Dag og Tid nr. 29, 22. juli 1999

Atterreising:
Vågar vi å hjelpe Serbia?
Norske styresmakter seier at dei ønskjer å gje hjelp til atterreisinga av Serbia. Men vågar dei det, når Bill Clinton har sagt “ikkje ein penny”?

Per Anders Todal

Milliardane rullar frå Vesten til atterreisinga av Kosovo. EU skal løyve tolv milliardar kroner til dette føremålet dei neste tre åra, vart det erklært i juni. Men ikkje ei krone av dette skal kome Serbia til gode, slo generaldirektør Günther Burghardt i EU-kommisjonen fast.

Kosovo-krigen etterlet seg eit Serbia med ein rasert infrastruktur, etter at Nato sine kriterium for kva som var “militære mål” stadig vart utvida i løpet av bombekampanjen. Vegar, bruer, jernbaneliner, industrianlegg, oljeraffineri, telekommunikasjon og straum- og vassforsyning har lidd enorme skader. Men for alt anna enn desperat naud og akutte miljøproblem, ser det mørkt ut når det gjeld hjelp utanfrå til Serbia, som i tillegg har massive flyktningproblem og ein økonomisk boikott å stri med.

Ikkje ein penny

President Bill Clinton har markert seg som talsmann for ei knallhard line overfor Serbia så lenge Slobodan Milosevic sit ved makta.

- Om serbarane vel å halde fast på Milosevic, og dermed vel å ikkje ha ei framtid, skal dei likevel ikkje fryse i hel til vinteren. Men da blir det ikkje aktuelt med atterreising av bruer. Da meiner eg at vi ikkje skal hjelpe, ikkje med ein penny, erklærte Clinton 20. juni, og EU-leiinga har følgt opp.

Men sjølv om Nato heile vegen har erklært at alliansen var i krig med Milosevic, ikkje det serbiske folket, er det lite som tyder på at Milosevic manglar straum eller et forgifta landbruksvarer. Det er det derimot andre som gjer.

Handslag frå Bondevik?

Kanskje er det eit snev av kristeleg sinnelag som gjer at Kjell Magne Bondevik har teke til orde for ei anna line overfor Serbia. 9. juni sa den norske statsministeren i Stortinget at vi har ei moralsk og politisk plikt til å lækje krigens sår, og understreka at ingen land eller folkegrupper skulle vere unnatekne frå den humanitære bistanden frå Noreg.

- Vi må syne at vi er klare til å gje eit handslag også til det serbiske folket, og bidra til å utvikle eit ope, demokratisk samfunn og bygge opp att landet, meinte Bondevik.

Utan å nemne noko om at Milosevic måtte gå av først.

Dette liknar altså på eitt av dei heller sjeldne tilfella der Noreg meiner noko anna enn storebror USA i utanrikspolitikken. Men tyder denne meiningsskilnaden noko i praksis?

Med eller utan Milosevic

- Utanriksministeren har vore heilt klår på dette punktet: Vi skal ha eit forhold til serbarane, med eller utan Milosevic som leiar, seier Sigvald Hauge, fungerande pressetalsmann i Utanriksdepartementet.

- Det norske synet er at vi må hjelpe serbarane om vi skal unngå at dei opplever seg fullstendig tilsidesette av det internasjonale samfunnet. Vi gjer ein stor feil om vi ikkje stiller serbarane noko i utsikt.

- Kva hjelp kan det vere aktuelt å gje?

- Det er ulike syn på kor langt hjelpa kan gå før det vert understøtting av det noverande regimet. Kva er humanitær hjelp, og kva er oppattbygging? Men ein må vurdere oppattbygging av fundamental infrastruktur som vatn, elektrisitet og vegar. Elles har det lite føre seg å bruke store midlar på humanitær bistand.

Førebels vert det likevel med dei gode intensjonane når det gjeld Serbia. Til ulike typar hjelp i Kosovo, Albania og Makedonia har Regjeringa løyva til saman 575 millionar kroner, i tillegg til utgiftene med dei kosovo-albanske flyktningane i Noreg. Og når det gjeld Serbia?

- Vi har ikkje noko konkret der enno, seier Sigvald Hauge.

Ikkje ein penny så langt, med andre ord.

- Er norske styresmakter redde for å bryte med den konsensusen som har rådd mellom Nato-landa, ved å til dømes finansiere atterreisingsprosjekt i Serbia?

- Det er ikkje snakk om radikalt ulike posisjonar, heller variasjonar over eit tema. Det er ulike syn på kor atterreising byrjar og humanitær hjelp sluttar, seier Hauge.

- Korleis kan da norsk UD arbeide for å få gjennomslag for synet sitt?

- FN-systemet er ein viktig kanal for bistand, førebels særleg Høgkommissæren for flyktningar. OSSE spelar òg ein sentral rolle. Dessutan kjem det fleire internasjonale konferansar om hjelpa til Balkan, der ein skal klarleggje kva dei ulike landa treng.

Vanskeleg ålein e

- Så lenge Nato er involvert i Kosovo, og Nato jobbar for ein einheitleg politikk, er det vanskeleg for Noreg å dra i gang større tiltak i Serbia på eiga hand, seier stipendiat Geir Espen Fossum ved Norsk utanrikspolitisk institutt.

Han arbeider med Balkanspørsmål, særleg når det gjeld Bosnia og Kosovo.

- Ein ting er at det sjølvsagt er lite Noreg kan gjere på eiga hand, men det er òg vanskeleg å flagge ei slik sak i opposisjon til den største partnaren i Nato. Når Noreg førebels ikkje har klar nokon politikk overfor Serbia, heng det nok saman med at ein avventar kva som skjer på høgare nivå, meiner Fossum, som reknar dette for å vere ei relativt fornuftig line å leggje seg på for eit land som Noreg.

Han ser derimot ikkje mykje fornuft i den harde politikken dei tyngste Nato-landa no fører.

- Om ein skal ha noko forhold til serbarane, må det byggje på meir enn humanitær hjelp. Det er heller ikkje naudhjelp dei treng mest i Serbia no. Dei treng vegar, telekommunikasjonar, elektrisitetsverk og vassverk som fungerer, men dei treng òg ei meir langsiktig økonomisk utvikling. Ein må få i gang samfunnsmaskineriet på nytt.

Beinhard isolering av Serbia er ikkje vegen å gå for å få til ei harmonisk og demokratisk utvikling i landet, slik Fossum ser det.

- Når eit folk vert bomba og nærmast plassert utanfor Europa, og heller ikkje får økonomisk hjelp, gjev det ikkje nett tru på framtida. Ein er tvingande nøydd til å satse på serbarane, også utan eit regimeskifte. For raske endringar i Serbia no vil ikkje nødvendigvis vere til det betre, det kan like gjerne føre til enda større splitting og ustabilitet. Erfaringane frå Irak syner òg at isolering av eit land ikkje treng å ha særleg effekt på eit regime, seier Geir Espen Fossum.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |