Dag og Tid nr. 34, 26. august 1999

Herbjørn Sørebø:
Tarveleg valkamp

Nå varer det vel ikkje lenge før vi høyrer Carl I. Hagen påstå at innvandrarane har skulda for at Vålerengen spelar så dårleg fotball. Den politiske karrieren hans er kransa av utfall mot grupper i samfunnet, spesielt minoritetar, latsabbar i den nordlege landsdelen, åleinemødrer, bønder, og lengst og mest utspekulert mot innvandrarar. Det siste er at dei har skulda for bustadkrisa og dei høge prisane på bustader i Oslo. Då han kom med dette siste utspelet ved opninga av valkampen i Oslo, fortalde kroppsspråket og det innbitne uttrykket i andletet hans at han visste kor tøvete utspelet hans var, og ikkje minst det arge og såra svaret hans på eit kritisk spørsmål frå ein fjernsyns-journalist var avslørande. I denne saka som i alle andre utfall mot minoritetar gjennom åra, var han klar over at sjølv om det var politikken dei andre partia har ført han kritiserte, ville utfallet hans gå ut over den gruppa han omtala. Carl I. Hagen veit også så godt at bodskapen til dei to Frp-ekstremistane Øystein Hedstrøm og Vidar Kleppe gjer si gjerning, endå om han sjølv ikkje vil stå inne for det dei ber fram. Dette er det som med eit akademisk uttrykk blir kalla dobbel-kommunikasjon, og i folkeleg tale heiter å tale med to tunger. Det er ein tarveleg måte å drive valkamp på.

Rasist er ikkje Carl I. Hagen, men røystefisket hans kan vere med på å leggje grunnlaget for rasisme. Det er eit tungt ansvar. Nå er det teikn som tyder på at ein reaksjon mot råkøyret melder seg også i partiet. Somme partilag i Frp har sagt frå om at dei ikkje ønskjer å få Øystein Hedstrøm og Vidar Kleppe på gjesting. Diverre går andre til sterkare mottiltak. Drapstrugsmål mot dei to er noko alle må ta avstand frå. Ølkastinga er ei historie som først og fremst viser at journalistikken er på avvegar, og også det har konsekvensar. Det får andre til å skvette øl på folk dei mislikar.

Statsminister Kjell Magne Bondevik fekk kritikk etter at han i ein tale knytte Beheim Karlsen-tragedien i Sogndal saman med den innvandrings-fiendtlege politikken. Advokaten til dei to ungdommane som er sikta, men ikkje tiltalte, reagerte. Her hadde statsministeren teke stilling til skuldspørsmålet, vart det hevda. Det gjorde han sjølvsagt ikkje. Likevel bad Kjell Magne Bondevik om orsaking. Det var det ingen grunn til. Han måtte ha lov til å seie det han sa om innvandrings-fiendtleg politikk, for problemet er det som skjer i folket når denne politikken gjærar der. Det var dette Kjell Magne Bondevik tok opp.

I valkampen for fire år sidan nærast bannlyste Kjell Magne Bondevik Framstegspartiet etter at det var avslørt at Øystein Hedstrøm hadde vore med på eit møte nasjonalistar heldt på Godlia kino i Oslo. Nå forsikrar statsministeren at Frp ikkje skal få nokon innverknad på den asyl- og flyktning-politikken regjeringa fører. Det er greitt. Likevel får ein kjensla av at statsministeren trør meir varsamt i høve til Carl I. Hagen og partiet hans enn han gjorde for fire år sidan. Kjell Magne Bondevik har til og med uttala seg kritisk om oppmodinga frå LO om å vende Frp ryggen. Han seier at han ikkje har tru på slike fysiske verkemiddel, anten det nå er å kaste øl på folk eller vende ryggen til. Årsaka til denne varsemda ligg klart i dagen. Statsministeren ser nok ikkje bort frå at regjeringa kan få bruk for Carl I. Hagen og gruppa hans når framlegget til statsbudsjett skal losast i hamn i haust. Det har hendt to gonger før. Blir sentrums-regjeringa hugsa for noko, så er det for å ha gjort Framstegspartiet stovereint.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |