Dag og Tid 30, 29. juli 1999

På tomannshand:
Kremmarbyen som forsvann
Det første valet sitt vann han nesten ved hjelp av magedans. Men det er neppe vegen å gå om Martin Smith-Sivertsen skal verte Høgre-ordførar i Bergen. I staden vil han vinne hjarta til folk ved å fortelje dei at byen deira ligg i dvale, og at han kan gjere noko med det.

TEKST OG FOTO: Per Anders Todal

Da Bergens Tidende skulle kåre årets bergenspolitikar i 1998, fall valet på den unge og nokså dynamiske Martin Smith-Sivertsen. Han har hatt noko av ein kometkarriere i Bergen Høgre, 34-åringen. Etter nokre år i studentpolitikken og færre i lokalpolitikken, hamna han i fjor i spissen for ein palassrevolusjon i partilaget. Dei etablerte toppane i det såkalla Rådhus-Høgre vart raderte ut, og brått sat Martin Smith-Sivertsen der som leiar og førstekandidat til ordførarvervet ved valet i haust. I Bergen Høgre finst det visse tradisjonar for å vere hard mot sine eigne, og dei utraderte var sjølvsagt alt anna enn nøgde med utfallet av striden.

- Kven skulle trudd det var så mykje råskap i deg? Du verkar jo som ein hyggeleg mann?

- Det hadde ikkje så mykje med råskap å gjere, slik eg ser det. Det var ein demokratisk prosess, der fleirtalet ville ha utskiftingar. Eg synest vi har ei positiv stemning i partiet no, seier Smith-Sivertsen - slik ein kan vente.

Vi møtest på Holbergstuen, med utsyn til Torg-almenningen og dei intenst omkrangla søylene til Bård Breivik. Men trass i alle krakilske kranglar som byen er kjend for: Bergen må vekkjast frå dvalen sin, meiner Smith-Sivertsen. Han er faktisk så oppteken av det at eg finn utsegna fire stader i notata mine når eg les gjennom dei etter intervjuet. Bergen må realisere muligheitene sine, må kome på hogget, må tenkje offensivt, meiner kandidaten, og han har tilmed tenkt på korleis det skal skje.

- Om vi skal kome på offensiven, må vi tenkje meir på Vestlandet. Ser du på verdiskaping, er det Vestlandet som gjev det største bidraget til fellesskapen. Over 50 prosent av eksportinntektene kjem frå Vestlandet, om du reknar med oljeindustrien. Vi må vere medvitne om kva vital rolle vi spelar, og krevje å få meir attende, seier Martin Smith-Sivertsen, som ønskjer seg meir regionalt samarbeid.

Han har dessutan ytra stor skepsis til prestisjetunge Oslo-prosjekt som Bjørvika-opera og IT-Fornebu.

- Ap vel dei dyraste løysingane i Oslo, i staden for å ta pengane attende til Vestlandet. Her treng vi å satse på betre transportvilkår for å kome oss raskare langs kysten.

- Andre meiner det er samferdsle på Austlandet som må satsast på, etter snorklipparturneane til Opseth vestpå?

- Det er heilt feil. Kostnadene per meter veg er mykje større på Vestlandet. Så om du måler løyvingane i kor mykje veg du får, er det Austlandet som har kome best ut. Vestlandet skaper mykje til fellesskapen, og vi må få meir att.

- Korleis klarte Bergen å verte slik ein periferi, da?

- Som den nest største byen i Noreg, har nok Bergen blitt råka ekstra hardt av sentraliseringa. Men det finst utruleg bra kvalitetar i denne byen.

Skal ein vekkje Bergen frå den omtalte dvalen sin, må ein sjå utover, meiner Smith-Sivertsen.

- Sentralisering har fleire sider, og Oslo kjem òg til å oppleve eit press ved at store selskap flyttar til Stockholm eller andre stader i utlandet. For Bergen er løysinga å tiltrekkje seg internasjonale bedrifter. Vi må bli flinkare til å fortelje om kor bra Bergen er. Det er ein liten by, men med breidde i kultur og fasilitetar og mykje attraktiv arbeidskraft. I Noreg snakkar vi for mykje om kor norske hovudkontor skal liggje og slikt. Det er ikkje så interessant.

Mange vil meine at bergensarane er meir enn flinke nok til å skryte av seg og sitt. Men det synest altså ikkje Martin Smith-Sivertsen, som har eit bergenskontor i Brüssel blant valkampsakene sine.

- Vi må bli betre til å selje oss, og lage skreddarsydde opplegg. Eg har vore i Irland, og sett på organisasjonen som tek seg av alt for bedrifter som ønskjer å etablere seg. Dei får omtrent utlevert nøkkelen når dei kjem. Sjølv om vi kanskje ikkje bør gå så langt, har vi mykje å lære.

- Irane lokkar òg investorar med underbod på skattesida. Ser du for deg Bergen som eit lokalt skatteparadis, eit norsk Grand Cayman?

- Eg trur det er vanskeleg å få til, det vert neppe særleg godt motteke på Stortinget. Men det er morosamt å sjå kva EU-medlemskapen har hatt å seie for eit land som Irland, og korleis dei har fridd seg frå London. Det er ein parallell til kva Bergen treng å gjere i høve til Oslo, og kople seg direkte til marknadene i Europa.

Historisk sett er parallellen litt dryg. Sjølv om den bergenske sjølvkjensla nok har lidd under Oslo-dominansen, har det førebels ikkje fare nokon rasande Majorstue-Cromwell gjennom Bergen. Men til liks med Irland har Bergen hatt problem med å halde på dei flinke hovuda sine. Svært mykje av den høgt utdanna arbeidskrafta i byen reiser sin veg, helst da til Oslo.

- Eg har fleire vener i Oslo enn eg har her no. Det er så mange som flyttar frå Bergen for å finne jobb sjølv om det er her dei ønskjer å vere, og det er ikkje bra. Ein kan surmule over dette, eller ein kan sjå etter sjansar som opnar seg. Eg meiner dei er enorme i ei globalisert verd, der stad ikkje treng vere avgjerande. For Bergen er det eit enormt pre med dei mange velutdanna menneska som har lyst til å vere her.

Som lokalpolitikarar flest, er Smith-Sivertsen frustrert over detaljstyringa frå Oslo. - Det er eit kjempeproblem at politikken er så til dei gradar sentralstyrt. Ein må godta at ulike kommunar gjer ulike val. Om stortingspolitikarane avgjer alt, er det det største trugsmålet for lokaldemokratiet.

I Bergen er det likevel bra interesse for lokalpolitikken, meiner Martin Smith-Sivertsen.

- Bergensarane har alltid hatt stor interesse for lokale spørsmål. Det har noko med identitet å gjere. Da eg køyrde drosje i studietida, og køyrde folk som skulle på byen, var det slåande korleis nesten alle kan bergenssongane. Det finst ei sterk kjensle av fellesskap og av eit felles byrom her. I bystyret er dei aller heitaste debattane om Torgalmenningen, Sjøfartsmonumentet og slikt. Denne kjensla manglar i andre byar, særleg ein innflyttarby som Oslo.

I dag vert Bergen styrt av ein koalisjon med KrF (som har ordføraren Ingmar Ljones), Arbeidarpartiet, Venstre og Senterpartiet, og det er lenge sidan det var Høgre som sat med ordføraren. Den relativt svake stillinga til Høgre i Bergen dei siste åra er eit litt pussig trekk: Korleis kunne dette gå til, i ein tradisjonelt djupblå kremmarby som denne?

Martin Smith-Sivertsen trur han har litt av forklaringa.

- Det er eit interessant fenomen, om ein samanliknar med dei andre store byane i Noreg. Der står Høgre sterkt, men altså ikkje her. I fem av dei seks største byane har Høgre hatt ordførarar dei siste åra, og unntaket er Bergen. Om du ser på EU-spørsmålet, har Bergen òg utvikla seg i det eg meiner er feil retning: Ved siste folkerøystinga gjekk ja-sida stort sett fram i dei andre byane, men i Bergen gjekk det attende, og det vart berre så vidt fleirtal. Eg trur båe fenomena heng saman med at Bergen er i ferd med å bli ein administrasjonsby, der næringslivet har blitt mindre viktig, seier Smith Sivertsen.

- Før var Bergen ein utprega handelsby, og dette meiner eg byen har gått for langt bort frå. Bergen har gløymt noko av tradisjonen sin som utettervendt handelsby, gløymt samanhengen mellom det å skape verdiar i næringslivet og å skape det som er bra for folk flest. Vi treng å få attende meir av den gamle kremmarånda.

Den ånda har Martin Smith-Sivertsen sjølv fått med seg ein dose av frå heimen - om ikkje med morsmjølka, så med farsmjølet. Far og forfedrar dreiv som bakarar fram til 60-talet, da familiekapitalen gjekk over til eigedomsbransjen. Og da unge Smith-Sivertsen var ferdig med jusstudiet, med eit resultat litt prega av årevis med intense, utanomfaglege aktivitetar, var det i familiebedrifta han fekk disponentjobb.

- Familien forbarma seg over deg?

- Nei, det er nok ikkje rett. Men eg hadde visse problem med å finne ein interessant jobb her i byen. Den jobben eg har no, er utruleg morosam, og det vert med vemod eg forlet han. Eg har nok litt kremmarblod i årene, ja.

Kremmarane døyr nok ikkje ut med det første. Men i blant er det likevel så ein må lure på kor mykje plass det er att til partiet Høgre i norsk politikk. Når Ap har annektert så mykje av Høgre-politikken og Frp alt som var av Høgrepopulismen, og KrF står fram som verdikonservativt masseparti, treng vi eigentleg Høgre da?

Ikkje overraskande meiner Martin Smith-Sivertsen at svaret er ja. - Det som set ei sunn avgrensing for Høgre, er at det er eit seriøst parti. I motsetnad til Frp kan ikkje Høgre endre skattepolitikken sin to dagar før valet, og det er bra. Elles registrerer eg at regjeringspartia ikkje går laus på det som er dei store utfordringane, når det gjeld å setje grenser mellom offentleg og privat ansvar, meiner Smith-Sivertsen.

- Om Bondevikregjeringa hadde opptredd som eit konservativt parti på dette området, kunne det nok skapt problem for Høgre. Men det er langt frå tilfelle, regjeringa fører politikken til Ap vidare, med unntak av kontantstøtta. Eg meiner det er her hovudskiljet i politikken går. Om det offentlege tek over for mange område, så individet ikkje ser ansvaret sitt sjølv, da har vi tapt.

- Det går an å meine at til dømes dei veksande økonomiske skilnadene er eit mykje større problem.

- Det er sjølvsagt òg eit stort problem, stadfester Smith-Sivertsen, og går over til å snakke om mangfald, noko Høgre er tilhengjarar av, fortel han.

- Tenk berre på kor mange framandkulturelle vi har i det norske samfunnet i dag, noko eg ser på som ein god ting. Det fører til at vi må leggje om politikken, vi må akseptere at Noreg ikkje er det same som for 20 år sidan.

- De har ein Ingvald Godal i Høgre som slit litt med å akseptere det?

- Han hadde eit utspel der han talte på eigne vegner. Eg las den artikkelen han skreiv, og tykte det var ei skam, seier Martin Smith-Sivertsen.

I Bergen Høgre er Smith-Sivertsen for noko av eit miljøalibi å rekne. Han har vore med i Naturvernforbundet, og som lokalpolitikar har han blitt omfamna av AUF og Kurt Oddekalv for profilen sin. Det er potensielle dødskyss for ein som skal fri til næringslivet, men til no har han overlevd.

- Eg er brennande oppteken av miljøspørsmål, opplyser han. Om det ikkje nett er revolusjonerande tiltak han vil ha, ønskjer han i det minste å satse meir på kollektivtrafikk i Bergen. Og oslosjalusien stikk hovudet fram att:

- Det er utruleg stor skilnad på dei statlege løyvingane til kollektivtrafikk i Bergen og Oslo, seier Smith-Sivertsen, som elles vil fjerne gjennomgangstrafikken i byen ved å putte han under jorda.

- Så Bergen kan stå fram i all si prakt.

Det er ein annan retorikk på Martin Smith-Sivertsen no, samanlikna med studentpolitikaren: Meir varsam, mindre frodig. Det handlar kanskje om å verte vaksen politikar, men det handlar dessverre om å verte litt meir keisam òg.

- Eg synest ikkje at usemje i seg sjølv er like interessant lenger. Studentparlamentet hadde nok høgare underhaldningsverdi enn bystyret har, men det var lite reelt det vi dreiv med.

Frå studietida kan likevel Martin Smith-Sivertsen sjå attende på eitt varig resultat av arbeidet sitt. Saman med to vener var han initiativtakar til det som vart studenthuset Det akademiske kvarter, i dag eit av dei viktigaste kulturhusa i byen. Ikkje alle lokalpolitikarar har såpass å vise for seg.

- Eg er veldig stolt av at vi fekk til det huset. Eg går ikkje så mykje der no, men eg var der på Violent Femmes-konsert i vår.

Til toppkandidat i Høgre å vere har Martin Smith-Sivertsen nokså mykje villskap på rullebladet. Og uansett korleis det måtte gå med han i valet til hausten, kan han trøyste seg med at han allereie har kome seg til topps i Bergen. Kandidaten har ei ikkje veldig fjern fortid som nattleg fasade- og stillasklatrar, og kjenner utsynet frå både kyrkjetak og andre høge punkt i byen. Men no er han ordførar-kandidat for Høgre, og har andre slag fasadar å ta omsyn til.

- Eg trur ikkje eg har lyst til å gjere noko nummer ut av det der, seier Martin Smith-Sivertsen.
I same slengen hoppar vi over den første valkampen hans, på vidaregåande skule, da han mangla ei røyst på å vinne tittelen som russeprins gjennom ein myteomspunnen magedans. Slike triks vert det neppe i denne valkampen. Men til hausten skal han likevel gripe attende til sine eigne rocka røter i det minste ein gong. Den tradisjonsrike rockeklubben Hulen feirar jubileum, og ved det høvet skal bandet med det lite politisk korrekte namnet Alzheimer/Silverspurs kome saman att. Her markerte Smith-Sivertsen seg som ein iherdig og energisk trommeslagar tidleg på nittitalet, med ein særeigen teknikk for å halde den pyntelege panneluggen ute av augo samstundes med at han heldt dampen oppe på trommene.

- Vi har hatt ei øving før sommaren, og skal ha ei til etter sommaren. Den første gjekk ikkje så verst.

- Kva trur du
Bergens Tidende såg i deg, da dei kåra deg til årets bergenspolitikar?

- Dei tykte vel at det som skjedde i Bergen Høgre i fjor var den største hendinga i lokalpolitikken, og kanskje at eg var ein interessant politikar for framtida. Men det er no eg må vise at eg duger, seier Martin Smith-Sivertsen.

Utanfor vindauget snur Bergen seg i dvalen. Himmelen ofrar eit par regndropar på den sovande byen. Snart er det valkamp på ordentleg.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |