Dag og Tid nr. 32, 12. august 1999

Alfred Hitchcock:
Mørkeredd meister i uhygge
Alfred Hitchcock kunne få den mest uskuldige filmscena til å ose av uhygge. Sjølv var han mørkeredd, denne spenningsfilmens meister som fredag den trettande ville ha fylt hundre år.

ROALD HELGHEIM

I 1960 skreiv han artikkelen  for eit fransk magasin. Han fortel ei historie om då han i fire-femårsalderen vakna opp i eit bekmørkt hus utan ein lyd. Han ropte på mor, men fekk ikkje svar. Han gjekk til det halvt opplyste kjøkenet, skjelvande av redsle, opna spiskammeret og fann eit stykke kaldt kjøt som han gråtande byrja å ete av. Då kom foreldra som hadde gått ut ein liten tur, heim. Etter dette var det to ting Alfred Hitchcock ikkje tolte: å vere åleine når det var mørkt og å ete kaldt kjøt.

I seg sjølv er scena i all si enkle uhygge som skoren ut av ein Hitchcock-thriller, men emnet for artikkelen hans er fascinasjonen for den moderne spenningslitteraturens konge, Edgar Allan Poe. , skriv Hitchcock,  Slik er det når vi les bøker, og slik er det når vi ser film. Og han trur at grunnen til at han byrja å lage spenningsfilmar (som han ikkje gjorde frå starten), var at han likte sogene til Edgar Allan Poe så godt. På kvart sitt vis likte dei å få folk til å skjelve. Men Poe hadde ikkje sans for humor, meiner Hitchcock.

For Hitchcock har spenninga ingen verdi om ho ikkje blir balansert med humor. Men dei er begge fange i sjangeren, spenning, som Hitchcock drøftar utførleg fleire gonger i det han har skrive.

Uhygge utan vald

I det ligg også nøkkelen til å forstå kvifor mannen som kunne skape mest uhygge, gjorde det utan bruk av synleg vald. Det næraste han kjem, er dusj-scena i filmen Psycho, der du ser kniven og blodet, men ikkje valden direkte. Vald for valden si eiga skuld har ingen effekt.

- Eg trur ikkje publikum blir rørt av det, fordi det er så opplagt, sa Hitchcock i eit intervju.

Tallause bøker og biografiar er skrivne om meisterregissøren som vart fødd i England 13. august 1899, og som drog til Hollywood rett før krigen. Ein klassikar i Hitchcock-litteraturen er ein serie intervju som Francois Truffaut gjorde med han i 1962, og som kom i bokform i 1967. Vegleiaren min gjennom Hitchcocks tanke og sinn har vore boka Hitchcock on Hitchcock (1995) der Sidney Gottlieb har redigert ei sjeldan samling artiklar av og intervju med Alfred H. frå tjueåra av og oppover. Det er ei perle av ei bok der Hitchcocks vidd, humor og ikkje minst sjølv-ironi krydrar alt frå seriøse artiklar om filmkunsten til den glitrande bordtalen han heldt under Screen Producers Guild i 1965 etter å ha fått den tolvte prisen der. Her rosar han ikkje minst fjernsynet, og seier at mediets fremste bidrag til menneskeætta er at det har fått mordet attende der det høyrer til, i heimen.

Frå stumt til lyd

Alfred Hitchcock står bokført med 57 filmar, frå The Pleasure Garden i 1925 til Family Plot i 1976. Det er over femti år med ei rivande utvikling både teknisk og film-estetisk, og Hitchcock var i høg grad med på å prege ho sjølv. Han starta med stumfilm, men med Blackmail (1929) laga han den første britiske lydfilmen. Først måtte han gjere filmen som stumfilm, men fordi han visste at det var eit tidsspørsmål før det vart til lyd, spela han inn Blackmail som om det var ein . Han brukte lydfilmteknikken utan lyd, og når han etterpå fekk lage lydversjonen, var halve jobben gjort.

Slik var han tidleg ute med å sjå framover, tenkje nye utvegar å lage film på. Ein stad fortel han om då han skulle lage ei sene i Easy Virtue (1927) der helten frir til heltinna i telefonen. I staden for å vise dei to, ville han framstille (den lydlause) scena gjennom mimikken til telefonsentraldama, som følgde levande med i samtalen, frå det nervøse uttrykket då jenta var på nippet til å seie nei, til ho gav helten sitt . Hitchcock prøvde med den eine etter den andre til rolla, og for den som fekk ho, Benita Hume, var det starten på filmkarrieren. I den neste filmen sin var ho den kvinnelege stjerna.

Thriller-start

Den første spenningsfilmen var The Man Who Knew Too Much i 1934. Mannen som visste for meget kjenner vi best frå nyinnspelinga i 1956 med James Stewart og Doris Day i hovudrollene, men då han hadde gjort 1934-versjonen med etterfølgjarane The 39 Steps og Secret Agent, bestemde han seg for at dette var sjangeren han ville satse på. Det var ein thriller-sjanger han skulle dyrke til det perfekte, med lysande klassikarar som Rope (Repet) i 1948, Dial M for Murder (M for mord), Rear Window (Vindu mot bakgården), Vertigo, North By Northwest (Med hjertet i halsen), alle på femtitalet, før han i 1960 og 1963 sette skrekk-krona på verket med Psycho og The Birds (Fuglene). Den siste noko av det mest uhyggelege eg kan tenkje meg på film, skapt med ekte fjørkre og ikkje digitale Jurassic Park-øgler. Sterke filmar kom etterpå også, men for ein som vart filmvekt på femtitalet, står desse som rosene i buketten. Dei er alle frå tida etter at Hitchcock flytta til USA, invitert til Hollywood av David O. Selznick i 1939 for å lage sin første amerikanske film Rebecca, med Selznick som produsent.

Hitchcocks kvinner

Den mannlege storstjerna til Hitchcock er James Stewart (Repet, Mannen som visste for meget, Vindu mot bakgården, Vertigo), men også Cary Grant (Med hjertet i halsen, M for mord) er med, mens kvinnene i Hitchcocks femtitalsfilmar er Doris Day, Grace Kelly, Kim Novak, Eve Marie Saint, følgde av Janet Leigh og Tippi Hedren i dei to sekstitalsgysarane. Alfred Hitchcock drøftar fleire stader korleis han vel ut sine kvinnelege heltar, etter først å ha slått fast at han har funne det ekstremt vanskeleg å få britiske, kvinnelege skodespelarar til å gje naturleg respons på . I ein artikkel frå 1935 programfestar han difor at han kjem til å halde fast på ein  i filmane sine. Han skulle gjerne ha laga ein film med Greta Garbo, only for the experience, men oppsummerer at ein av Hollywoods store feil er at dei lar stjernene kome inn i ein : Når ein skodespelar blir vidgjeten i ein rolletype, er tendensen å stake ut alle dei framtidige rollene langs den same vegen. Men når det gjeld kvinner, proklamerer han . Han har høg blondine-faktor blant dei kvinnelege (Hollywood)-stjernene, men svarar at det ikkje er noko han strevar etter, langt mindre blondiner som vil .  I denne filmen spelar den kjølig-vakre Grace mot Cary Grant, mens partnaren er James Stewart i Vindu mot bakgården. Den siste er også ein klassikar i faget kameraføring, eit meisterskap Hitchcock hadde reindyrka på meir enn ein måte i den historisk oppsiktsvekkjande produksjonen Repet frå 1948.

Den mest spennande

Hitchcocks eiga skildring i artikkelen My Most Exiting Pictures av korleis filmen vart til, er i seg sjølv medrivande. Handlinga i filmen er to unge kameratar som  kveler ein tredje og legg han i ei kiste som dei dukar til gjestebod på med offerets foreldre, kjærast og nokre andre vener som gjester. Eit grotesk psykodrama der publikum veit plottet, men den intense spenninga ligg i når James Stewart som faren vil oppdage den uhyggelege sanninga. For Hitchcock er filmen for det første eit skuleeksempel på skilnaden mellom spenning (suspense) på den eine sida og skrekk eller terror på den andre, som du opplever med uventa, brå skrekkinnslag. Regelen er , spenning som resultatet av eit (førehands)varsel. Det er ikkje graden av sjokkeffektar som avgjer, men den skrekkblanda spenninga om kva som vil hende, uavhengig av om du kjenner sjølve plottet.

Men Repets store filmhistoriske bragd er at han er nøyaktig like lang som den faktiske hendinga, frå solnedgang til skumring, skoten utan anna avbrot enn ny filmrull i eitt , i eitt og same rom. I røynda tok det 35 dagar å lage han med alle øvingar, men prinsippet er intakt, og skildringa av det nitide arbeidet med å få dette til, med alt mannskapet listande lydlaust rundt, flytting av gjenstandar under opptak som ikkje skulle kome i vegen for kamera, den usynlege handa utanfor biletkanten som må ta imot vinglaset nokon set frå seg på eit bord som ikkje står der lenger, intensiteten på eit sett som gjorde den garva James Stewart søvnlaus om nettene, det stakkars  som måtte liggje i kista til den ti minutt lange filmrullen var slutt, alt er skildra like spennande som filmen sjølv. For ikkje å snakke om strevet med å få til autentiske Manhattan-kulisser, naturlege skyer, røyk og lys du ikkje kunne trikse med mens kamera gjekk.

Ekte vare

Korleis dei skulle løyse problemet med Hitchcocks eigen vesle gjesteopptreden i kvar film her, er ein eigen liten godbit. Men dette var også meisterens første produksjon i Technicolor. Han ønskte aldri å lage ein fargefilm for fargen si skuld åleine, han ville vente til fargen hadde ein dramatisk, men framleis neddempa funksjon, fargen slik auget ser han. Nøkkelrolla til fargen ligg i denne filmen i bakgrunnen, utan unaturleg glorete forstyrring frå aktørane sine kledebon. Det er ein fargebruk vi kjenner att frå andre Hitchcock-filmar også, og Repet står der som noko av det mest fortetta dramaet lerretet kan by på.

Difor kjem han også langt opp på rankinglista mi, men på toppen lyser Vertigo (1958), filmen der Kim Novak mot James Stewart nådde toppen. For hennar blendande vakre oppsyns skuld kunne filmen sikkert greidd seg utan den tekniske nyoppussinga som vart gjort då meisterverket nyleg vart sendt ut på ny. Uansett er Hitchcocks testamente til oss på hundreårsdagen at i ei tid då det autentiske filmbildet held på å bli ein saga blott, er han framleis kongen i uhygge og spenning, med ekte vare. Og at hundreårsdagen skulle bli på ein fredag den trettande, tar han heilt sikkert med eit smil, kvar han no er.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |