Dag og Tid nr. 29, 22. juli 1999

Roald Helgheim:
Verdas navle

Det var berre det som mangla, at årets norske trippelmord også fekk ein avleggar i Rosenes By, gjennom ein simpel våpenkremmar. Dermed vart det også ekstrajobb for utsende festivalreporterar i Molde, omdirigert til fengslingsmøte i byens tinghus. Det var likevel meir dramatisk før om året då eit drap i Mittet førde til full omdirigering av alt disponibelt redaksjonelt mannskap, og den dåverande medarbeidaren i Klassekampen hadde festivalen for seg sjølv. Det var det året Sonja, då med status som kronprinsesse, var der i høve festivalens 25-årsjubileum. Om kvelden hygga ho seg i Alexandrakjellaren, og tykte så godt om det svarte amerikanske bandet at ho gjerne ville bli fotografert saman med musikarane. Gode råd var dyre, alle pressefotografar var på drapsstaden, og festivalens slottssekretariat tok nølande kontakt med den einaste journalisten med kamera i byen - om den revolusjonære utsende kunne tenkje seg å hjelpe til med eit kongeleg bilde.

Eg hadde ikkje blitz, og lyset var flatt og dårleg, men utan å nøle var eg klar til å gjere kongehuset ei teneste til jazzens fremme. Det beste lyset å oppdrive var på kjøkenet, der eg mellom koppar og kar stilte opp prinsessa og musikarane, som verkeleg kjende seg æra av å bli foreviga saman med her royal highness. Eg pressa filmen til yttergrensene, og sende han med første fly til redaksjonen i Oslo med ordre om å sende det ferdige bildet pluss filmen dit dei skulle.

Korleis det enda, om det vart noko brukbart bilde av det, fekk eg aldri vite. Men i fantasien ser eg det vakkert ramma inn på ei kongeleg peishylle i vårt nyoppussa slott, Sonja saman med eit jazzband av svarte amerikanarar.

Denne opplevinga kjem alltid for meg når det hender noko ekstraordinært under denne festivalen, som denne kvelden då Ray Charles kalla ein fjernsyns-fotograf eit rævhol og trua med å stogge konserten til han hadde gitt frå seg filmen til festivalleiaren, som gav han vidare til bandets manager. Brått blir Molde verdas navle med nattlege krisemøte mellom festival og journalistar som har fått krenka ytringsfridomen sin. Redaktørforeningas formann rykkjer ut i VG med eit prinsipp om at ein konsert er ei offentleg hending med uavgrensa fritt tilgjenge for alle media. Om han ikkje er på ein annan klode, vil han vite at slik er det berre ikkje. Berre studer kjøpslåinga om senderettane for norske idretts-arrangement som er like opne og like offentlege som ein konsert. Som i alt anna er det pengane som styrer, noko tabloide media veit best.

Likevel blir oppstyr på grunn av dårleg management Verdas Viktigaste Sak, og ein festivalby blir verdas navle. Mens alle som driv journalistikk på den storkommersielle musikkarenaen, veit at meir stalinistiske reglar for kva som er lov og ikkje lov når det gjeld store artistar, finst ikkje på noko anna samfunnsfelt.

Når journalistar gjer seg sjølve til hovudpersonar i sin eigen journalistikk, er det eit dårleg teikn. Denne gongen var det også ein del oppstyr med media då Ray Charles kom til festivalen. Det vart skildra i detalj av det som må vere verdas mest sjølvopptatte yrkesgruppe uansett rase, religion eller politisk overtyding. Slike oppheta episodar høyrer med i eit normalt kulturarrangement av denne typen, men vi er den einaste yrkesgruppa på kloden som greier å lage ei sak for menneskerettsdomstolen i Strasbourg av våre eigne trivialitetar. Kva må dei ikkje tenkje dei som verkeleg må risikere livet for det frie ord?

Etterpå har eg kome i tankar om filmen som eg sende til slottet. Eg går utifrå at han er trygt deponert i kabinettet. Kan eg gjere krav på han no? Etter mitt syn er det eit historisk dokument som høyrer heime i Riksarkivet. Eg aktar å gjere dette til ei sak for presseorganisasjonane. Får eg ikkje viljen min gjennom, blir det full boikott av Kongehuset heretter.

Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |