Dag og Tid nr. 29, 22. juli 1999
På tomannshand:
Fredriks liv - og vårt eige
- Dersom du har ein jobb og er nøgd med han, treng du kanskje ikkje historia, filosofien eller antropologien. Men om du vil ha påverknad i verda, må du vita noko om henne. Det er som om du har vore i eit lite, trongt rom - med antropologien i hand kan du slå ut veggene, påstår professor Fredrik Barth.
TEKST: JOHAN BROX
FOTO: PER ANDERS TODAL
Samfunnsvitskapen skil seg frå andre vitskapar på den måten at forskingsobjektet kan finna på å endra åtferd som følgje av eit forskingsresultat - om folk får snusen i at noko er på gang. Då er det på 'an igjen for samfunnsforskarane. Difor har dei lataste vant seg til å senda krypterte meldingar, og helst berre til kvarandre.
Fredrik Barth er ikkje mellom desse, sjølv om han må vera samd når det stod i 70-års-nekrologen hans i Dagbladet førre året at han først og fremst er ein antropolog for antropologar. Men då Barth i boka og TV-programma Andres liv - og vårt eget (1980) vende seg beint mot ålmenta, nådde han fram dit òg.
Vel er han sprenglærd - Barth er ikkje berre professor, men distinguished professor med statsstipend og eigen inngang til Historisk Museum i Fredriks gate 2, Oslo - men dei viktigaste guruane i faget har han likevel funne kring leirbåla på Ny Guinea, Bali, i Pakistan, Iran, Oman og Bhutan. Og sjølv blitt mellom dei fremste.
Han har gjort seg til læresvein hjå trollmenn og nakne hovudjegerar, nomadar, statslause, einevoldsmenn og maskerte kvinner som aldri har sett sine bein i ei kollokviegruppe.
Difor lyfter ikkje nestoren i faget eit augnebryn til spørsmålet:
- Kva er sosialantropologi?
- Sosialantropologi er eit forsøk på å inkludera resten av verda i medvitet me har om menneskeleg liv. Her i Vesten ser me elles berre eit lite glimt av all oppsamla kunnskap og røynsle som finst. Og einaste måten å klara det på, om studiet skal bli djupt og intimt, er å ta del i livet til dei ulike folkegruppene. Det er ikkje nok å spørja folk eller lesa om dei, då får me aldri vita deira usagte og sjølvsagde premissar. Det får me berre ved å flytta inn til dei, og smaka livet deira på kroppen sjølv. Så langt det let seg gjera med returbillett i lomma.
- Somme av oss som har ein norsk sjømann i slekta, har grunn til å tvila på at intim kontakt åleine er nok til å skapa forståing for framande kulturar. Kva meir skal til?
- Det er jo ofte eit noko avgrensa samhandlingsfelt sjøfolka har i framande hamner... Dei reflekterer kanskje lite over kva dei ser, og folk har lett for å avvisa det framande som litt crazy, sjølv om dei er forvitne òg. Antropologane har lært å intellektualisera det dei ser, medan dei ser det. For sidan å passa lærdomen til ein modell.
Fredrik Barth vinka farvel til verda slik me kjenner henne i 1969, og starta ut til fots med ein sekk salt på ryggen, på veg mot sitt mest vidkjende feltarbeid. Etter fire einsame dagsmarsjar mot Ok-fjella på Ny Guinea kom han fram til baktamanane, eit småvakse urfolk som ikkje hadde hatt kontakt med omverda - med unnatak av sporadiske åtak frå eller på dei næraste naboane. Men baktamanane tok vel imot antropologen, og i sær saltet han bar med seg. Då Fredrik Barth forlet dei, var han prestelærd og så god baktaman som nokon kan bli på eit år.
- Veit du korleis baktamanane har det no?
- Ja, nyleg, tretti år etter det første feltarbeidet, fekk eg brev frå ein islandsk kollega som no forskar i same området. Han sende med eit fotografi av fotballaget i landsbyen, saman med laget frå Baktaman-folket - då dei møttest i ei turnering. Dei blei usamde om reglane for offside, og rauk i slagsmål før fyrste omgang var over. I mi tid slost dei med spyd og klubber, men omverda pressa seg på dei òg då ein fann gull og kopar i fjellet nokre dagsmarsjar unna. Somme baktamenn har fått arbeid i gruvene, men det økonomiske grunnlaget er veikt, politikken uryddig og dei er i ein utrygg situasjon no. Som så mange urfolk i ei hjartelaus verd, legg Barth til.
- Har dei då hatt noko att for å ha blitt studerte?
- Det er eit godt og viktig spørsmål, som også antropologane må stilla seg sjølve: Korleis kan arbeidet nyttast og attendeførast? Men lat meg svara slik: Historisk har antropologien vore ein universitetsvitskap. Universitetsfolk har ikkje lagt stor vekt på kva forskinga skulle brukast til, og kjent lite ansvar for folkeslag som det hadde informasjon om. Universitetet har sett det som si rolle å studera og forstå. Dette er ein del av det akademiske arbeidet, og ein naudsynt del. Men ein kan gjera meir. Og nokre må gjera meir, om arbeidet skal få nokon relevans.
Og det bør det antropologiske feltarbeidet få, meiner Barth.
- Potensialet for bruk til beste for fellesskapen er så kolossalt i antropologien, så aldeles overveldande... Men i tevlinga med andre yrke og disiplinar som òg meiner at dei kan ting, blir me ofte utestengde, må professoren erkjenne.
- Økonomane meinte at økonomisk utvikling og vekst var deira felt. Dei hadde utvikla økonomisk teori på grunnlag av kjende ytringsformer frå vestlege land, og prøvde å gjera dette til ein allmenn vitskap - for all økonomi og alle folkeslag! Utan å fatta variasjonane som finst utanfor deira avgrensa synsrand.
- Antropologien har vel òg sine svin på skogen?
- Det er sikkert. Me reiser til stader og folk som ikkje kjem til orde i den internasjonale verda, og dermed blir me potensielt deira talsmenn. Det er ei rolle som innbyr til misbruk: Litt kunnskap, attåt ei kjensle av at du er talerøyr for eit folk, gjev lett ei vel faderleg haldning, seier professoren.
- Det alle folk treng, er eigne leiarar. Dette kan antropologar nokre gonger stimulera til ved å gjera materialet sitt tilgjengeleg. Såleis kan det henda at ein nordamerikansk indianarar står med Handbook af American Ethnology i handa og prøver å rekonstruera tradisjonelle dansar og riter. Slik litteratur kan gje urfolk ei ny sjølvkjensle - ei kjensle av at deira kultur har verdi, i alle fall for nokon.
Om ikkje Fredrik Barth hadde ytt andre bidrag, så ligg der i alle fall ei dokke i ei utstilling på Etnografisk Museum, som Barth har sett opp for å syna leirliv hjå Basseri-stamma, favorittfolket hans i Syd-Persia.
- Denne dokka representerer ein gut eg blei kjend med då eg budde og vandra med desse nomadane. I dag er han vaksen antropolog, seier professoren stolt.
Det tek år å bli skikkeleg antropolog. Kva med oss som studerte mekanikk, korleis skal me få luft og rom og innsyn i den mangfaldige verda? Kan ikkje denne læra kokast ned til ein storleik som får plass i bagasjen, saman med malaria-tablettane og myggnettet?
- Å laga ein antropologisk reise-tablett? Eg er redd det er vanskeleg, seier Barth.
Men han viser noko anna i Andres liv - og vårt eget. Boka på 143 ofte illustrerte sider får plass i hand-bagasjen, sjølv i eit charter-fly. Ho er i alle fall ei god start for potensielle hobby-antropologar.
Noreg har i dag stor kulturvariasjon, mellom anna mange med framandkulturell bakgrunn. Og flyktningmottak, misjon, naudhjelp og utviklingshjelp.
- Bislett er om lag den einaste arenaen der nordmenn kan møta utlendingar på nokolunde like vilkår. Er ikkje det påfallande?
- Jo, det er påfallande. Tenkinga kring dette har vore tåkete - ikkje minst på grunn av antropologar som har lansert omgrepet kulturmøte. Som kona mi, Unni Wikan seier: Det er ikkje kulturar, men menneske som møtest. Når du freistar å tenkja med dårleg reiskap, blir det mykje tåkeprat, snøftar Barth.
- Når folk møtest på Bislett, er det einaste som er relevant, kor gode dei er til å springa 800-meter. I mest alle andre samanhengar møter innvandrarar dei formelle, byråkratiske institusjonane, som er upersonlege og umenneskelege. Av ein slag godvilje har det norske byråkratiet gjort innvandrarane til hjelpelause, dumme klientar - som om kulturskilnad er eit spørsmål om manglande kunnskap hjå den eine parten! Me veit kva som er sant. Dei andre er tomme for tankar og må fyllast opp med rett kunnskap.
Slikt opprører Fredrik Barth.
- Me må begripa at når menneske møtest, må dei møtast i dialog - kor begge trur at dei veit noko. Fyrst då er dei på bølgjelengd.
Kulturkonfliktane - også på Balkan - er oppskrytte? - Ja. Muslimske bosniarar, kroatiske bosniarar og serbiske bosniarar vil ha det til at dei er så kul-turelt ulike at dei ikkje kan leva saman. Det er tullprat. Kulturskilnadene mellom dei er bagatellmessige.
- De er jo serbere alle sammen.
- På ein måte. Det er kanskje ikkje så heldig å seia det, men om du sit på Ny Guinea, på Bali eller oppe i Andesfjella og ser på dei, blir det eitt feitt.
- Slik utanforståande til dømes vil sjå frontkjemparane i den norske målstriden? Eg kjenner dei som seier dei vil ta til våpen om nynorsken blir kriminalisert.
- Nettopp, tenk så sinna folk kan bli over ei sak som målsaka. Det er òg ei markering av sosial identitet. Eg melder meg inn i ein klubb, og så yppar me oss mot ein annan klubb og let som om det er stor skilnad mellom oss. Eigentleg kunne eg like godt ha meldt meg inn i den andre klubben. Me likar å skapa solidaritet og samkjensle, og dramatisera dette i opposisjon til nokon andre, seier Barth, og legg til:
- Nokre sosiale grupper brukar kulturelle teikn og merkje, og omtalar det som kultur. Då kan resultatet bli eksplosivt, når fridom og skilnad skal lukast ut for å skapa kontrast mellom gruppene. Som til dømes i innvandringsdebatten. Dermed gjer me skilnadene mellom folk større enn dei er. Og det passar imamane bra at styresmaktene gjer dei til talsmenn. Då får dei markert kor einskapleg og ulik islam er frå kristendomen. Og omvendt - det er på den måten presteskapet får sitt klientell.
- Slik får dei rettruande imamane større makt i Noreg enn dei ville ha hatt heime i Pakistan. Paradoksalt nok, etter som det er pluralisme og aukande kulturvariasjon me seier at me ønskjer. I praksis legg me autoritet i hendene til dei mest kompromisslause, og slik arbeider me fram skilnader - der det kunne ha vore glidande overgang.
Og det er inga von om snarleg betring i den vestlege verda. Styresmaktene har gjort seg makteslause. Dei politiske institusjonane blir svekte medan dei internasjonale, kommersielle interessene blir sterkare. Makta glir over til økonomiske korporasjonar utan sosialt ansvar, meiner Fredrik Barth.
- Dette er ei djup, strukturell endring som skapar pessimisme og vonbrot over kva politikarane kan gjera. Det er dei sjølve som har drive endringa fram, men på vegen har dei mist makt og kontroll.
- Er det så ille? Har me ikkje lært noko av å studera så mange samfunn gå under?
- Me lærer noko heile tida, men lærdomen held ikkje følgje med dei veldige og raske endringane i verda kring oss. At dette verkeleg kan kallast framsteg, trur vel alle mindre og mindre på. Folk tar ikkje imot endring med forventning om at det er eit positivt framsteg, slik dei gjorde for 50 eller 100 år sidan, då me - på sviktande grunnlag - var utviklings-optimistar. No merkar me at prosessar er i gang som ingen styrer. Mot katastrofe, seier somme. Mot betre livskvalitet, meiner andre - men dei kan ikkje gjera greie for kva god livskvalitet er.
Har ingen antropolog forska på Kosovo? - Jovisst. Men det er mange ulike meldingar på marknaden, og politikken har blitt styrt av folk som ikkje har lytta mest på antropologane. På somme område var nett det kan hende ei velsigning. Men på andre... Me har i vår vore vitne til ei blind utøving av prinsipielle synspunkt - utan omsyn til kva verknader dei hadde for folk.
- Nato bomba for å stogga eit folkemord som var i gang, blir det sagt - mellom primitive klankulturar som vaknar av dvalen og støyter saman som hund og katt.
- Klankultur? Tullprat! Her er det medium i hendene på moderne politikarar som har skapt konflikt. Det er klart at folket kan leva saman, det har dei jo alltid gjort. Men då bombinga byrja, hadde det utan tvil kome til eit punkt då dei ikkje kunne leva saman - slik dei var organiserte. Noko måtte gjerast, og det einaste Nato-landa var i stand til, det einaste me kunne gjennomføra, det gjorde me.
- Bomba?
- Ja. Og det er heilt vanvittig! Det må vera den demokratiske, uavhengige nasjonalstaten sitt endelege bankerott! Fullstendig, og på alle sider, ikkje berre i Serbia, men også i USA, EU-landa og Noreg. Me har innretta oss slik at me no er utan makt til å velja alternative handlingsformer.
Men verda går ikkje under for det. Ho endrar seg, ikkje minst gjennom tragiske krigar, minner Fredrik Barth om.
- OK, så kan ein ikkje bu saman lenger i Kosovo, det slaget er tapt. Me må ikkje prøva å reversera den skaden som er skjedd, men leva vidare på eit anna grunnlag. Eit nytt og betre.
Og då kan antropologien by fram ein palett med velprøvde alternativ av alle slag: Statlause samfunn, einevelde, pengelause samfunn, jord- og eigedomslause samfunn, jegerar og sankarar med og utan tidsrekning, matriarkat, åleine eller i ymse kombinasjonar...
- Ja. Ein kan rett nok ikkje ta blåkopi av eit system til bruk ein annan stad og i ei anna tid. Men det er i alle fall ei hjelp å vita at alternativa er mange fleire enn ein skulle tru. Me må opna opp, så me ikkje går i same smale spor og gjer dei same dumskapane om og om igjen.
- Når det er slik, bør du ikkje gje ut Andres liv - og vårt eget på nytt?
- Det er ikkje nok å gje henne ut på nytt no. Ho må tenkjast på nytt, betre, og på eit nytt grunnlag. Det kan ikkje eg gjera. Men det må gjerast, meiner Fredrik Barth.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|