Dag og Tid nr. 27, 8. juli 1999

På tomannshand:
Professor Bergrosa
Sven Nyhus er ikkje skeptisk til brubygging, men tykkjer det kan verta vel mykje musikk over landegrensene. Kva med vår eigen tradisjon, spør professoren i folkemusikk. Johan Falkberget gav Sven Nyhus i oppgåve å reisa eit monument over Bergmannens musikk. Det har han gjort.

TEKST OG FOTO: Cecilie N. Seiness

Tek du inn på Røros Turisthotell og tingar ei suite, vert du kanskje plassert i suita oppkalla etter bergverksdiktaren Johan Falkberget, eller du får bu på suita med namn etter mannen som har teke seg av musikken frå rørostraktene, nemleg Sven Nyhus. Han er ein mann som dyrkar det reine og uforfalska, og gjerne vil halda på musikktradisjonane. Sven Nyhus er ein av landets mest kjende formidlarar av folkemusikk.

Sven Nyhus, “Bergrosa” og Røros er tre sider av same sak. “Bergrosa” har vore sjølve flaggskipet for spelemannen. Valsen frå 70-talet vart raskt ein av dei mest populære komposisjonane hans. Ei tid kunne ein mest ikkje skru på radioen utan at “Bergrosa” tona ut, og stemma sa at “musikken var ved Sven Nyhus kvartett”. Omgrepet bergrose kjem frå Johan Falkberget. “Officerene blev stående litt og fiksere henne. Kvinnen var forresten skjønn. En bergrose!”, skriv Falkberget i Den fjerde nattevakt. På 60-talet spurde Nyhus forfattaren og sambygdingen om kva han la i omgrepet bergrose. Falkberget svara: “- Jo, de ska je sei di, Sven. Du kan tenkje di måsså i flere fargja som ha grodd fast på sten. Når nattduggen ha lagt si og de første solstriman kjem om mårrå'n - då blir det bergroser.”

- Falkberget gjekk litt merkeleg, seier Sven Nyhus og går skakt over golvet.

Han hermar etter Johan Falkberget, hallar mot eine sida og svingar med venstre armen. Rørosforfattaren budde berre fire-fem kilometer frå Aursunden i Glåmos der Nyhus vart fødd. Dei to karane er litt i slekt langt ute. Hadde det ikkje vore for Falkberget, er det slett ikkje sikkert at Sven Nyhus hadde sete som professor i folkemusikk på Musikkhøgskolen i dag. Falkberget var særskilt interessert i ungdom som hadde spesielle interesser. Sven Nyhus hadde vore i Oslo eit år, deretter i militæret, og han var i tvil om kva han skulle gjera.

- Falkberget sa eg måtte læra meg å spela. Han ville eg skulle reisa eit monument over bergmannens musikk. Eg har vel på eit vis gjort det som var ynsket hans, seier Sven Nyhus.

Nyhus fekk si fyrste fele då han var ni år gammal. Ni år seinare hadde han 200 slåttar i øyret. Dei hadde han lært av far sin, Peder Nyhus. Han hadde eigentleg tenkt å slutta å spela, men fekk ny giv på grunn av sonen si store interesse for musikken. Og Sven har ført interessa vidare. Dottera Åshild Breie Nyhus, spelar òg fele og er utdanna fiolinist.

- Eg har høyrt musikk sidan eg vart fødd. Det er ein sterk musikktradisjon både på mors- og farssida i slekta.

Frå konfirmasjonsalderen spelte Sven i bryllaup og på dansar kvar helg, og både mor, far, syskenbarn og onklar var med kringom og spelte. Bror til Nyhus var god på orgel. Han reiste til Trondheim og vart organist. Sven Nyhus byrja på Musikkonservatoriet i hovudstaden og tok orkestermusikareksamen.

- Heime vart det sett på som “uhorveleg” og reine stormannsgalskapen å reisa til Oslo for å læra seg å spela. Det vart omsnakka.

Og kva slags skikkeleg arbeid ein musikar gjorde, var det mange som undra seg over. Ein kar frå Røros var i hovudstaden og høyrde Sven Nyhus spela ein kveld.

- Kva gjer du om dagane, du som spelar om kveldane, spurde han meg om. - Eg spikkar limer, trur eg at eg var kjapp nok til å svara. Den gong var det ikkje så mykje kunnskap om kva det ville seia å vera musikar.

At Nyhus studerte musikk og spelte bratsj i ulike orkester, gjorde han slett ikkje meir kvalifisert i folkemusikkmiljøet. Han var med på kappleikar i 1954 og 1955, men etter den tid har han aldri delteke.

- På kappleik i Vågå i 1955 var far og mor med. Dei fekk høyre fleire gonger at det var for gale at eg deltok, eg studerte jo musikk og høyrde ikkje heime der. Det var siste kappleiken for min del. I 30 år vart eg ikkje rekna for å vera nokon god folkemusikar. På 80- og 90-talet har det vorte meir akseptert å vera folkemusikar med utdanning.

Nyhus meiner at ein kan seia mangt om kappleikane og om Landslaget for Spelemenn, men han er likevel glad dei finst. Sidan 1985 har han vore æresmedlem i Landslaget. Han karakteriserer folkemusikkmiljøet som både trongt og triveleg.

- Ikkje alle er samde om kva ein kan spela på kappleikar. Mellom anna er det mange i hardingfeledistriktet som meiner at gammaldans eller runddans ikkje kan vera med, trass i at mange valsar er over 200 år gamle. Men det er òg mykje bra med kappleikane, legg han til.
- Kappleikane reindyrkar folkemusikken.

Denne våren gav Sven Nyhus ut ei cd-samling med 132 polsar. Utgjevinga byggjer på eit livslangt samlararbeid og er eit “monument over Bergmannens musikk”. Cd-ane byggjer på boka Pols i Rørostraktom, ei bok han gav ut for 25 år sidan. Boka hamna på førstesida i VG den gongen.

- Eg vart kritisert for å ha brukt for få kjelder, men det var ikkje så enkelt på den tida. Utstyret var dårleg, vegane så vidt sykkelvegar og eg budde på gardar kringom medan eg heldt på med opptaka.

Det er dei indre bygdene i Sør-Trøndelag, særleg rørostraktene, som er kjend for polsen. Ein reknar med at polsen kjem frå den svenske eller tyske innvandringa i samband med drifta av kopargruvene på Røros. Polsen lever framleis, og rørosdistriktet har stått i ei særstilling i bevaring av eit rikt slåtterepertoar. Sven Nyhus har vore den samlande faktoren i dette arbeidet. Han har vore både tradisjonsberar, innsamlar, utøvar og formidlar, skapar og konservator. Peder Nyhus førte vidare tradisjonen frå den store spelemannen Sulhusgubben. Han fekk slåttane frå Ola Klemmetvold som var dotterson av Sulhusgubben. Rørospolsane til Nyhus skal vera ekte og uforfalska, slik dei ein gong var.

- Det er “in” for tida å blande musikk frå ulike kulturar. Ein brukar hardingfela saman med trommer frå eit eller anna fjernt land. Det er sikkert moro for dei som driv med det, men eg føler frykt.

Professoren er skeptisk til blanding av folkemusikk frå alle verdshjørne slik folkemusikkfestivalar gjerne byr på. Han var på Falunfestivalen og høyrde all slags eksotisk musikk.

- Kva med den nordiske musikken? Mange norske, viktige musikarar driv med denne brubyggingsmusikken. Det er ikkje noko gale med brubygging, men eg har ei redsle for at me ikkje gjer nok for vårt eige. Jazz og folkemusikk har funne kvarandre. Det kan både vera eit rikt og interessant møte, men Noreg har vore eit føregangsland for å ta vare på tradisjonen. På Sibeliusakademiet i Finland nyttar dei for det meste folkemusikken som råstoff til å komponera eigen musikk. Det same gjer dei på Musikkhøgskolen i Stockholm. På Musikkhøgskolen her driv me ikkje med slikt. Me held på den gamle stilen. Dessutan er det gamle attraktivt. Eg selde fleire hundre cd-ar på Røros, seier Nyhus nøgd.

Han har spelt inn polsane slik han lærte dei av far sin for kring 60 år sidan, og han har laga ein lyd-dokumentasjon som både kan brukast av dei som dansar og dei som vil læra seg å spela.

I dei klassiske korridorane på Musikkhøgskolen i Oslo har spelemannen og professoren kontoret sitt. Det er studentfritt og sommarstille på skulen. På kontor nr 410, bak to lydtette dører, sit 67 år gamle Nyhus. Frå hausten skal han gå ned til halv stilling og få tid til anna enn å læra opp studentar. Mellom anna vil han gje ut fleire slåttar og hovudet er fullt av planar. På veggen heng bilete av både dotter og far i bunad og med fele. Den aller beste hardingfela til Sven Nyhus har teke turen til London denne fredagen. Dottera skal framføra eit verk av Johan Kvandal der.

- Eg burde vel ha vore der og høyrt på, seier ein stolt far.

Heile livet til Sven Nyhus har handla om musikk. Det byrja med folkemusikk. Deretter tok den klassiske musikken over. Han var solobratsjist i orkestra ved Nationaltheatret, Operaorkestret og Kringkastingsorkestret. På 60-talet arbeidde han i Filharmonisk Selskaps Orkester, men tidleg på 70-talet vart han lokka tilbake til folkemusikken. Sjølv om det var langt lettare å spela bratsj, ha notane på plass og få eit stemt instrument i hendene når ein kom på arbeid, kjende Nyhus at han måtte tilbake til folkemusikken. No underviser han unge menneske som ynskjer seg utdanning innan folkemusikk.

Sidan midten på 90-talet har folkemusikken hatt ein naturleg plass på Musikkhøgskolen i Oslo, og folkemusikken er langt frå nokon veslebror i skulesamanheng. Felespelet kan styrkja den klassiske tradisjonen, meiner Nyhus. Sidan hausten 1995 har det vore mogleg å studera fele/hardingfele på skulen. Nyhus var primus motor for å få folkemusikken inn på skulen. Noreg var seint ute på den fronten. Medan folkemusikken toga inn i dei klassiske musikkutdanningane i Sverige og Finland for 15-20 år sidan, er det berre ti år sidan folkemusikken fekk fotfeste i dei norske utdanningane.

- Dei fleste lærarane her har ikkje noka form for folkemusikkutdanning. Det tek tid å gjera folkemusikken kjend, men mange er nysgjerrige, og eg har ingen ting å klaga over. Nybrottsarbeidet har gjeve resultat.

Nyhus har eit par elevar på fele/hardingfele og nokre studentar på kvedarutdanning. Alle som studerer fele, må både spela fele og hardingfele. Sjølv trakterer han begge instrumenta.

- Det er ikkje stor skilnad på dei to instrumenta, men eg byrja seinare med hardingfele enn fele, og har ikkje hundrevis av slåttar i øyret på hardingfela, seier mannen bak Sven Nyhus kvartett, seinare sekstett.

I 1950 starta han Glåmos spellmannslag, ei tid var han statsstipendiat, han har vore tilsett ved Norsk Folkemusikksamling og nedteikna gammalt slåttemateriell, han har gjeve ut dei to siste bøkene i sju- bandsverket om hardingfela (eit arbeid som tok han fem år), han har vore leiar for folkemusikkavdelinga i NRK, han har komponert gammaldans som har vorte “evergreens” og han har gjeve ut kring 15 plater.

- I 1979 overtok eg leiinga av folkemusikkavdelinga i NRK. Det var eit stort ansvar å ta over etter Myklebust og Groven. Eg måtte stå på. Medan Myklebust reiste mykje for å samla inn og gjera opptak, reiste eg meir for å laga program. Å utvida folkemusikkarkivet var ei viktig oppgåve, seier Nyhus.

Sven Nyhus kvartett, Oddvar Nygårds kvartett, Hilmar Alexandersen og P.A. Røstads kvartett - dei spelte alle gammaldans og folk svinga seg, hoppa og spratt etter tonane, på dansar, i bryllaup eller på kjøkenet. Av desse gammaldansgruppene er det berre orkesteret til Sven Nyhus som er aktivt i dag. Det orkesteret har halde ut i 30 år, og kvartetten har vorte sekstett. Sven Nyhus kvartett er 30 år gammal, og mange kjenner melodiar som “Bergrosa”, “Bergsmeden” og “Dalafiolen”. Det er ikkje like lett å vera gammaldansorkester i dag som for ein del år sida.

- Sjølv i Gudbrandsdalen, gammaldansens mekka, har det etter kvart vorte vanskeleg å få jobbar som gammaldansorkester. Det er få bygdefestar for tida og langt færre samkomer der det er naturleg å spela. Dessutan må ein i dag kunne spele både gammaldans og tango for å få ein slik jobb, seier Sven Nyhus.

Han tykkjer det er ønskeleg at ungdommen lærer seg å dansa gammaldans, men det er ikkje så mange som kan det no til dags.

- Det er færre dansar på lokalet og motane har skifta, seier Nyhus, som slett ikkje er pessimist på folkemusikkens vegner.
- Stadig fleire får auga og øyro opp for folkemusikken. Det er ikkje lenger nokon som fnyser av folkemusikk.

Då Nyhus flytta til Oslo, var det verre. Å omtala hardingfelespel som “hardingfelegnukk” eller rynka på nasen av rørospols, var heilt vanleg. I dag heiter restauranten på Røros Turisthotell “Bergrosa”, og Nyhus vert stadig spurt om kvar ein kan få tak i akkurat den valsen. I tillegg til dei 132 polsane har Nyhus gjeve ut ein samle-cd med alle dei mest populære komposisjonane til Sven Nyhus kvartett.

- Folk spurte heile tida etter “Bergrosa”, seier Sven Nyhus.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |