Dag og Tid nr. 36, 9. september 1999

Roald Helgheim:
Idrettens pris

Innimellom dopskandalane og pengegaloppen kjem det bøker som prøver å setje idretten inn i eit (samfunns)kritisk perspektiv. Ein flittig bidragsytar har vore Arne Martin Klausen, som sjølv var med i eit forskings-team rundt Lillehammer-OL og har skrive fleire bøker om det. Han var også deltakar i debattboka Toppidrettens pris, redigert av Sigmund Loland, som er leiar av idrettens verdiutval. Her skildra Klausen topp-idretten som ei femte statsmakt, med ein posisjon i samfunnet som ikkje er skriven inn i nokon konstitusjon, men som likevel er så eineståande i sitt slag at ingen politikarar vågar å leggje seg ut med han. Når idretten seglar under fana fredsskapande faktor, svarar Klausen at han kan vere med på å betale ein høg pris om det kan hjelpe på freden. “Men toppidretten som en spesielt moralsk høyverdig og edel styringskraft på veien mot det gode samfunn tror jeg ikke noe på.”

I 1995 kom Gudmund Skjeldal med boka På villspor. Undertittelen var Takk og farvel til toppidretten. Det var inga bok frå ein slegen mann, sjølv om han tok avgjerda etter ein 94-sesong då han etter å ha gått seg inn på elitelaget ikkje fekk gå eit einaste renn under Lillehammer-OL. Seinvinteren før låg han an til sitt livs siger på Kollen-femmila då Prokurorov kom utanfor alle sekundantskjema og slo han med fattige elleve sekund på dei siste kilometerane. Vel vitande at han kasta stein i glashus med boka si og kom til å bli stempla som den dårlege taparen, leverte Skjeldal ein idehistorisk fundert og djup kritikk av heile ideologien rundt toppidretten  ein kritikk både gamle lagkameratar og leiarar tykte var utidig i oppladinga til ein ny meisterskapssesong.

Måten slike utspel blir møtte på, er like klassisk som han er føreseieleg og kortsynt. Det ser vi også når det tidlegare langrennstalentet Siri Halle i boka Sporet fanger (Forum) skriv “en annerledes idrettshistorie”, der gubbeveldet i skiforbundet også får sitt. Ikkje uventa tar skipresidenten avstand frå anklagene, verre er det når dei tidlegare lagkameratane Bente Martinsen og Thomas Alsgård rykkjer ut med pressemelding om at dei ikkje kjenner seg att i det Siri Halle skriv. Men kvifor skulle dei kjenne seg att i ein annans djupt personlege skildring av årsakene til at ho møtte veggen?
 
Somme greier seg gjennom det presset jakta mot toppen skaper, andre ikkje. Samstundes med denne bokutgjevinga kom idrettens eigen rapport om stoda i kvinneidretten, ei vitskapleg og talfesta skildring av seksuell trakassering, anoreksi og andre kjende utvekstar i den kvinnelege toppidretten. Og nettopp skildringa av eit seksuelt overgrep då 16 år gamle Siri gjekk på idrettsgymnaset, er ein nøkkel til å forstå heile boka, fordi opplevinga merkte henne for livet. Det blir ikkje berre eit traume i kjærleikslivet, men også i møtet med eit mannsdominert leiar- og trenarmiljø utan evne eller innsikt til å forstå det.

I mine auge er det dette som gjer boka til eit slikt sterkt vitneprov frå ei livsglad og idrettsglad jente som både ville leve eit liv og vere best på ski. Ho lærde seg fort å døyve dei mest individuelle sidene ved seg, til dømes i klesvegen. Noko var lettare å ofre enn anna i kampen for å nå toppen, og i sporet var ho eit talent utanom det vanlege i noko ho stadig opplevde som ein leik. Så vinn ho junior-VM både individuelt og i stafett, kjem på elitelaget, blir sett ut etter ein sesong, og resten er no kjend frå media. Bortsett frå det nesten hjarteskjerande kapitlet om den siste desperate sesongen ho på eiga hand og utan støtteapparat ville kjempe seg attende til toppen og Lillehammer-OL.

Forfattaren skildrar dette gjennom tilbakeblikk utanfrå, borte frå landet ho måtte reise frå for å få skisporten på avstand, avstand til å gjere seg sine refleksjonar. Det er kanskje ikkje så stor litteratur, men endå ei viktig bok til å forstå drivkreftene i idretten. Sidan Siri Halles tid i elitesporet har det meste blitt verre, med eit pengevelde som har gjort eit slikt inntog at ei norsk meisterliga-kvalifisering i fotball av ei avis vart utropt til Røkkes største seier. Ikkje den største for laget, for målscoraren eller for trenaren, men for eigaren av butikken.
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |