Dag og Tid nr. 33, 19. august 1999

Bøker:
Mennesket og musikken

Først og fremst dreier romanen “En egen musikk” seg om det evige og det timelege sett opp mot kvarandre.

Vikram Seth:

En egen musikk
Omsett av Kari og Kjell Risvik
Gyldendal

Ein indisk forfattar skriv ein roman på engelsk; han diktar opp engelske romanfigurar som arbeider med sentrale verk i den europeiske kunstmusikken, og handlinga legg han for det meste til London, Wien og Venezia. Kvifor? Er det eit “kunst for kunstens eiga skuld”-verk vi har med å gjøra? Er det ein forfattar som vil prøve å rykkje opp frå den underlegne tredje verda, for å markere seg i det europeiske kulturbildet? Eller kan det rett og slett vera ein forfattar som skriv om tema som opptar han, og som lar fordomsfulle lesarar stille dumme spørsmål etter at dei fånyttes har leita etter heilage kyr og kvinner med kastemerke i panna, i verket hans?

Det er iallfall lett å forstå at forlaget var raskt ute med å få boka omsett, slik at ho kunne bli lagt i postkassene til bokklubbmedlemmer rundt i landet, same året som originalen blei gitt ut. Vikram Seth fekk eit godt namn hos norske lesarar med mursteinen En passende ung mann, for fem år sia, og eg skulle tru at En egen musikk berre styrker posisjonen hans.

Velskriven

Romanen er velskriven, og med ein intensitet og ei nerve som ein ikkje ofte møter. Miljøskildringa er det også klasse over, og det same gjeld teikninga av dei mest sentrale karakterane.

Hovudpersonen Michael er fiolinist. Han voks opp på ein liten engelsk tettstad og blei hjelpt til musikkutdanning i London av ei rik, barnlaus kvinne i nabolaget. Han forelskar seg, men svik den han elskar, og blir etter kvart ein habil musikar, som rett nok ikkje får den suksessen som læraren hans hadde håpa. Kjærleiken til musikken er det einaste absolutte i livet hans, og han blir martra av tanken på kvinna han drog frå, i strid med det han eigentleg ville.

Denne kvinna dukkar opp att tidleg i romanen, gift og med ein liten son. Sjølvsagt blussar det opp att mellom dei to, og dramatikken i forteljinga har først og fremst med denne kjærleikshistoria å gjøra.

Musikk

Men det er mye dramatikk knytt til musikken òg. Michael spelar andrefiolin i ein strykekvartett med høge ambisjonar, og musikarane er slett ikkje alltid einige om korleis dei ulike verka skal gripast an. Gjennom heile romanen er lesaren vitne til levande og engasjerte diskusjonar om musikk, og det er først og fremst den innsiktsfulle måten Seth bruker musikken på, som gjør romanen til eit vellukka, originalt verk.

Etter å ha lese dei første par kapitla kan ein undrast på om musikken har ein sjølvstendig funksjon i boka; om han er noe anna enn eit påskot til å fortelja om kjærleikshistoria mellom Julia og Michael. Kvartetten diskuterer musikk omtrent som om dei skulle vera reklamefolk som legg opp ein annonsekampanje, der kvar og ein samstundes tar omsyn til firmaets interesser og til sine eigne. Men det Seth gjør, er at han først får fram musikken som ein naturleg del av livet til folk, og så etter kvart blir han viktigare og viktigare som symbol.

Det skulle seia seg sjølv, at når bakteppet for handlinga består av Bach, Mozart, Schubert, Haydn og Beethoven, er det ikkje dagleglivets trivialitetar som står i fokus.

Vikram Seth går hovudpersonen sin tett inn på livet, og det er lett å identifisere seg med han, i alle fall for mannlege lesarar. Likevel er han ikkje spesielt sympatisk, sjølvopptatt som han er. Han er meir opptatt av kjenslene sine for Julia enn for Julia som person, og det er ikkje lett å få auge på korkje empati eller rausheit hos han. Forfattaren skildrar han utan ironi; det meste tyder på at han er på parti med romanhelten sin. Det er likevel slåande at den tydelegaste av bipersonane i boka, den musikalske rivalen hans, førstefiolinisten Piers, blir framstilt som ein sjølvgod og lunefull mann, så sjølv om heller ikkje han er utan varme, er det kanskje ein subtil kritikk gjømt i personteikninga.

Det evige

Men først og fremst dreier romanen seg om det evige og det timelege sett opp mot kvarandre. Dei store musikkverka står som kompromisslause og uforanderlege monument, mens alt det menneskelege er forgjengeleg. Folk som er viktige for Michael, blir gamle og døyr, ho han elskar, mistar hørsla, og eit dårleg val han gjorde i ungdomstida, blir hengande ved han. Dei fleste kjenner tilsvarande problem frå sitt eige liv. Den europeiske kulturarven er nok sterkare til stades for Michael enn for dei fleste lesarane, men eg håper dei trøystande orda som avsluttar romanen kan vera gyldige for oss alle: “Musikk, en slik musikk, er en tilstrekkelig gave. hvorfor be om lykke, hvorfor håpe å slippe sorg. Det er nok, det er velsignelse nok, å leve fra dag til dag og høre slik musikk  ikke for mye, ellers ville ikke sjelen kunne bære det  fra tid til annen.”

Romanen er omsett av rutinerte Kari og Kjell Risvik, og dei har gjort ein god jobb. Det har nok vore ein utfordrande tekst å gi att på norsk; ikkje berre er han spekka med musikalske spesialuttrykk, men omsetjarane har også måtta løyse problem som er knytte til misforståingane som oppstår når ein som ikkje høyrer, skal tolke det ho les på leppene til samtalepartnaren. Ikkje alle løysingane er fullgode, men alt i alt skal dei ha ros for arbeidet med å gjøra En egen musikk tilgjengeleg for norske lesarar.
Steinar Lillehaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |