Dag og Tid nr. 26, 1. juli 1999
Leiar:
Bondeviks ynkelege pip
Det kom ikkje som noka overrasking at ein tyrkisk tryggingsdomstol på tysdag dømde leiaren for det kuardiske kommunistpartiet PKK, Abdullah Öcalan, til døden. Sjølv om det ikkje er sikkert at Öcalan til sjuande og sist blir dømd, viser både rettssaka og handlemåten til andre vestlege land det gjennomgripande hykleriet som styrer vestleg utanrikspolitikk. Parallellane mellom Kosovo og Kurdistan er så mange og så openberre at det skal overveldande politisk opportunisme til for å oversjå dei.
Rett nok vart nyheitssendingane fylte til randa av krokodilletårer etter at dommen vart kjend. Kjell Magne Bondevik reagerte sterkt, og ville ta i bruk diplomatiske og politiske kanalar for å få dødsdommen omgjort. Haakon Blankenborg meinte at regjeringa måtte leggje press på tyrkiske styresmakter. Utanriksminister Knut Vollebæk seier seg lei for dødsdommen.
Og da skulle vel alt liggje til rette for å sende bombefly over Tyrkia, eller?
I tiår etter tiår har tyrkarane, og naboland som deler det kurdiske folket med Tyrkia, drive ein hard og skånsellaus politikk overfor kurdarane, ein politikk som ikkje på noko vis står tilbake for serbisk og jugoslavisk undertrykking av kosovo-albanarane; snarare tvert imot. Mens kosovo-albanarane har hatt høve til å bruke eige språk, gje ut aviser, drive eigne skolar, dyrke eigen kultur, bruke eige flagg, har dei tyrkiske styresmaktene brutalt teke dei same rettane frå kurdarane. Dei har ikkje fått nytta eige språk, dei har ikkje ein gong fått kalle seg kurdarar. Mens kosovo-albanarar har hatt høve til å stille til val på lik line med dei andre etniske grupperingane i Jugoslavia - kosovo-albanarane har sjølve valt å boikotte vala, har tyrkiske styresmakter effektivt knebla dei få stemmene for det kurdiske folket som fanst i det tyrkiske parlamentet. Den kurdiske sivilbefolkninga har lide
like sterkt i kampen mellom den kurdisk geriljaen og den tyrkiske hæren som den kosovo-albanske befolkninga har lide i krigen mellom geriljaen og den jugoslaviske hæren.
Tyrkia kjempar på alle frontar. For UCK-geriljaen mot det som blir kalla jugoslavisk krenking av menneskerettane; mot PKK og for eiga krenking av menneskerettane. Tyrkia står skulder ved skulder med Noreg og dei andre Nato-landa. Er det rart om ein høyrer Bondeviks kritikk mot dødsdommen som eit ynkeleg lite pip?
Audun Skjervøy
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|