Dag og Tid nr. 33, 19. august 1999

Jakob Sande:

Frå Sunnfjord til Rio
Medan Kristiania-borgarskapet sat på Grand og drøymde om Patagonia, var det heilt andre som verkeleg kom seg dit. Det var den proletare sjømannsbohêmen, det vil seie kystgutar som Jakob Sande, sa Kjartan Fløgstad på litteraturseminaret til Jakob Sande-selskapet fyrste helga i august.

Eli Bjørhusdal

“Sjømannen som litterær figur” var mellom dei sentrale emna på seminaret i Fjaler, som i tillegg til Fløgstad kunne skilte med foredragshaldarar som Einar Økland, Atle Kittang, Idar Stegane og Geirr Tveitt-biografen Reidar Storaas. I tillegg førelas Ove Eide, Margrete Tveisme og Jon Anders Hovland.

I steikande sunnfjordsol vart om lag femti seminardeltakarar presenterte for nye opningar til ein lyrikk som litteraturvitarar ofte har sett på som for endefram og folkeleg til å vere interessant.

Sunnfjordske shanties

Men både Kjartan Fløgstad og Einar Økland plasserte vesle Daniel i ein lang og internasjonal litterær sjømannstradisjon som byrjar med dei klassiske greske argonautane, og som i Noreg har vorte uttrykt av diktarar som Amalie Skram, Nordahl Grieg og Jens Bjørneboe. Fløgstad og Økland hevda at det fyrst og fremst er sjømannsdikta til Jakob Sande som gjer han til ein moderne lyrikar.

I foredraget sitt om Latin-Amerika hjå norske forfattarar peikte Fløgstad på at den nordiske sjømannen er ein kosmopolitisk figur, og at han soleis òg kan finnast att i litteraturen til forfattarar som Borges og Garcia Marquez.

- Norske sjømenn sine freistnader på å byggje opp heilt nye tilvere i Sør-Amerika og dei litterære skildringane av eksilet representerer for meg sjølve moderniteten, sa Fløgstad.

Einar Økland meinte at Jakob Sande synest forseinka i det han skriv om jord- og industriarbeidarklassen, men at han er høgst moderne når han skildrar sjømannsproletariatet.

Fløgstad og Økland var òg opptekne av Jakob Sande som songdiktar. Kjartan Fløgstad fortalde at det særleg er det burleske som gjer at han likar sjømannslyrikken til Jakob Sande så godt, og at han sjølv som visediktar freistar å oppnå same effekten som Sande. Økland opna på si side foredraget sitt med å proklamere at han slett ikkje er nokon visens ven. Likevel gav han tilhøyrarane eit sjeldsynt innblikk i norsk shanty- og sjømannsvisetradisjon ved å lese ei rad ukjende norske sjømannsdikt som han rekna med at Jakob Sande ville ha likt.

Sande i den lyriske kanon

Songdiktinga vart elles eit viktig emne i ordskiftet etter Idar Stegane si førelesing om Jakob Sandes plass i nyare diktantologiar og i lyrikkpensum på universitet og høgskular. Stegane kritiserte Ivar Havneviks nyutgjeving av Den store lyrikkboken (1998), som no er reinska for dikt av Sande. Han hevda at dette kan vere teikn på ein tendens: Akademia og hovudstadsdanninga aksepterer den høgverdige og høgtidlege nynorsklyrikken, som Aukrust og Nygard, men skjønar seg i mindre og mindre grad på folkeleg nynorsk dikting. Likevel meinte Stegane at Jakob Sande står vel så sterkt som før i det folkelege litterære krinslaupet og i den ålmenne brukstradisjonen, og det slutta Einar Økland seg til:

- Om det er slik at Jakob Sande vert sungen i før- og grunnskulen, og om han er komen inn i song- og visebøkene, ja så kan det vere skit det same med Havnevik, sa han.

Atle Kittang var òg inne på den ukanoniserte Jakob Sande i foredraget sitt om novellene til diktaren. Han peika på at det er svært vanskeleg å finne vitskaplege arbeid om Jakob Sandes novelleproduksjon, og meinte dette måtte forklårast med den akademiske kategoriseringa av Sande som heimstadlyrikar. Kittang sette elles novellene til Sande inn i ein litteraturhistorisk kontekst ved å syne slektskapen med forfattarar som Tvedt, Sivle, Løland, Hamsun og Kinck. Han la vekt på at det sosiale engasjementet er endå sterkare til stades i novellene enn i lyrikken, men at novellene i mindre grad enn dikta inneheld søtlåten idyllisering av dei låge og utstøytte i samfunnet. Derimot er novellene merkte av pessimisme og flukt, der rømmingsvegane går gjennom alkohol, religiøs sykje eller fantasiar og barndomsminne.

Karneval

Også Atle Kittang peika på det moderne prosjektet i Jakob Sandes dikting, og fann det mest av alt i samspelet og kontrasten mellom den strenge forma og det eksistensielle innhaldet, som særleg vert opna av det sterke medvitet om døden som ein finn i novellene. Kittang synte korleis Sande blandar djup pessimisme med skildringar av det han kalla menneska sine ibuande anlegg for kaos og galskap, og konkluderte med at Sandes noveller på ymse vis formidlar ei tru på at diktekunsten hjelper oss med å kontrollere det eksistensielle kaoset.

Kittang var likevel heller uviljug til å bruke omgrep som karnevalisme om det groteske og burleske i diktinga til Jakob Sande.

- Sjølvsagt er overdrivingar og overrealisme viktige verkemiddel hjå Sande, men eg veit ikkje om eg vil seie at det å gjere det høge lågt og det låge høgt er det sentrale i diktinga hans, sa han i diskusjonen.

Det hindra likevel ikkje Jon Anders Hovland, fjalergut med hovudoppgåve om Sande som karnevalistisk lyrikar, i å freiste å påvise at Sande føyer seg inn i det litteraturteoretikaren Bakhtin kallar ein grotesk-realistisk europeisk tradisjon. Hovland drog fram dikt som “Eit gasta slag”, “Eit rus” og “Likfunn”, og argumenterte for at bibelparodiane og detaljskildringane av kropp, vald, rus og daude gjev ein komisk effekt som kan verke sosialt frigjerande for dei fattigaste og lågaste i samfunnet.

Andre perspektiv stod Reidar Storaas og Margrete Tveisme for: Storaas gav seminardeltakarane eit kulturhistorisk bilete av samtida til Geirr Tveitt og Jakob Sande, og Margrete Tveisme ei lesing av diktsamlinga Guten og grenda frå 1945.

Til Rio og heimatt

Ove Eide sit i styret for Jakob Sande-selskapet og er den som fyrst og fremst stod bak det mangslungne Sande-seminaret. Eide heldt sjølv eit foredrag om omstenda kring debuten til Jakob Sande, samlinga Svarte næter frå 1929. Eide kunne fortelje at det krydde av unge diktarar i dalsfjordbygdene på tjuetalet, og at Sande soleis hadde ein rik litterær og intellektuell heimleg tradisjon å spele på.

Dette er ein tradisjon som ikkje vart gjort til skamme av Jakob Sande-selskapet og seminaret deira. Dei mange gode foredraga opna diktinga til Sande for breie og ukjende perspektiv, og sette særleg lyrikken inn ein internasjonal litteraturhistorisk samanheng. Utan at heimstaddiktaren Jakob Sande vart forkasta eller låtteleggjort, gjorde seminaret det klårt at sjømannsguten og lektoren frå Sunnfjord gav oss meir enn lettvinte skillingsviser.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |