Dag og Tid nr. 35, 2. september 1999

Klok på bok:
Klok på utferdstrong

“At forfattaren av Kpb 429 er Nadine Gordimer, er eg nokså sikker på. Ikkje så mange frå Afrika har fått Nobelprisen i litteratur, berre tre etter mi kjelde, medan heile 12 franskmenn figurerer på lista. Heile det veldige kontinentet har med andre ord like mange prisvinnarar som Norge!! Dette vart ein del utanomsnakk fordi eg ikkje veit kva bok sitatet er henta frå, eg kan ikkje hugse å ha lese det. Kan det vere 'Æresgjesten' som kom på norsk i fjor? Så er eg spent på om det var Kaldestad sist. Helsing Elen Maria Todal.”


Du har heilt rett. Utdraget var frå Æresgjesten av Nadine Gordimer. Eg kårar deg like godt som vinnar med ein gong, og tek sjansen på å sende ein premie til Hellandsjøen, sjølv om kortet ditt er adresselaust. Det er lov å tvile seg fram til svaret. Kaldestad var det ikkje sist, men det har du vel allereie lese om.

Sindre og Lars Helge “flesker til med rett svar uten dikkedarer”. Dei legg likevel til at Nadine Gordimer vart Nobelprisvinnar nummer tre i Afrika etter Soyinka i 1986 og Mahfouz i 1988, og at ho som 29-åring debuterte med novellesamlinga The soft voice of the serpent i 1952.

Den mjuke røysta vil eg helst ikkje ha noko med å gjere, eg som har slik ormefobi at eg ikkje kan gå forbi ein taukveil utan å “kjippe” meg.

“De va vel bærre ætternavne som mangla i spora...
” byrjar Kaare Stegavik, og insinuerer dermed at eg gjer det for lett for dykk. “Men boka, ja du værden kor æ spekkulert. De legna frøkteli på 'En verden av fremmede', som hainndle akkorat om en mainn som reiste frå Ænglainn te Afrika. Men så va itj de hainn. Te sluitt mått æ prøv å få'n Adrian ijnnteressert. 'De derre må vårrå nokså nyitt' sa'n. Tja, hainn tænkt naturlivis på 'Som en huskatt' so kom ifjol. Men deinn va de heiller itj, å da koinn de bærre vårrå 'A guest of honour' (1971) på norsk i 1998, 'Æresgjesten'. Hu Nadine Gordimer e ei meget respækterli dame, hu kjæmpa mot apartheid i lang tid, å hu reist itj vækk heiller, sånn som enkelte ainner. Mææn, hu va itj 30 år da hu debbutert, de va i 1949 me 'Face to face', som å e ei storveies bok. Så det!! Hu e itj så værst te å fijnn på oppgava, hu Paula. (På trøndersk e de derre egentli svært så rosende)", avsluttar Kåre Stegavik.

Er det ikkje typisk? Slår med kritikk og trøystar med ros. Men eg tek det til meg, for all del, takk skal du ha.

Torill på Tittelsnes lurer på korleis ho Paula får tak i svara for dei som brukar elektronisk post. Det er så enkelt at eg spinn ull og slår i verdsveven, eg òg. Faren min sa alltid at eg måtte følgje utviklinga. Og “eg meiner at”, som alle kvinnelege politikarar seier, ein kan vere med på utviklinga utan å kvitte seg med alt gammalt. Men for å vere heilt ærleg likar eg dei frimerkepåklistra breva best. Dei har vore “hemmelege” overraskingar lenger, og dei har reist gjennom fleire hender.

I tillegg til å svare rett, sender ho Torill helsing til Dale-Oskar og Barabass og ber meg om å fortelje dei at dei er sakna.

“Eg har lært meg å setja pris på den sta, gamle storveren og har slett ikkje tenkt å fortelja han at me i sommar hadde hagefest der heilgrilla lam stod sentralt på menyen!”


Tru det eller ei, men eg trur kanskje at han Barabass ville forstå det om han fekk vite det. Han er glad i lammekjøt, han òg. Og eg kan trøyste deg med at Dale-Oskar og Barabass ikkje har takka for seg i denne spalta. Dei har berre teke seg ein lang og velfortent ferie. Kjenner eg dei rett, veltar dei inn på tunet att når haustbøkene  hopar seg opp her på postkontoret.

Frå Bergen sender Olav Molven rett svar. Det gjer Sherrysøstrene òg  både elektronisk og postkortisk. Randi Brenden svarte rett. Ranveig Lundquist kom fram til forfattaren, men hadde ikkje høve til å sjekke kva bok det var. Rett forfattarnamn fekk eg òg frå Morten Haugen på Brekstad og Anna Øvrevik og Kristoffer Lassen.

Nils-Aksel Danbolt Mjøs sender trufast brev, og oppmodar meg, med namnet Paula, å lese Apostelgjerningane 23 om systersonen til Paulus som berga livet hans. Det skal eg gjere, men først må eg presentere den neste litterære gåta  utan stikkord.

Klok på bok 431

Veit ikkje. Må berre reise. Kan ikkje vere her lenger, må reise bort. Det er greitt for ho, har sagt det er greitt at du reiser bort ei stund, ei veke sa du, må ha ei veke for deg sjølv, og ho har sagt det er greitt, du må gjerne reise bort ei veke, trur du treng det, sa ho, berre reis du.

Kven skreiv så knapt? Og kva heiter romanen? Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 OSLO er adressa for den som framleis sender brev på gamlemåten. Andre kan fakse 22 41 42 10 eller e-poste bladstova@dagogtid.no innan onsdag 8. september.
Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |