Dag og Tid nr. 27, 8. juli 1999

Klok på bok 423:
Klok på ikkje-eksistens

Barabass og eg har hygga oss heile denne veka, for det har kome inn mange og gode og riktige svar på Klok på bok. Barabass har snakka høgt og lenge om kor viktig spalta vår er, kor mange kloke folk det finst kringom i landet og kor heldige me er som får så mange svar. Trur du ikkje han klarte å pressa fram ei tåre her om dagen! No må du ta deg samen, Barabass, sa eg og las opp vinnarsvaret for han:

“Til Dale-Oskar! Svaret på Klok på bok 421 er følgjande: Teksten er byrjinga på novella som heiter 'Kvinnlinger I', ho er skriven av Torborg Nedreaas og står i debutsamlinga 'Bak skapet står øksen' som kom ut i 1945.”
Det skriv Anne Aalgaard, 3133 Duken, og Barabass sender premien denne veka direkte til Duken.

“Då eg gjekk på Firda vidaregåande for om lag ti år sidan, las vi ei novelle som heitte 'Kruttrøyk', og det er ei av dei beste novellene eg veit om. 'Kvinnlinger I', som er svaret på Klok på bok 421, likar eg ikkje fullt så godt, men det får no så vere. Begge novellene er uansett frå samlinga 'Bak skapet står øksen', skriven av Torborg Nedreaas og utgjeven i 1945.”,
skriv Magnhild Hoddevik i Bergen.

Frå Anna Øvrevik og Kristoffer Lassen, som vanlegvis plar sende brev frå Tromsø, kjem det postkort frå Tustna på Nordmøre. Der legg dei i silo, løyser Klok på bok og svarar korrekt.

To Klok på bok-arar tippar Bjørg Vik denne veka. Barabass og eg likar at Klok på bok-arane tippar og kjem med forslag. Ein treng ikkje å vera heilt sikker når ein sender inn svar.

“Atter er sommeren her og det blir litt roligere lunsjpauser så en kan lese Dag og Tid. Nok en gang kom logikken meg til hjelp og jeg kunne plukke rett bok ut av hylla i Osterøy folkeboksamling på første forsøk, men denne gangen sender jeg inn svaret (takk til e-posten) til en forandring.”

Det skriv Bente Dammen og boka ho fann i hylla, var sjølvsagt rett bok. Gudlaug Nedrelid, ei adresselaus ei, sender korrekt svar, dessutan skriv ho: “Men Barabass burde då vore komen til fjells på denne tida av året?” Barabass er ikkje heilt som andre verar her på jord. Eg har sagt til han at han burde springa glad kringom i fjellet på denne tida, men Barabass tek Klok på bok så alvorleg at han nektar. Han seier at han tek seg små dagsturar til fjells. Det får vera nok. Og når rett skal vera rett, er eg vel glad han held seg her på garden. Det ville vore stusseleg om han skulle ha vore borte heile sommaren. Me tek oss småturar i lag og pønskar ut nye oppgåver.

Britt Sørensen i Bergen svarar fint og rett og ynskjer god sommar. Randi Brenden meiner ho ikkje har nokon grunn til å ikkje svare, det er ferie, boka står i bokhylla og “forfattarskapen var i si tid tema for hovudoppgåva mi i nordisk”. Ja, det skulle vera god ballast for å svara riktig og det gjer ho sjølvsagt òg.

På eit kort med sjøgrøne bølgjer kjem svar frå Fiskerjentene, og Barabass vart i endå betre humør. Eg har kontakt med havet gjennom desse jentene seier han, og kortet har han hengt opp slik at han kan sjå grundig på det til vinteren. Han har tid til det då. Fiskerjentene forstår på same viset som Brenden at det ikkje er mogleg å ikkje svara på Klok på bok, sjølv om det er sommar. “Vi skjønar at vi ikkje kan neglisjera litteraturen sjølv om det er sommar(?) og har teke tilhald på Fiskebrygga.” Slik skal det høyrast ut, seier Barabass. Vilhelm Lund på Gjøvik er òg blant vekas kloke. Det er sjølvsagt Ranveig Lundquist i Orkanger òg.


Klok 423

Jeg eksisterer ikke. Jeg er heller ikke, om man skulle sveve i en slik villfarelse, noe fremtidig fenomen, en slags yngel eller frø eller befruktet egg eller foster som en gang kommer til å eksistere som individ, og heller ikke en planlagt, påtenkt, antydet eller varslet eksistens, jeg er ikke engang prinsipielt mulig selv i den fjerneste fremtid, jeg taler ikke fra en eller annen prenatal instans,...

Denne forfattaren sitt litterære utgangspunkt var surrealismen, men han valde heller å kalla seg ein realistisk forfattar. Det fråverande, spora etter det som var og døden sine vilkår pregar mange av tekstane til forfattaren. Veit du kva tekst-utdraget er byrjinga på, kven som har skrive det og kva tid, tykkjer både Barabass og eg at du bør senda eit kort eller brev til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksa til 22 41 42 10 eller senda e-post til bladstova@dagogtid.no. Svar innan 14. juli.

Dale-Oskar


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |