Dag og Tid nr. 29, 22. juli 1999
Herbjørn Sørebø:
Usemje på høgt nivå
Den finske presidenten, Martti Ahtisari, spela ei aktiv rolle for å få slutt på krigen i Kosovo. Han sa sjølv at han berre var postbod for EU, men det var tydeleg for alle at det var framståande diplomatisk handverk som vart utført. Hadde han ikkje før dette vorte intrigert bort som aktuell kandidat i det kommande presidentvalet, hadde attval truleg vore sikra etter den diplomatiske prestasjonen, som finnane med god grunn er stolte av.
Finland er nå i ein interessant og krevjande internasjonal posisjon. For kort tid sidan overtok finnane formannskapet i EU. Der skal ein ny kommisjon ta fatt, og samstundes møter eit nyvalt parlament som sjølvsagt vil markere seg. Det var det gamle parlamentet som tvinga den førre kommisjonen til å gå av, og det vart skrytt av at heretter skulle det førast ein mykje strengare kontroll med kommisjonen. Det dårlege frammøtet i valet styrkte vel ikkje parlamentet. Ironisk nok vart presidenten som måtte gå av, Jacques Santer, vald til parlamentet for å nemne ei lita politisk sviske. Meir interessant er det at det sosialistiske fleirtalet i parlamentet gjekk tapt. Det blir spennande å sjå kva verknad det får, og vil det alliansefrie Finland greie å vise større handlekraft i formannskapet enn Austerrike, som ikkje fekk utretta det minste?
Alliansefridommen var sjølvsagt ein føresetnad for president Martti Ahtisari i den diplomatiske innsatsen hans på Balkan. Ordskiftet om finsk medlemskap i NATO om det nå nokon gong har vore noko reelt ordskifte har tagna heilt. Motstanden mot medlemskap har auka på grunn av NATO-bombinga, men mellom president Martti Ahtisari og forgjengaren hans, Mauno Koivisto begge er sosialdemokratar har det komme til ei så politisk delikat usemje nettopp om Nato-bombinga at meiningsbytet har vekt internasjonal interesse.
Det var i eit intervju i den store avisa Helsingin Sanomat i juni Mauno Koivisto slo til med kritikk mot Nato. Han peika på at bombinga var i strid med grunnprinsippa i FN og mot eigne avgjerder i Nato. Dessutan var bombinga ei følgje av ei total feilvurdering av situasjonen. Mauno Koivisto understreka også at det hadde vore råd å finne alternativ til bombinga, og han åtvara mot at vi kan få ei verd der dei som har stor våpenmakt gjer som dei vil, anten med eller utan å få velsigning frå FN.
Når den tidlegare presidenten kom med ein så hard kritikk, er det forståeleg at den sitjande presidenten kjende seg tvinga til å komme med sitt syn. Det gjorde han i eit intervju med Finska Notisbyrån, det finske NTB, og kanskje var det Martti Ahtisari som tok initiativet. Han hevdar at det var FN si eiga skuld at verdsorganisasjonen hamna i skuggen, lamma fordi Tryggingsrådet ikkje kunne semjast om kva som skulle gjerast. Tanken om at det fanst alternativ til bombinga avviser han heilt. Slik Martti Ahtisari ser det, var alternativet at verdssamfunnet skulle ha sagt at jugoslavane får ta livet av albanarane som best dei vil. Han seier seg også usamd med den tidlegare presidenten om framtida. Medan Mauno Koivisto åtvarar mot våpenretten, vonar Martti Ahtisari at den leksa som er å lære av dette, er at det internasjonale samfunnet truleg kjem til å reagere slik som i Jugoslavia dersom nokon prøver seg
med den same framferda som Slobodan Milosevic. Sidan han ser det som utenkjeleg å få endra vetoretten i Tryggingsrådet, ønskjer han seg ein domstol som kan avgjere når grensa for det som kan tillatast utan innblanding utanfrå er overskriden. Men korleis skulle ein slik domstol samansetjast og få autoritet over FN?
To presidentar i same parti i same land, to syn. Så vond og vanskeleg er verda. Også for eit alliansefritt land. Og synet på ei sak skifter ofte med posisjonen.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|