Dag og Tid nr. 29, 22. juli 1999

Film:
Liten Kirikou i stor film
Babyen Kirikou er ikkje stor, men han spelar hovudrolla i ein ganske stor film.

Kirikou og trollkvinnen

(fr/lux/bel, 1998)
Manus, regi og design: Michel Ocelot
Musikk: Youssou N'Dour

Dei afrikanske mytane som ligg til grunn for Kirikou og trollkvinnen, ber på eit menneskesyn som er meir positivt enn vi er vane med på filmfronten: Vonde menneske er gode på botnen. Det første den ørvesle baby-helten Kirikou spør om etter at han har kome til verda, faktisk ved eigen kraft, er kvifor trollkvinna Karaba er så vond. Den vesle krabaten gjev seg ikkje før han har funne svaret. Svaret er ikkje at ho er vond fordi menneske på eit eller anna vis er vonde, men ganske enkelt fordi ho ber på ei frykteleg smerte.

I den anglosaksiske film-mytologien er menneska som regel anten gode eller vonde, i svart og kvitt. Dei er anten heltar eller skurkar, og vondskapen blir fordriven ved at kjeltringane blir utsletta og drepne. Slik er det ikkje med trollkvinna Karaba - som rett nok ikkje er noko snillare enn ein gjennomsnittleg anglosaksisk skurk - for ho er berar av vondskapen utan å vere ei personifisering av han Gammal-Erik sjølv.

Dette er berre ein av mange måtar franske Michel Ocelots fabelaktige animasjonsfilm skil seg frå ein gjennomsnittleg anglo-amerikansk teiknefilm. Anglo-amerikansk tyder i denne samanhengen framleis nesten berre Disney, sjølv om hegemoniet til Donald Duck & Co. er i ferd med å skrumpe inn i høve til andre produsentar.

Franske animasjonsfilmfolk gler seg over at marknads-delen til Disney i Frankrike har minka frå godt over 90 prosent på 80-talet til rundt 55 prosent mot slutten av 90-talet. I alle fall var det slike tal som vart lagde fram på den internasjonale animasjonsfilmfestivalen i Annecy i byrjinga av juni. Kirikou og trollkvinnen har ikkje verka negativt på denne statistikken. Nærare ein million franskmenn har sett filmen sidan premieren seint på hausten i fjor - og filmen trekkjer framleis store og små til kinoane rundt om i heimlandet.

Dyr utan talegåver

Franskmennene går for å sjå Kirikou trass i at dyra i filmen er dyr og ikkje kan skravle på menneskevis som ein annan Mikke Mus. Ocelot har vore nøye med å hente både plante- og dyreskapnader frå afrikansk fauna og flora, og det kan ein sjå. Teikningar og figurar er på same måten inspirerte av afrikansk biletkunst, til og med dei robotliknande fetisjane, og slik har figurane ein heilt annan type utstråling enn Disney-kloningar flest.

Musikken til den fransk-belgisk-luxembourgske filmen er dessutan laga av ein afrikanar, senegalesaren Youssou N'Dour. Det er første gongen Youssou N'Dour har laga musikk for film, og han seier sjølv at han takka ja fordi han meinte å kunne identifisere seg både med naturen, barna, trollkvinna og fetisjane i manuskriptet. Dessutan gav det høve til å arbeide med afrikansk tradisjonsmusikk i ein ny kontekst.

Første langfilm

Sjølv om Kirikou og trollkvinnen er Michel Ocelots første langfilm, har han laga over 30 korte animasjonsfilmar og seriar i kortformat for TV og kino sidan midten av 1970-talet. Ocelot etterfølgde elles nordmannen Gunnar Strøm - som er amanuensis med animasjonsfilm som spesiale ved Høgskulen i Volda - som generalsekretær for den internasjonale animasjonsfilm-organisasjonen ASIFA i 1994. Samstundes er Ocelot for tida også leiar for den viktige animasjonsfestivalen i Annecy. Kanskje var det då ekstra kjekt at Kirikou og trollkvinnen vann prisen for beste langfilm under årets festival i byrjinga av juni.

Med importstøtte på 200.000 kroner og ei garantiramme på 700.000 kroner frå Norsk kino- og filmfond, blir filmen sendt ut i Noreg i 19 kopiar, to av dei på fransk med norske tekstar - for dei som helst vil sjå filmen med originallyd på fransk framfor Harald Mæles elles utmerkte omsetjing og dubbing til norsk. I første omgang er det Oslo og Stavanger som får høve til å sjå den franske originalversjonen, medan han etter kvart skal bli mogleg å sjå også andre stader i landet.

Så sjølv om Kirikou og trollkvinnen heilt klart er ei forteljing som passar godt for barn, passar filmen like godt for vaksne. Filmen har akkurat det som skal til av humor og alvor til å interessere og sjarmere dei fleste.

Hallvard Østrem


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |