romanar om hekser på 1700-talet. Forteljingane var mørke og forferdelege, men dei var alltid sanne. Ho bygde på historiske dokument. Å skriva triviallitteratur var ein måte å læra seg å bruka verktyet på. Når ho hadde trening, kunne ho gå i gang og skriva om eigne opplevingar. Ho vil framleis underhalda, men gje lesaren noko på kjøpet - noko å tenkja på. Lesaren skal ikkje ha gløymt boka med det same gåta er løyst.

- Bøkene mine er alltid thrillerar. Sjølv vert eg alltid skuffa når eg berre får vita kven mordaren er. Eg sit att med ei tom kjensle. Eg er interessert i kven som verkeleg står bak den kriminelle handlinga. Kva er årsaka til og kva verknader får handlinga på mennesket sjølve eller til dømes neste generasjon, seier Leena Lander.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |