Dag og Tid nr. 27, 8. juli 1999

Herbjørn Sørebø:
Lærarane bør få eit løft

Utanfor yrkesgruppa høyrer vi nå sterke røyster som talar for å gje lærarane eit løft i løn, slik det for nokre år sidan vart gjort for bøndene med Berge Furre som ei drivande kraft i det politiske arbeidet. Det er mange grunnar til ta opp lønsvilkåra for lærarane. Rekrutteringa sviktar så det er krise i somme fag, verst kanskje i realfag. Det blir betalt betre i andre yrke. Låg løn er nok også ei årsak til at rekrutteringa blir skeiv. Læraryrket held nå på å bli eit reint kvinneyrke, iallfall i grunnskolen. I pressa har det komme fram at heile seks prosent av lærarane både i grunnskolen og den vidaregåande skolen er ufaglærte. På mange område kan ufaglærte gjere godt arbeid når det knip, men når det er kunnskap som skal lærast bort, må lærarane ha kunnskapen sjølv.

Det er merkeleg at vi har hamna i den krisa vi nå ser på alle nivå i skolen, for det har vore brei politisk semje om at det må satsast på utdanning i den samfunnsutviklinga vi går inn i. Likevel har Kristin Halvorsen i lang tid vore mest åleine om å løfte fram skolespørsmål i dei politiske ordskifta. Høgre har nå sett kravet om betre løn for lærarane på saks-kartet. Inge Lønning meiner at lønene bør aukast med 50.000 til 100.000 kroner. Til denne talfestinga er det å seie at eit løft for lærarane trengst både fordi denne yrkesgruppa har sakka etter og fordi yrket bør oppvurderast.

Sjølv om eit lønsløft for lærarane er aldri så godt grunngjeve, skal vi ikkje sjå bort frå at det blir møtt med knurring. Det har alltid vore strid om lærarlønene. Eit mykje brukt argument i lønskampen har vore at dei har så kort arbeidstid og lang ferie. I folkehumoren har det vorte sagt at det var lærar om sommaren og bjønn om vinteren ein skulle ha vore. Lærarane har svara med at ungane må få tid til å vere ungar også. Den bitre sanninga om dette er at det vart avgjort med løyvingar både kva løn lærarane skulle ha og kor langt skoleåret skulle vere. Dei som vil lære meir om dette, kan lese om det i referat i protokollane frå kommunestyre og fylkesting. Omsynet til at ungane skulle få tid til å vere ungar var ikkje avgjerande. Så lenge jordbruket var den dominerande næringa, hadde foreldra bruk for ungane  iallfall dei største  i onnearbeidet. Utan maskinar til hjelp trongst det mykje folk til å få avlinga i hus. “Potetferien” var nok ingen ferie for ungane, nei. Det veit dei som er så mykje opp i åra at dei hugsar det. Soldatar som hadde “potetferie” i etterkrigstida tykte også at den nemninga var ein eufemisme, for å seie det akademisk.

Historia viser at skolen ofte har tapt i samfunnskampen. Andre tiltak gav raskare vinst. Er det slik framleis? For ei tid sidan vart skolesjefen i Oslo, Ragnvald Thilesen, tvinga til å gå fordi budsjettet var sprengt med 250 millionar kroner. Dette talet gjekk att i avisene i lang tid, endå tilhøvet var at kommunen skulle ha om lag halvparten av summen tilbake frå staten i samband med inntektsoppgjeret. Den politisk ansvarlege byråden, Grete Horntvedt, fekk mykje juling, men berga seg med å seie seg lei for mangelen på informasjon til bystyret. Politisk var det dermed i orden, men det bør det ikkje vere før bystyret tek inn over seg at skolen har vorte forsømd. I staden for å få sparken burde skolesjefen ha fått Carnegies heltemedalje  han berge helsa til mange elevar ved å få tetta vindauge på ein skole, berre for å ha nemnt det.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |