Dag og Tid nr. 29, 22. juli 1999

Leiar:
Sjukleg velstand

Fredag i førre veke melde Nationen at nye forhandlingar knytte til EØS-avtalen kunne ende med at toll-satsane på pizza og somme andre matvarer kunne bli reduserte med tre prosent. Gjennom dei såkalla “Protokoll 3”-forhandlingane har regjeringspartia halta vidare sørover mot Brussel. Det råkar norsk landbruk og norsk næringsmiddelindustri og gagnar den industrielle landbruksproduksjonen i EU.

Og det kan verke som om regjeringspartia kjem til å halte seg vidare frå dei programma dei gjekk til val på for to år sia. Arbeidarpartiet har saman med Høgre  og Fremskrittspartiet, naturlegvis  arbeidd flittig for å få regjeringspartia til å gå med på avgiftslette for tobakk og sprit. Følgjer regjeringspartia krava frå høgresida, har dei røykt ut det meste av truverdet sitt. Og den vesle resten som blir att, kan dei saktens vaske bort med billig sprit.

Dette er blitt ein av dei mest utprega nasjonale nevrosane våre: Prisen på mat, tobakk og sprit. Det verkar ikkje lenger som om det er noko å diskutere om maten nødvendigvis vera billegare. Nokre få daglegvarekjeder med tilnærma monopol på daglegvarehandelen i Noreg skal ha ein god del av skulda  nettopp fordi dei så einsidig fokuserer på pris. Den meiningslause oppblåsinga av grensehandelen i Sverige skal også ha ein del av skulda. Resten kan tilskrivast norsk medvitsløyse.

Det ser jamvel ut til at det stødige Kristeleg Folkeparti synest det er flautt å ta eit klart standpunkt mot avgiftslette på tobakks- og alkoholvarer, trass i at partiet har gått i fremste rekkje i kampen mot alkohol- og tobakksskadar her til lands, og trass i at avgiftspolitikken har vore ein viktig reiskap for å redusere forbruket av tobakk og alkohol.

Meiningsløysa får likevel breie seg ekstra godt utover landet når det blir framstilt som om det viktigaste norske forbrukarar kan oppnå, er billigare matvarer  særleg fordi vi historisk sett nesten ikkje bruker pengar på mat lenger. Gjennomsnittleg går knappe 13 prosent av inntekta vår til mat. For berre 40 år sia, brukte vi knappe 40 prosent.

Det er ikkje få matvareskandalar som er avdekte i EU dei siste åra, og det spørst om ikkje dette i lengda blir ein altfor høg pris å betale for å få ein stadig billigare og meir usikker matforsyning; det er ein velstand til å bli sjuk av. For viss ikkje vi i Noreg har råd til ein vettug, rein matvareproduksjon, er det ingen som har råd.

Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |