Dag og Tid nr. 35, 2. september 1999

Herbjørn Sørebø:
Hillary klatrar

I Washington smiler dei framleis til ei soge om Hillary og Bill Clinton. Det blir fortalt at presidentparet stogga ved ein bensinstasjon ein dag for å fylle tanken. Dei fekk hjelp av ein oljeflekkete mekanikar. - Den karen der ville gifte seg med meg då vi gjekk på gymnaset, sa Hillary. - Ja, hadde du sagt ja og gifta deg med han, hadde du vel arbeidd her i dag, svara Bill. - Nei, hadde eg gift meg med han, hadde han vore president i dag, svara Hillary.

Det skal vere usagt om dette er ei soge som er laga av ein munnrapp politikar, om det er ein fagmann i skjemt som har dikta med smil i pc-en, eller om det er ei vandresoge som er brukt om mange andre ektepar der kona skal ha æra for den framgangen mannen har hatt i livet. Korleis det nå er med det, så gjev soga uttrykk for ei allmenn vurdering av ekteparet Clinton, og nå er Hillary i gang med å klatre heilt til topps og stå på eigne bein i amerikansk politikk. Ho vil ha ein plass i senatet, og vil stille opp til val i New York. Det er all grunn til å tru at ho blir vald, men det blir ein skiten valkamp ho går inn i. Motstandarane av det demokratiske partiet, og spesielt ekteparet Clinton og det dei står for, er i full gang med å grave opp grums frå fortida. Ho skal ha vore utru i ekteskapet, ho også. Trass i påkjenningane tyder alt på at ekteskapet held, og nå er ekteparet i gang med å finne seg hus i New York der dei kan flytte inn når presidentperioden til Bill Clinton er ute.

Mannen Hillary Clinton får å kjempe mot i senatsvalet, blir etter alt å dømme Rudy Giuliani, den framgangsrike borgarmeisteren i New York. Han har valsa opp med dei kriminelle i storbyen, og kriminaliteten har faktisk gått ned. Samstundes har han gjort reint i gatene. Det var målet hans å gjere det trygt å ferdast både mellom skyskraparane og i område som hadde dårleg rykte, men Rudy Giuliani får ikkje berre ros for måten han har gått fram på. Uteliggjarane har berre vorte jaga under jorda. Fattigdommen har vorte større. Politiet har vorte så aggressivt at folk kan bli bura inne for å smile og skjemte med politifolk, og det tek urimeleg lang tid før det blir gjort noko med klager på politiet. Då ein mann utan skuld vart plaffa ned med 42 skot, var det nok minst eit skot for mykje for borgarmeisteren. Det er dei svarte politikken hans har gått hardast ut over. Blant dei vil Hillary Clinton få full oppslutnad, og Rudy Giuliani skal ha merka at populariteten hans minkar i breie lag.

Det er blant kvinnene Hillary Clinton kan vente å få størst oppslutnad. Meiningsmålingane har vist at kvinnene slutta opp om dei sosialpolitiske tankane ho har målbore om helsestell for alle, ikkje berre dei rike, om betre skolar og barnehagar. Mange også blant dei som elles røystar republikansk, tykkjer nok også at det er på tide å få ei kvinne på toppen. Sjølv om Hillary Clinton aldri har vorte vald til noko politisk embete, har alle etter dei åra ho har vore First Lady inntrykk av at ho kan makte dei aller mest krevjande oppgåvene ein politikar kan få. Kvinnene er særleg imponerte over den måten ho har støtta mannen på i dei krisene han har utsett både presidentembetet og ekteskapet for.

Om eitt og eit halvt år må Bill Clinton flytte ut av Det kvite huset. Då har han vore president i åtte år, og etter lova kan han ikkje stille til attval. Trass i Monica Lewinsky-skandalen hadde han nok vorte attvald dersom lova hadde tillate det, for mange meiner han har vore den beste presidenten USA nokon gong har hatt. Dei fleste trur at republikanaren George Bush - son til den tidlegare presidenten - kjem til å vinne valet neste år. Han som venteleg blir nominert av demokratane, Al Gore, er ikkje meir karismatisk enn ein murstein, og det finst ikkje meir humoristisk sans i han heller. Men etter ein periode med George Bush kan tida vere inne for Hillary Clinton, og i Washington undrar dei seg på kva ein skal kalle Bill når ekteparet flytter inn i Det kvite huset att. The First Man? The First Mister?

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |