Dag og Tid nr. 27, 8. juli 1999
Roald Helgheim:
Ein mann med notisbok
Ashim Thaci har med seg notisboka heile tida. Det er eit teikn på at han prøver å lære seg kva Kosovo treng. Dette står i teksten til eit bilde av den albanske UCK-leiaren Thaci i det amerikanske magasinet Times. Bladet har reist rundt med den nye Nato-ynglingen for å sjå korleis slangen, som han går for i geriljakrinsar, lærer seg demokrati. Bladet inviterer han på fin restaurant. Den militante opprøraren starta det politiske livet i studentrørsla ved universitetet i Pristina på slutten av åttitalet, i ein organisasjon som hadde røter attende til Enver Hoxas Albania, det Albania revolusjonær europeisk ungdom ein gong kalla sosialismens fyrtårn. Det var det sosialistiske fyrtårnet som ein gong inspirerte Espen Haavardsholm til romanen Historiens kraftlinjer, ein roman som for all ettertid har blitt gjort synonym med dogmatisk ml-litteratur.
Eg vitja sjølv fyrtårnet på den tida Haavardsholm såg lyset og Albania i Vesten og Norge vart sett på som eit både latterleg og skremmande politisk misfoster i Europa, så isolasjonistisk som Norge ville bli om vi sa nei til EF, som det heitte då. Men konjakken heitte Skanderbeg etter den albanske fridomskjempa og var billeg. Kelneren praktiserte demokratisk sentralisme og spurde kven som var kommandante og samla inn pengar til fellesrekninga rundt bordet. Her var også ein grufull nattklubb for turistar, men på stranda i Dürres var det danserestaurantar for folket, som svinga seg til Beatles og Stones, radbrekt av lokale gitarband. Dei flotte strendene var fulle, som Copacabana, av fotballspelande ungdom. Ein gong det oppstod hissig ordskifte i ei klyngje, var det nokon i delegasjonen vår som nærma seg for å spørje kva brennande politiske spørsmål som stod på ungpionerane sin dagsorden.
Dei diskuterte ei scoring i ein italiensk toppkamp.
I dag er Albania ein Nato-base, og den albanske geriljaleiaren i Kosovo er den politiske puddelen USA satsar på, skriv Times. Utan å bruke det ordet, rett nok, men når var ein gerilja sist Natos eller USAs yndling? I mai fekk geriljaen ny stabssjef, Agim Ceku, utdanna ved militærakademiet i Beograd, artillerikaptein i den jugoslaviske hæren før han slutta seg til dei kroatiske styrkane då krigen i Jugoslavia braut ut i 1991. I 1995 var han ein av hovudmennene bak den etniske reinsinga av serbarar i Krajina. Nato-talsmann Jamie Shea kommenterte dette med at Nato ikkje hadde noko med UCK å gjere.
I Aftenposten søndag les eg om den albanske jakta på sigøynarar i Kosovo. Heile sigøynar-bydelen i Mitrovica er rasert, 6800 er drivne på flukt. Ein familiefar fortel at franske soldatar kom saman med albanarane og sa at den einaste måten å berge livet på, var å komme seg ut. Albanarane fekk herje fritt mens Nato-soldatane såg på. Ofte når eg ser liknande reportasjar i fjernsynet om denne omvende etniske reinsinga i Kosovo, passar dei på å leggje inn ei nyopna antatt massegrav i nærleiken. Ikkje så rart at hemnen og raseriet rasar etter det som vart gjort mot albanarane, ikkje sant? Men kva var det denne krigen skulle hindre? Etnisk reinsing. Det var ein krig for verdiar, ikkje om territorium, sa Tony Blair. For at Kosovo atter skal bli eit multietnisk samfunn, messa president Clinton. Men ikkje på noko tidspunkt har hatet mellom folkegruppene vore sterkare enn no. Nato har tydeleg mista
kontrollen for ein albansk såkalla frigjeringshær som i dette tilfelle berre kan skulde sigøynarane for å vere kollaboratørar for Milosevic, som påskot for det som er eit reint, rasistisk pogrom.
Slik har også hemn som politisk program, blitt legalisert under paraplyen til det Nato som med bombinga i praksis, gav grønt lys for det som har blitt hemnens påskot. Massegravene er ikkje noko prov på at bombinga var rett. Under paraplyen til eit Nato som forsikra om at det ikkje ville risikere eigne menneskeliv liv med å gå inn på bakken, var bombinga fritt fram for dei paramilitære og politistyrkane til ugjerningar på bakken som få skuldige, men mest uskuldige no får svi for. Den etniske reinsinga vil bli sluttført av dei som meiner Kosovo ikkje er eit område for alle som bur der, men for ein nasjonalitet som åleine har rett til å bu der. Så mykje for det multi-etniske Kosovo.
På alle sider i nittitalets krig på Balkan sit det leiarar med politisk fortid. Om fortida er brun eller raud, har dei kledd seg i den nynasjonalistiske frakken like lett. Med skiftande vindar har Vesten oppgradert sine politiske yndlingar blant dei, alt etter kva hest det var lurt å satse på. Ein gong var også Milosevic i krithuset. No er det ein ung mann med notisbok, som dermed viser at han er ein av oss siviliserte. I morgon kan han bli den nye demonen.
Roald Helgheim
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|