Dag og Tid nr. 29, 22. juli 1999
Klok på bok 425:
Klok på hoppande ord
Denne veka er det berre eitt svar i Klok på bok-kassen. Eg vert så fortvila og kjenner meg så aleine i verda når me ikkje får svar på Klok på bok, sa Barabass her om dagen. Like etter strauk han til fjells for å leita etter dei andre sauene. Han sprang oppover bakkane og forsvann. Alt eg sat att med var eit brev som han hadde fått drengen til å skriva ned for seg. Eg, Barabass, Dale-Oskar sin ver, trudde eg hadde ei viktig oppgåve for litteraturen, men forstår etter kvart at eg har overvurdert min eigen innsats som misjonær i litteraturens teneste. Eg har tenkt meg godt om denne veka og kome fram til at ein ver har andre oppgåver enn å lesa litteratur. Denne avgjerda har eg teke etter at det berre kom inn eitt svar på vekas Klok på bok. Ein ver skal vera på fjellet om sommaren.
Og her sit eg, heilt aleine og kjenner kor inderleg eg saknar Barabass. Eg vonar inderleg han tek til vitet og kjem attende til meg og til litteraturen. Snille Barabass, kom heim, kom heim! Det einaste svaret som kom denne veka var eit postkort frå Hell! Eitt svar, og eitt svar frå Hell, på ei veke. Aftenstemning Hell St., Evening mood Hell station står det på kortet som har blodraude og dystre helvetesskyer. Kortet er frå Kaare Stegavik som vanlegvis held seg på Trolla, men altså har teke turen til Hell, kvifor akkurat Hell skriv han ikkje. Han skriv: Oskar in the valley, greetings from Gods expedition in Hell. De ligg to-tre mil længer ijnni fjor'n her, heilldivis på ainner sia tå by'n. Æ syntes stæmninga passa bara attåt TOR ULVEN sin tækst USKREVET som sto i ei samling historiå, VENTE OG IKKE SE frå 1994. Hainn Adrian likt itj tæksten meir enn passle, å æ va næsten eni, de herre va meir fer en trist novæmberkveill. Beste helsing, stadi på feri' Kaare Stegavik på kort visitt
oppi granskogen.
Det var vekas Klok på bok-post og sjølvsagt òg vekas vinnar. Kaare Stegavik er ein kjempekar og han Adrian ein kjempekatt, ropte Barabass, medan han sleit seg opp fjellsida frå huset vårt. Send ein varm takk til Kaare og ein til Adrian, var det siste eg høyrde han sa.
Tor Ulven var altså Klok på bok-forfattaren denne veka. Ulven har nok fungert som en 'smal' forfatter i det norske miljøet, og grunnene til det kan vi kanskje ane etter å ha lest vår tekst her, historien 'Uskrevet'. Ulven har derimot fått betegnelsen 'forfatternes forfatter', som enkelte 'smale' forfattere blir hedret med.
Det skriv Steinar Gimnes og Jorun Hareide om vekas tekst i boka Norske tekster prosa etter 1900. Tor Ulven (1953-1995) hadde gjeve ut tretten eigne bøker og eit par gjendiktingar då han døydde. Han debutert i 1977 med Skyggen av urfuglen. Den fyrste prosaboka gav han ut i 1988, Gravgaver, dessutan han gjeve ut romanen Avløsning. Forfattaren sitt litterære utgangspunkt var surrealismen på 70-talet, men han hadde allereie distansert seg frå surrealismen då den retninga kom med større tyngd i norsk litteratur på 80-talet. Sjølv ville Ulven heller kalla seg ein realistisk forfattar og realismen hans gjev seg uttrykk i at han fokuserer på ting, han skriv detaljerte skildringar av ei triviell røynd. Ja, det har eg lært av Gimnes og Hareide, for noko skal eg jo driva med no når Barabass har fare til fjells.
Ja, ja. Eg får freista med ei ny oppgåve og sjå om det finst nokon der ute som kunne tenkja seg å svara, sjølv om det er juli, sjølv om Barabass har reist til fjells og sjølv om alt er trist og tungt og trasig.
Klok 425
sit du i hagen
ei julinatt
når ord hoppar mjukt
opp i fanget ditt
stryk dei over ryggen
sprakande i sommarmørkret
vil dei murra deg eit dikt
eit stutt
dei skvett snart
til skogs att
Dette er vekas dikt og spørsmålet er: Kven har skrive dette?
Eg gjev nokre tips, så eg er sikker på svar. Forfattaren var lærar, kommunepolitikar, radiokåsør mellom anna. Dette diktet vart gjeve ut etter forfattaren var død. Veit du svaret og det gjer du sikkert, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til ladstova@dagogtid.no. Svar innan 28. juli. Lukke til!
Dale-Oskar utan Barabass
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|