Dag og Tid nr. 27, 8. juli 1999
Minoritetar:
Det største Kina
Hundre millionar av 1,2 milliardar kinesarar kjem frå nasjonale minoritetar. Men dei har eit større territorium enn resten av Kina, og er strategisk viktige, seier den kinesiske minoritetsforsk-aren, Zhou Young.
ROALD HELGHEIM
For tida er han gjesteforskar ved Institutt for menneskerettar i Oslo. Han kjem frå Jiangsu-provinsen i aust, men bur i Beijing, der han er professor ved instituttet for nasjonale studiar ved Kinas Akademi for samfunnsvitskap, 34 år gammal. Ved det same akademiet er Dong Lisheng, som vi intervjua om demokratiseringsprosessen i Kina i Dag og Tid 10. juni.
- Vi har 55 nasjonale minoritetar i Kina. Til saman utgjer dei 100 millionar menneske. Sjølv om det berre er ni prosent av befolkninga, utgjer arealet dei bur på 60 prosent av Kinas territorium, og dei befolkar mesteparten av grenseområda mot andre land. Både økonomisk, kulturelt og strategisk spelar dei difor ei viktig rolle for utviklinga i heile Kina. Under Yuan-dynastiet på 1300-talet vart Kina styrt av mongolane. Under Ching-dynastiet fram til 1911 var det man-folket i det nordaustlege Kina som regjerte. Kina var i viktige periodar altså ikkje underlagt ei sentral regjering, men vart herska over av det som i dag er nasjonale minoritetar, seier Yong Zhou, som har arbeidd med minoritetsspørsmål sidan 1989.
Instituttet han arbeider ved, vart oppretta i 1957, og er det største i sitt slag i Kina.
Forskar i minoritetar
I perioden frå 1956 til 1964 var 2000 minoritetsforskarar i gang med ei undersøking og kartlegging av minoritetane i Kina. Arbeidet vart avbrote av kulturrevolusjonen. Seinare har nokre hundre drive med dette arbeidet. Dei første undersøkingane som vart gjort, har hatt mykje å seie for dei sosiale reformene i Kina.
I 1993 var Zhou i Tibet, ein av dei fem autonome regionane i Kina. Den nasjonale tibetanske minoriteten utgjer 4,5 millionar menneske, som bur i eit stor-Tibet langt utover den autonome regionen Tibet. Halvparten bur innanfor Tibets grenser, den andre halvparten i fire provinsar som grensar opp til Tibet. Ein av dei er Qinghai mot nord, der det nyleg har oppstått strid om busetjinga av 58.000 fattige bønder som styresmaktene ville flytte til meir fruktbare område lenger vest, til protestar frå tibetanarane. Dette førde nyleg til oppstyr rundt eit lån frå Verdsbanken til prosjektet, men lånet vart innvilga før det viktige månadsskiftet etter sterkt press frå Kina, som Verdsbanken frå 1. juli ikkje lenger definerer som eit fattig land.
Sjølv om tibetanarane er den av minoritetane som breier seg over det største landområdet, er han ikkje størst i folketal. Zhuang-folket i det sørlege Kina er på 15,5 millionar menneske, mens Luoba, som er den minste godkjende minoriteten, er på litt over 2000 menneske. Alle minoritetane har ikkje eigne språk. Rundt ti millionar er muslimske minoritetar som snakkar han-kinesisk. Majoriteten av innbyggjarar i landet er han-kinesarar, og altså den 56. og dominerande nasjonaliteten i Kina. Han utgjer 1,1 av dei 1,2 milliardane i dette veldige landet.
- Likevel vart Kina under det 260 år lange Ching-dynastiet som vart avløyst av nasjonalistregjeringa i 1911, styrt av man-minoriteten i det nordaustlege Kina. Det er ein minoritet på ein million menneske, seier Zhou, som legg til at det enno er rundt 750.000 kinesarar som gjer krav på å høyre til enno ikkje godkjende nasjonale minoritetar.
Strategisk viktig
- Det er viktig å ha skikkeleg kunnskap om dei nasjonale minoritetane, av to grunnar. Det eine er den reint vitskaplege, den andre er kva det har så seie for dei politiske realitetane. Mao Zedong sa at det var tre karakteristika ved Kina: eit svært territorium, eit stort folketal, og rikdom på nasjonale ressursar. Men sjølv om han-kinesarane utgjer 91 prosent av befolkninga, bur dei på mindre enn 40 prosent av arealet. Det er minoritetsområda som er store i utstrekning, og dei er også rike på naturressursar. Difor har både den politiske og økonomiske utviklinga i desse områda mykje å seie. Fleire enn 20 av minoritetane bur langs grensene, delvis på begge sider. Dei tre største autonome regionane Tibet, Xinjian Uigur og Indre Mongolia utgjer mestedelen av grenseområda. Difor er dette strategiske spørsmålet også svært sensitivt, seier Zhou, og det på ein heilt annan måte enn
når det gjeld indianarane i Amerika og aboriginane i Australia.
Fram til midt på 1800-talet og opiumskrigen med England vart han-kinesarane angripne av nasjonale minoritetar i nord. Zhou legg ein linjal på kartet mellom nord og sør. Den kinesiske muren er eit resultatet av krigen mellom nord, der mongolane dominerer, og det han-kinesiske sør. Legg du linjalen på skrå mellom nord/vest og sør/aust, går streken mellom dei tre største minoritetsområda (tibetansk, uygur, mongolsk) konsentrert på den eine sida, han-kinesarane på den andre. Han-kinesarane har tradisjonelt vore stadbundne bønder, mens dei store minoritetane er nomadar og krigarfolk.
Mongolia først
- Indre Mongolia vart den første godkjende autonome regionen alt i 1947. Etter at folkerepublikken Kina vart oppretta i 1949, fekk minoritetane for første gong status som nasjonale minoritetar. Før det var det berre fem etniske grupper, med han-kinesarane som ei av dei.
- Dei viktigaste problema no handlar både om autonomi og menneskerettar. Autonomien altså indre sjølvstyre i saker som vedkjem vedkommande minoritet er overordna, og ein føresetnad for verkelege menneskerettar. Den viktigaste veikskapen slik eg ser det, er at det kommunistiske partiet har handsama problema mest gjennom politiske tiltak, utan tilsvarande juridiske åtgjerder som kan sikre dei rettane, seier Zhou.
Rettane til dei nasjonale minoritetane vart slått fast i konstitusjonen av 1954, og seinare fornya. I røynda fungerte dei ikkje frå slutten av femtitalet til slutten av syttitalet, det siste på grunn av kulturrevolusjonen. Den noverande lova om autonomi er frå 1984.
- Lova har sju kapittel med 67 artiklar, men det vantar framleis legale hjelpemiddel som kan syte for at det vert handla i samsvar med lovene. Dette er ein avgjerande veikskap den dag i dag, seier Zhou.
Striden om Tibet
I striden om Tibet er både dei nasjonale spørsmåla og spørsmåla om menneskerettane sette på spissen sidan opprøret i 1959 som førde til at Dalai Lama drog i eksil. Zhou var sjølv i Tibet for å gjere undersøkingar i 1993. Han understrekar at han og kollegaene har som føresetnad at Tibet er ein autonom region i Kina. Det vil ikkje seie at han er nøgd med den politikken regjeringa har ført i regionen.
- Men eg kan ikkje støtte det eksiltibetanske miljøet som gjer krav på lausriving ikkje berre for regionen Tibet, men for stor-Tibet, som er heile området den tibetanske minoriteten er spreidd over. Utanfor Tibet bur dei dessutan i blanda område. Hopehavet mellom Tibet og resten av Kina har vore av vekslande styrke, men under yuan og ching-dynastia, då Kina vart herska over av minoritetar i nord, var det særleg sterke band. Ein del aktive eksiltibetanarar hevdar at dette var eit tilhøve mellom minoritetar, men dei herska over Tibet i kraft av å vere herskarar over Kina. Frå 1911 til 1949 var ikkje banda så tette, men det var på grunn av eit veikt sentralt regime i Kina der krigsherrane hadde stor makt. Slik eg ser, er det ein skilnad på å bruke menneskerettane som lekk i ein politisk strategi for å lausrive Tibet frå Kina, og på å bruke dei til å løyse tilhøvet
mellom den autonome regionen Tibet og den sentrale regjeringa, seier Zhou, som understrekar at også Dalai Lama ser på Tibet som ein del av Kina. Tibetanarane utgjer 97 prosent av befolkninga i Tibet. Påstanden om at det går føre seg ei han-ifisering av Tibet stemmer ikkje, seier Zhou.
Torn i auget
-Tibet har vore ein torn i auget på kommunistpartiet både på grunn av religionen og på grunn av det hierarkiske systemet som herska.
Men den kinesiske konstitusjonen slår også fast at det er religionsfridom i Kina.
All fridom har sine grenser. Når det gjeld kva rettar du har, vil eg dele dei inn i tre:
- Dei rettane du skulle ha.
- Dei rettane du har etter lova.
- Dei rettane du verkeleg har.
Dette er vanskelege avgjerder å ta. Kvar går grensene? Fridom vil også seie ansvar, og styres-maktene må vite kva som skjer. Men når det gjeld Tibet, har det vore gjort feil som også regjeringa innser, men ikkje tar tatt konsekvensane av. Skal det bli ei betring i dette, må ein vedgå at det er gjort feil og be om orsaking for det, seier Zhou.
Han meiner striden rundt den framveksande falungong-rørsla (omtalt i Dag og Tid 3. juni) også vedkjem minoritetane, fordi det som blir definert som religiøs overtru, like ofte kan handle om ulike folkegruppers kulturar.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|